Gå til hovedinnhold

Innlegg

Eit svingslag mot anonyme suckers der ute i det offentlige rom.

Er Anne Viken ein god skribent, er tema som blir tatt opp (kun i ein setning, men likevel, eg tek tak i det og riv det ut av dimensjoner her på bloggen) under saken på NRK. Funny. Eg rister like masse på hovudet kvar gong folk, utan å ha lese det eg skriv, uttaler seg, i kommentarfeltet, om meg og ikkje om saka. Atter ein gong seier eg som eg sa til NRK: folk er kikkere. Dei er ofte meir interesserte i person enn i sak, og nett difor er personlige bloggar samla på ein bloggportal eit godt grep. Og nei, det har aldri blitt gjort før på vegne av Sogn og Fjordane. Ei retting til saken på NRK er at eg har fleire treff på min blogg på ei veke , enn Framtidsfylket har besøkande på sine messer på eit år. Har sagt frå til NRK så eg håper dei fikser det. Men vidare til den lusne kommentarfeltdebatten, (generelt - no snakkar eg ikkje om felta under NRK-saken som faktisk ikkje var det verste, sjølv om det var intetsigande) der alle som ikkje kan å skrive, eller kjem til orde, deltek. Det er ei k...

Les Klassekampen 20.mai,

Mange hovud tenker bra ilag om Sogn og Fjordanes image

No har eg vore på NRK og debattert med Arvid Andenæs. Det var konstruktivt, synest eg. No sit det sikkert mange der ute i det ganske land og tenker sitt om debatten, som alltid. (Eit essay i Syn og Segn, sjå lenger nede i bloggen). Det som er litt interessant i denne samanheng, er at dette essayet er eit prosjekt eg har fått svært mange innspel til undervegs. Blant anna frå lokale bloggarar i og utanfor (men med tilknytning til) Sogn og Fjordane, samt lokalpolitikarar og forskarar i fjordfylket. Dei har alle lese essayet før det gjekk i trykken og har kome med innspel og tilrop, og det vi alle konkluderte med før det vart sendt til trykkeriet var dette: vi var enige om at dette var konstruktive tankar. Og slik er det ofte når eg jobbar med tekstar: eg ber om innspel, ris og ros. For berre då kan eit produkt bli bra. Difor meiner vi at dette innspelet, i form av essayet i Syn og Segn, som de vil kunne lese ein kortversjon av imorgondagens Bergens Tidende og Klassekampen, er eit innspel ...

"Framtidsfylket"

From Anne Viken Media From sogn og fjordane Trur ein virkelig på det ein sjølv seier når ein omtalar Sogn og Fjordane som "Framtidsfylket"? From sogn og fjordane Les siste utgave av Syn og Segn , samt Klassekampen og Bergens Tidende onsdag. Hør også på NRK Sogn og Fjordane tirsag 19.mai klokka 08.45.

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb...

Fredagsfilosofering frå stresslessen på løkka

"The scientific evidence is quite clear about the environmental dangers of continuing to focus on the values and goals so prominent in today’s hyperkinetic, consumeristic, profit-driven culture. A growing body of research shows that the more people value money, image, status, and personal achievement, the less they care about other living species and the less likely they are to recycle, to turn off lights in unused rooms, and to walk or bicycle to work." Sitatet er henta frå World Watch Institute-artikkelen Shifting Values in Response to Climate Change . Påstanden er at jo mindre folk jobbar, jo lykkeligare og meir fornøgde er dei, og jo mindre konsumerer dei. Jo mindre opptatt dei er av penger, jo meir opptatt av egenutvikling er dei og jo mindre konsumerar dei. Og jo færre timar jobbar dei per veke. Dette høyrest egentlig ganske fint ut. Eg for min del føler eg lever eit heseblesande fryktelig travelt liv der ein springer frå møte til debatt til jobb til praksis til epost t...