Gå til hovedinnhold

Innlegg

Politikkens medialisering/ Politikk på norsk er open for intervensjon

Ein sjølvbevisst politisk journalistikk som er prega av - eit kritisk oppdrag - intervernerande logikk: altså når journalistene ikke bare vil avsløre det som har skjedd eller er i ferd med å skje, men faktisk bidrar til at ting skjer gjennom nyhetene de produserer. På den måten legger journalistene premissene for det som blir tatt opp i de politiske organene. Politikerne blir presset til å snakke om det journalistene ønsker å fokusere på. (Kilde). - vilje til å prege og skape dominoeffekt - ein journalistikk i forkant av politikkens eigne kanalar - personlig og kjendisbasert journalistikk - eit omfattande dommarpanel vurderer skikk og bruk, moral og umoral, feilskjær og formkurver blant politikarane. Denne punktlista stammar frå Kjersti Thorbjørnsrud , forskar ved Institutt for medier og kommunikasjon ved UiO, innleiar på Frokost med Bernt idag: Politikkens medialisering. "En viktig forutsetning for Thorbjørnsruds arbeid er at journalister har endret sin rolleforståelse betraktel...

Kvinner og slikt

Her fann eg eit innhogg i Sogn Avis av Georg Arnestad. Han skriv om skarpe kvinnelige skribentar. Og så googla eg Randi Førsund i jakta på innhogget som har stått på trykk i Sogn Avis , og som var sitert i gårsdagens Firda. I sitatet skriv ho: Eg lurer litt på kva det er slags årsaker som fører til at Førsund generaliserar så veldig om kvinner? Er det sant det ho skriv? Eg er ikkje sikker.

Også guds ord må vinklast journalistisk. Journalisten: frå vakthund til jakthund? Og når handverk visstnok blir hærverk.

Avpartifisering av pressa, sa professor ved UiB, Martin Eide , har gitt journalistane meir makt. Vi har deretter fått ei reideologisering med bedriftsøkonomi og journalisme som idelogi, og journalistikk som ideologi er ein miks av populisme (publikumssmiger og folkelig engasjement) og elitisme (det er når VI tar saken at det skjer noko): journalisten står mellom makta og folket klar til å kjempe for folket. I ein journalists bilde består verda av a) kilder, b) publikum og c) journalistar. I dag tidlig var vi på Frokost med Bernt igjen. Tema var Journalisten: fra vakthund til jakthund? Innleder var Martin Eide. Han heldt ei lang tirade om kor lukt til helvete alt går som ei følge av oss dumme journalistbeist, og eg vart litt småsamper der eg sat på bakerste benk omgitt av journalistkryp og redaktørar. Potensielt burde eg syns det var litt småfunny å høyre denne duden bølle med faget mitt, men eg blir faktisk litt lei til tider. Greit nok. No skal ikkje eg komme her å sei at eg aldri k...

Økobløffen del tre: plankehauger kan også tenke

Eg skal innrømme eg synest det er fasinerande å bli omtalt i Klassekampen som ein spion frå bygda som argumenterer som ein lettantennelig plankehaug med skjult agenda. Eg skal også innrøømme at eg la hodet bakover og lo høgt då eg las lesarbrevet. Herregud og buddah. Kva blir det neste. Han fyren skulle hatt ein premie, tenkte eg. Vekas premie for lattervekkande lesarbrev går herved til stipendiat Svein Anders Noer Lie ved Universitetet i Tromsø. Eg lo så eg velta då eg las dette lesarbrevet, Noer Lie. Det er ikkje ofte eg ler så godt av eit lesarbrev, og sidan debatten er avslutta i Klassekampen - går eg gjennom lesarbrevet ditt her på bloggen. Vi går rett på sak. "Økomat er for Oslo 3", påstås det i lesarbrevet. Så kva med oss på Ring to? Kan ikkje vi få litt økomat vi også? Her eg sit i hipsterkåken min på løkka og drikk rådyr rødvin med beina på bordet meiner eg absolutt litt økomat hadde matcha habitten. Eller hur? Vidare! "Etter å ha fulgt og delvis deltatt i en de...

Morgenbladets tøffelhelter rider igjen

Hadde ikkje tenkt å nevne denne saken, men ålreit. Er virkelig ikkje imponert over Simen Sætre som makta å få Aslak Nore til å klabb til seg på Litteraturhuset. I dag beklager Sætre seg i ein funny kronikk i Blabladet. Har egentlig ingenting anna å sei enn og kommentere saken med Ukas Gift. H ar frå sikre kilder at denne beskrivelsen er treffande: "Vi ble kvalme av småligheten din. Vi vred oss i smerte av den påtatte tøffheten. Du hadde satt opp en disposisjon og behandlet en debatt som noe tekstlig hvor du skulle ha fortellerstemmen, koste hva det koste ville." Og vi skrur med magisk energi saken i ein ny retning: Det er på tide med eit supplement til Morgenbladet. Vi er ein del folk som har spurt oss kvar det gjekk gale? Korleis endte vi opp med å ha Morgenbladet som landets ledande intellektuelle avis? Vi har enda ikkje funne svaret. Men noko er gale. Riv ruskande gale i norsk medieoffentlighet. RIP Sætre.