Eg tenke, nokre dagar på etterskot, at Siv Jensen sitt angrep på Lars Sponheim (V) fordi han liksom føkker opp for eit borgarleg fleirtal, bør han ta som eit kompliment. Det må stå som ein siste gest til galningen Sponheim, at det var godt at han ikkje ga seg, og at han sa nei til Frp fram til siste slutt. Så får han heller få dask på lanken av Siv. bla bla bla Spørsmålet er vel heller om ein bør samarbeide med Frp, om ein i det heile tatt treng partiet Venstre. Dette spørsmålet har eg stilt meg i ei årrekke, og spørsmålet er aktuelt igjen. Kva skal vi med partiet Venstre? Dei er jo berre ein slags funny miks av ting og påstander som ikkje treng eit eige parti, men som vert dekka inn av andre. Krf kan eg forstå, Ap må vi sjølvsagt ha, Rødt er fint å ha i opposisjon så vi får litt bråk og leven frå utsida. Dei gjer seg betre i opposisjon enn i posisjon, all den tid dei i posisjon hadde blitt kverna inn i stortingskverna medan dei utanfrå kan stå tydelig fram. Mulig at også SV burde ut a...