Gå til hovedinnhold

Innlegg

Økologisk må bli økologisk

leserbrev trykt i Klassekampen 23.september 2009 som svar på to motinnlegg mot min kommentar Økologisk merkevarebløff i same avis 5.september. Eg er pro økolandbruk, men ikkje pro eit økolandbruk som framstiller seg som meir økologisk enn kva det er. Årsaka er at ein då lurer forbrukaren til å tru at han kjøper eit produkt som bidreg positivt til miljøet, medan dette ikkje nødvendigvis er realiteten. Ein er fornøgd og let vere å stille krav om reelle økologiske produkt. På denne måten blir økomat kontraproduktiv: ein trur at den har ein effekt som ikkje er der og forbrukaren blir ein passiv konsument av ei merkevare som er godt meint men som ikkje er særlig effektfull med tanke på målet. Krava til kva som kan kallast økologisk er kort sagt for slakke. "Ønsker vi å prioritere bærekraftighet framfor kortsiktighet, representerer økologisk matproduksjon et steg i riktig retning", skriv Christian Bianchi Strømme på lesarbrevplass i Klassekampen. Ja, dette er eg einig i. Probleme...

Fryktar at kanin kan hoppe på elva,

melder Firda. Ein liten lysebrun kanin har i fleire dagar halde Førde sentrum i spenning. Folk vågar ikkje lenger gå ut i frykt for kaninen. Dyrebeskyttelsen har lagt ut fleire handgranatar på strategiske stadar, men så langt har dei ikkje lukkast å få has på kaninbeistet, melder Firda.

Glitterfeminisme

Anne Viken anmelder boka Glitterfitter, og samtaler med programleder Sigrid Krohn Eide om sommerens feminismedebatt på radio rakel fm 99,3. Høyr anmeldelsen her.

kvinner og menn og kjærlighet

Tilby tilbakeflyttarar jobb før de set i gang krisetiltak, Sogn og Fjordane

1) Sogn og Fjordane tilbyr tilbakeflyttarar deltidsjobbar og brøkstillingar. Dette er ikkje godt nok, skriv Firda. Ergo kjem ikkje folk heim. 2) Ei anna sak omtaler heile 130 søkarar på ni fulltidsstillingar ved eit avlastningssenter som skal opnast i Eikefjorden. Konklusjon: Det er ikkje mangel på folk som ønsker seg arbeid. Å skaffe seg arbeid derimot, er ikkje gjort i ei handvending. Problemet er ikkje at folk ikkje vil ha jobb, men at der ikkje ER jobbar. MEN. Det ein tenker på er, heller enn å mekke jobbar, KRISETILTAK: Arbeidarpartiet meiner derfor at ein no må vurdere om unge som vil flytte til Sogn og Fjordane skal få omgjort studielån til stipend, og at landbruket skal få særordningar slik som i Nord-Norge. Det seier stortingskandidat for AP, Ingrid Heggø. Men seriøst. Begynn i riktig ende: skaff folk mulighet til å få seg ein jobb før de tilbyr dei nedbetaling av studielånet. Dei flest mennesker med høgare utdanning maktar å betale ned studielånet. Utfordringa er å skaffe se...

Den staden du er fødd på, er brent fast i panna di

P says: Var no ein kompis av meg som jobba i riksrevisjonen som sa atte han kjente ein møring som hadde budd 50 år i bærum, men likevel spurde folk han om han skulle "heim til jul". Ein dag hadde han klikka når han fikk spørsmålet og sagt "no må det faen meg være nok, eg har budd her i 50 år og dittahære e no for faen meg heim for meg". Det e jo eit merkelig og interessant fenomen, korleis den staden du kjem frå er brent fast i panna di. I say: I say: hahaha, eg veit. P says: Atte heimplassen skal sviast fast i panna liksom. I say: Ja, eg veit. Slik er det. Du ER frå Sogn og Fjordane, skriv nynorsk for svarte faen i helvete. Eg tenker, at når eg sleppe mi første bok, og den er på rykande bokmål - noko den faktisk er - kjem det første spørsmålet til å vere: kvifor skriv du ikkje nynorsk? ...... herregud ass. Språket er for meg eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. P says: Eg e so glad når eg e i utlandet og blir presentert som PP frå Oslo, det lika eg. I say: Vi ...

Toleranse er farlig - eg er intolerant

Vi har alt toleranse for ei lang rekke vulgærperverse aviskommentatorar, for ei presse som plager deg med sitt låge nivå og no også spinn ville politikere til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til steinalderen. Det heile er ei megasuppe, og Oslo ein andedam som ikkje forstår at mesteparten av landets folk lever andre stader. Skal vi tolerere dette, og desse stemmene som eig landet og den offentlige debatten? Tja. Skal vi tolerere floden av navlelo i det offentlige rom? Toleranse og humanisme fører ikke til en bedre verden, men er tvert imot farlige krefter fordi de glatter over konfliktene i samfunnet, sier filosofen Slavoj Žižek i dagens Klassekampen. Dette kan vere sant. Personlig dersom du tolererer kjipe mennesker rundt deg. For samfunnet om du skal vise takhøgde for alt og alle. Problemet er vel å trekke opp kvar grensa skal gå. Selvfølgelig. No har Nina Karin Monsen anmeldt staten pga ekteskapslova. Ho meiner det har gått for langt, at det er høgre mot venstre og ...