Gå til hovedinnhold

Innlegg

Drømmefakultetet og SCUM av Valerie Solanas

Eg les i desse dagar Drømmefakultetet av Sara Stridsberg. Denne boka er svært fasinerande. Den vekslar mellom Valerie Solanas oppvekst saman med mora Dorothy i ørkenbyen, der mora syklar til og frå huset med Valerie på bagasjebrettet og postar rosa brev til menn ho har fornærma, eller menn ho har blitt dumpa av. Dei syklar som vindar gjennom ørkenen, Valerie samlar døde ørkendyr i bakgarden, og mora stjel vesker på puben ho jobbar på og blir banka av den nye gubben når far til Valerie stikk av. Det er vanskelig å yte denne boka rettferdighet i ein omtale. Språket er heilt eksplosivt og det held det gåande side opp og side ned, utan å gi seg ein pause. Valerie rømmer heimefra og bur på stranda ilag med Silkegutt som samlar på døde sjøhestar, ho sel kroppen sin og går på stoff, ho begynner på universitetet, blir phd-student i psykologi, droppar ut, skriv SCUM - Society for Cutting up Men , og skyt popkunstnaren Andy Warhol. Storyen vekslar mellom Valerie sin oppvekst, opphaldet på menta...

The Hungry Hearts - Sequence One

The Hungry Hearts - Sequence One from Joern Anthonisen on Vimeo . [First sequence from the performance band The Hungry Hearts] The Hungry Hearts consists of six members and is an art project in the extended field including music, performance, video, text and photography. The members has alter egos where Kristi Brud, Rosita Lonelyheart, Anatolah-Twins, Betty Ballbreaker and The Pantyhose Lady is the most aktive. Tekst: GaliBlog

Ingrid Heggø (Ap) si heilomvending: i 2007 var ho MOT øko kompensasjon for unge, i år er ho for og får mot seg same retorikk som ho sjølv nytta i 2007

Er det noko Sogn og Fjordane ikkje treng no, så er det å spreia eit inntrykk av at me ikkje maktar å stå på eigne bein – at me er avhengige av eigne tiltakspakker for å overleva, skriv Jan Inge Fardal på leiarplass i Sogn Avis denne veka. Og vidare: "Det kan godt vera at intensjonen og meininga bak var den aller beste, likevel – Ingrid Heggø og Arbeiderpartiet sitt forslag om ei eiga tiltakspakke for Sogn og Fjordane på linje med pakkene til Finnmark og Nord-Troms er elendig. Ja, det er verre enn det, eit slikt forslag er med på å stakkarsleggjera dette fylket. " Og eg kunne vel ikkje ha vore meir einig: I 2007 skreiv eg noko av det same i innlegget " Og ut av gasståka kom børsen" som stod på trykk i Firda 9.oktober. Den gongen var det lokalvalg, og Trude Brosvik (Krf), ordførar i den Vest Tank-ramma kommunen Gulen, fremma forslag om økonomisk kompensasjon til unge som flytta til distriktet. Formelig ei undergangserklæring. For kven vil vere med på ei skute som synk...

Navarsetes «gammel gubbe-retorikk»

Først serverte Senterpartiet oss breibandsbløffen. No bløffar partiet om at dei ønsker å «ta heile landet i bruk», «ta enkeltmennesket på alvor» og «sleppe det private initiativet til». Den må dei lenger ut på landet med. (leserbrev i avisa Firda) «Eg drøymer om grøne arbeidsplassar, bygd på fornybare naturressursar, fiberbreiband til alle og moderne vegar og jernbane samt utvikling av kunnskaps- og kompetansearbeidsplassar i heile landet,» seier Liv Signe Navarsete på Senterpartiet si nettside. Spørsmålet eg stiller meg, er om Navarsete kjem til å oppfylle ein einaste av draumane sine, eller om dei kjem til å forbli ein draum. Frå nordområdene kjem det klager på manglande oppfølging av den legendariske Nordområdestrategien, lansert som sittande regjerings viktigaste utenrikspolitiske satsing. I nord treng dei vegar til transport, men i første omgang befinn desse vegane seg i ein draum, eller i ei snakkeboble. Dei finst ikkje i virkeligheten. Breibandsbløffen Og vi kan kanskje vere gla...

Økologisk merkevarebløff?

Trykk på biletet og kommentaren blir stor og leselig. Det er umulig å påvise at der er mindre utslepp frå kortreist og økologisk mat, versus konvensjonell og langreist. (Denne kommentaren stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 5.september 2009) Marknaden for økologisk mat er nær dobla sidan 2006. ” Dette representerer ein marknad vi i størst mulig grad må fylle med norske produkt. Økologisk mat skal vere ei inntektskilde for norske bønder ” , sa statssektretær i Landbruks- og matdepartementet, Ola T Heggem (Sp) på landsmøtet til norsk sau og geit. Innovasjon Norge reiser ikkje rundt og skryt av alle dei store industrifjøsa dei gir økonomisk støtte til, men av dei små gardsmeieria som sel kuriøs ost som fortel oss den snille historia om livet på landet som vi liker å høyre. Den om bonden med tre kyr og helst ein hest på stallen. Framstillinga av den norske bygda får vi gjennom Aftenpostens LEVE magasin der folk flyttar frå byen til bygda for å realisere seg sjølv blant økolo...

Hore og madonna

Svarte tomrom i kvinners liv, enkle menn og danna middelklasseseksualitet. Derfor ender den store kjærligheten alltid ulykkelig. Vigdis Hjorth er femti år i år, og det passar i den forbindelse å publisere eit portrettintervju av denne ein av mine favorittforfattarar. Dette intervjuet vart første gong publisert i Fett i 2007. Tekst: AnneV Nesøya om våren. Store hus, badestrand, hvite hus, fine biler, rødt hus med nummerskiltet på skeive, maling flasser av, morkne planker, diger hund hopper ut døra, Vigdis Hjorth på trammen, busker og trær. - Jeg har latt meg stæsje av Henne et par ganger. Det var katastrofalt. Fikk på rød kjole og skulle se sånn nakent inn i kamera. Da begynte jeg å vise fingeren, fikk tyn og ble kalt horebabeforfatterdame i avisene etterpå. Pulverkaffe, kartongvin. Bordet vagler foran bålet i peisen. Kaffe med melk over hele bordet. Tar du en brå bevegelse faller en vegg ned, sier hun. Tar du en kopp kaffe, holder bordet på å velte. På gulvet ligger en velta hund. H...

Navarsetes personlige vendettaer mot "gretne gamle gubbar" som meiner det er for mange "bondepolitikarar på tinget".

Forskar Georg Arnestad sa nyleg til Firda at Sogn og Fjordane taper i høve til nabofylka på Vestlandet, fordi dei har for mange bondepolitikarar som er opptekne av livet på landsbygda. Akkurat dette kan han nok ha rett i, eller urett i, ein politikar på tinget er trass alt valgt inn på vegne av det fylket han representerer og i så måte er det jo litt deira jobb å vere bondepolitikarar sidan fjordfylket inneheld ein haug med bønder, men næringslivet er nok uansett det som kjem til å bere fylket i åra framover når melketankane ein etter ein synk i Sognefjorden, men det som er mest hårreisande med saka, er ikkje dei synkande bondepolitikarane, men måten Liv Signe Navarsete (Sp) svarar Arnestad på. For kjem du frå Sogn og Fjordane må du forhalde deg til ei viss oppskrift, og du må vere pro bygda, uansett kva som foregår der. Ellers er du ein "gretten gammal gubbe", slik Liv Signe Navarsete presterer å sei til Firda og NRK . (Sjekk ut kommentarfelta under sakene, der kjem det fra...