Gå til hovedinnhold

Innlegg

XXX

Lei av samtidsforfattarar som held på å stryke med der dei sit og gneg på sine eigne knokar i desperasjon over stoffmangel? Treng du lesestoff, har du behov for noko å fyre i omnen med? Har du lyst til å lese tekstar som på førehand er omtalt slik: "i love it! fuck the world & superlol @ the establishment, i'll twitter your ass and your facebookmsnweb2.0-cousins and siblings, this is the new loud, jeg mener det!" Du treng ikkje vente lenge. Min boksingle på Flamme forlag kjem ut i april. .

Distriktssenteret har dokumentert at vi treng breiband på bygda

Spørsmål: blir det neste prosjektet deira å dokumentere at folk treng oksygen på bygda? Er dei sprø? Eventuelt: slit Distriktssenteret med kompetansemangel som eit resultat av at folk ikkje vil flytte ut av byen? Det kan sjå ut når det er slike rapportar som dette dei presterer å legge fram. Kreativiteten er iallefall på bånn. Dette understrekar behovet for at høgt utdanna flyttar ut av byen. Distriktssenteret skrik etter kompetanse!! Rapporten kan du lese her. Ein kan stille spørsmål ved om den blei bestilt fordi Distrikssenteret seint på året i 2009 fann ut at dei hadde att litt pengar dei måtte bruke opp. Dette er inga ukjent problemstilling, men det er sjeldan like tydelig som i denne saka. .

Skal eg gidde skrive nynorsk på jobb som journalist?

TJA. Eg er ikkje sikker. Det er så kranglete å sitte og slite med dette rotete språket når ein jobbar under tidspress. Gi meg god tid, og nynorsk er ok. Det må vere svært vanskelig for folk å skrive nynorsk når ikkje ein gong vi som skriv mykje, orkar dette språket. Jamfør forfattar Brynjulf Jung Tjønn som forlot språket etter å ha gitt ut to bøker og slost seg gjennom to rundar med nynorsk korrektur. Les Jung Tjønns Farvel til nynorsken i Aftenposten. No skriv han bokmål i NRK. Mitt bokprosjekt er på reinspikka bokmål. Eg gidd ikkje eingong tenke på alle orda eg måtte ha tatt ut, alle omskrivingane, alle forboda, alle dei forkrøpla gamle orda eg måtte ha nytta i mitt bokmanus. Difor valgte eg bokmål. Det var vi alle einige i. Trur forlaget var like glade. Men slik er det. Nynorsk er ikkje levedyktig med mindre noko graverande blir gjort. Det er mange ein kjenner som forsøker seg på nynorsk, men desse skriv eit musealt og dårlig språk. Kvifor ikkje ha eit språk som vi som brukar språk...

Kjønnsforskarane treng akutt hjelp med si mediehandtering #hjernevask

Frå arkivet på pcen. Hjernevask er eit slags skule-tv for kjønnsforskarar. Det har oppstått i eit vakuum i kultur-Oslo. Det vi er vitne til på skjermen, er eit slags gjengoppgjer pro og kontro-biologiens betydning. Der nokre få kulturkjemparar har teke på seg jobben med å bekjempe eit slags skadedyr, kjønnsforskarane, som vi etterkvart er mange som har sett oss grundig leie på. Gong på gong framstår dei som arrogante debatthindrarar, som eit lukka miljø som mest av alt framstår som reinspikke underhaldning, som ein av landets leiandre redaktørar sa til meg på ein viss hagefest i 2009. Deira seriøsitet er synkande. Deira arroganse enorm. Likevel er dei synlige i media. Og kvifor er det slik? Fordi vi er opptatt av sex og sånn. Kjønnsforskning er eit tabloid tema, diverre fronta med skinnheilag arroganse og sanningsmonopol. Kjønnsforskning har eit demokratisk problem. Det dei driv med er ikkje truverdig grunna måten dei framstår på. Eg har lyst å bruke ordet pseudovitskap,...

Tipselogikk

når eg ber folk utdjupe tips, får eg tidvis ei lekse om "at media forstår ingenting" pluss eit tips. Eg tar det som eit kompliment at dei då tipsar meg. Når ein så let vere å skrive om saka, fordi det ikkje er ei god sak, får dei rett i at sin påstand om at "media forstår ingenting". Denne gongen er eg inkludert . .