Gå til hovedinnhold

Babettes gjestebud - bygda møter fransk gourmet

Når bygda møter det nye, kjem den konservatismen fram. Det blir god humor, eller satire, men mest av alt er det faktisk realiteten som slår oss i ansiktet. 

8.mars dro vi til Dale for å sjå Babettes gjestebud på Ungdomshuset Trudvang.

Babettes gjestebud  av Karen Blixen. Regi: Terje Strømdahl. På bildet: Thea Stabell. Alle foto: Gisle Bjørneby. Stykket går på Nationaltheatret.

Det må eg sei. Det er sjeldan kost med slikt kvalitetsteater på bygda. Før måtte vi nøye oss med Bygstad-revyen, det var liksom bygdenivået og det fekk vi no fint leve med. Elsk din lokalkultur, sjølv om den er så harry at du heller vil sitte på glattcelle enn møte opp. Men no finst her altså både opera på internasjonalt nivå på Åmot operagard og teater på nasjonalt nivå for oss som ikkje set likheitsteikn mellom å bu på bygda og å synge falskt. (Ja, eg har litt fordommar, og dei vert stadig bekrefta, og delvis, som no, avkrefta).


Det er Litteraturmisjonen i Dale ein kan takke for at Babettes gjestebud kom til Sunnfjord. Da dei, utan forvarsel, sende meg programmet sitt i posten, og eg noko skeptisk las tittelen "Litteraturmisjonen" tenkte eg: Er det eit forlag som gir ut misjonsbøker?. Eller kanskje nokon som vil frelse meg. Her er trass alt ein del Indremisjon i området, og ein veit aldri kva dei finn på når dei ikkje går i demonstrasjonstog mot ekteskapslova eller finn på andre sprell. Men neida, eller joda, frelse meg ville jo Litteraturmisjonen gjerne gjere, men då med teater og litteratur. God bless. Her finst altså likesinna. Ein må berre  få eit brev frå dei i posten for å få auga opp her ein sit nedsylta i eigne manus og trur ein er einaste i distriktet som ikkje liker lokalrevy (eg veit vi er mange, men for det retoriske poenget sin del).

Babettes gjestebud, handlar, i korte trekk om to døtre av ein prost og emissær som levde i Balsfjord sist på attenhundretalet. Medan døtrene var 17-18 år gamle kom to franskmenn til Balsfjord, og begge vart dei betatt, eller rettare sagt besatt, av den yngste, som også hadde ei svært vakker songstemme. Mange år seinare bankar den franske kvinna Babette på dei to ugifte døtrenes dør, og hos dei vert ho verande i mange år, før ho ein dag vinn 10 000 franc i det franske lotteriet. Då framfører ho eit ønske for søstrene. Ho ville lage ein fransk middag for dei og deira trauste omgangskrets av frelste og halvsenile gamlingar. Vi kan også omtale dei som den avdøde prosten sine disiplar, eller menighet. Dei to halvgamle, ugifte prostedøtrene vert sjølvsagt svært skeptiske, dei har jo aldri smakt fransk mat før, og går ei nervøs tid i møte medan stadige forsyningar ankjem Balsfjord frå Paris. Kvardagen kjem heilt ut av balanse, som seg hør og bør når to gamle jomfruer på bygda får ei skilpadde levert på døra. Skilpadda er attpåtil levert i trillebår av ein gut med rødt hår som jobbar på ein båt. Gud betre, ikkje rart ein vert stressa.

Dagen for gjestebodet kjem, og med stor skepsis, som seg hør og bør, fransk middag har dei trass alt ikkje ete før, sette gamlingane og døtrene seg til bords. Dei fekk servert vin, noko dei aldri før hadde smakt, og rettar dei ikkje skjønte namnet på. Farlig, farlig, alt nytt kan jo potensielt drepe deg, og dei mistenkte då også at Babette ville prøve å forgifte dei med maten. Forventar ein det verste, vert ein i det minste ikkje skuffa. Dei skjønar naturleg nok ikkje kva kvalitetsprodukt dei vert servert då deira referansepunkt er havrelefser og lutefisk. Du forstår som kjent ikkje at du drikk ein dyr, fin rødvin, om du er van med papp og cider. Like fullt stolar gamlingane og søstrene på sine eigne, svært snevre, referansar. Det er fantastisk lattervekkande, og utruleg virkelighetsnært. Dei takkar for god mat, men er ikkje klar over at dei har blitt servert eit måltid av Paris beste kokke ved Paris dyraste og mest eksklusive restaurant. Slik går det når ein går heime og stullar heile livet. Spot on.

Det er fascinerande korleis møtet med noko framand, ein innflyttar eller ein ny kultur på ein svært effektiv måte får lokale, lat oss kalle det, smalsyn, fram i lyset. Vi ser det i Babettes gjestebud, vi såg det på SoF Teaters oppsetting av My Fair Lady goes Sogn og Fjordane (les min omtale av stykket). Når bygda møter det nye, kjem den konservatismen fram. Det blir god humor, eller satire, men mest av alt er det faktisk realiteten som slår oss i ansiktet. Og ingen stad kjem dette møtet med det nye betre fram enn på teater, i film eller i litteraturen. Babettes gjestebud er smekk full av komikk, og komikken vert skapt i møtet mellom det nye, eksterne, eksotiske, og dei to søstrenes angst for det ukjende. Når ein då får smaken på, eller ser, det verkeleg gode, klarer ein ikkje bedømme det med anna enn "gud betre", og så bli stressa og nervøs, eventuelt ta total avstand. Nei ditta hakje vi sitt før så då e da sikkert satans verk. Omtrent slik reagerte dei, og omtrent slik reagerer mange også i virkeligheten.

Den kjem også fram i møtet mellom dei lokales og Babettes fantastiske mat. Dei gamle, frelste sjelene maktar ikkje sette ein verdi på kvalitet, fordi dei er ikkje vane med det. Dei ser ikkje gullet, fordi dei er vane med koppar. Det skal som kjent kompetent vurdering til for å vurdere ein annans kompetanse.

Likevel vel Babette å servere dei ypparste kvalitetsmat. Ho forventar ikkje at dei skal forstå kva det er dei får servert. Ho gjer det for seg sjølv, ikkje for dei. Heldigvis. Å kaste perler for svin er som kjent dårleg bissniss med mindre ein har personleg moro av det.

Forma på stykket er ein slags monolog framført av Thea Stabell. Det er som ei levande lydbok, på eit vis, men med skodespelarens uttrykk, stemme og kroppsspråk. Einaste rekvisittar på scena er to krakkar, eit stearinlys og nokre ark, eller eit brev. Lyset blir også nytta til å illustrere skifte i setting, scener eller stemningar. Vendepunktet i handlinga kjem når Babette ønsker å invitere til gjestebod. Brått står søstrene fram i eit nytt lys, frå fromme og snille menneske som tek seg av fattige, til fordommsfulle, eller kanskje, engstelege i møte med det nye: Babettes måltid.

Dei ser henne nesten som ei heks der ho står på kjøkkenet og kokar med grytene sine, og guten frå båten er hennar hjelpesvein. Dei framstår etterkvart ein smule patetiske, og dette vert godt illustrert når Thea Stabell via stemmebruk og kroppsspråk framhevar komikken i søstrenes reaksjonar på nye, og uvante ting. Salen skrattar godt.

Etter at stykker var over, vart det servert skilpaddesuppe i Jakob Sande-løa. Den smakte fortreffeleg. I tillegg klarte underteikna å drikke ei flaske Svart hav, eller Kinn-øl. Det kan trygt anbefalast. Og underteikna blir dessutan svært så glad når ho oppdagar slike ting som Litteraturmisjonen her lokalt. Kulturgourmet, ja takk. Publikum er her, og dette vil vi ha meir av. Det einaste eg saknar er meir yngre folk blant publikum. Kvar er dei henne? Her var ein del, men der kunne vore langt fleire.

Om du vil vite meir om Litteraturmisjonen og deira program, kan du følge dei på Facebook.
Googlar du Litteraturmisjonen kjem du nemleg, ganske riktig, til ei side for trykking av biblar.

Babettes gjestebud  av Karen Blixen. Regi: Terje Strømdahl. På bildet: Thea Stabell. Alle foto av Thea Stabell: Gisle Bjørneby. 

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys