Gå til hovedinnhold

Innlegg

Nokre folk på nettforum skulle vore beskytta frå seg sjølv

Eg legg ut nokre private epostar eg får i forbindelse med Tine-debatten frå bonde Bergljot Buåsdal Hesvik. Sjå denne bloggposten for å sjå dei føregåande kommentarane. "viss eg har vore stygg i kjeften, så har eg tydelegvis “rørt noko ved deg”, men du har fått svar som du har gått fram sjølv, så enkelt er det! …flir…" "ein kvann som må vera gal…..huttetu….søk hjelp!" Berre til orientering. Slik opptrer altså denne bondekona når ho skal forsvare merkevara norsk landbruk. Det er dessverre ikkje mykje å respektere, men slik går det i demokratisk debatt: når alle som vil kan kome til orde. .

Vittige sitater frå nettdebatten om TINEs kampanje

Om talemåtar i debattforum på nettet. «Tullførkje kaller me sånne som Anne her i bygden. Har rota seg opp i et hjørne i kritikk og uppgulp og annet elende.» Oddgeir Grytdal, Nationens nettforum. Det er til tider svært underhaldande å delta i nettdebattar. Der finst ingen etikette, personangrep er ofte beste forsvar og til tider glir det ut i det utruligaste. Eg brøler tidvis av latter, tidvis ristar eg på hovudet. Det eg synst er underlig, er at ein trur at slike komiske kommentarer som dette bit på. Det er jo berre skrekkelig vittig! «eg registrerer at FRK. VIKEN (Anne Viken, journ.anm.) er ute med sine obsternasiske ord og vendingar – igjen…du er ei ungjente i høve meg, men fullt så gammal er eg no ikkje ennå, og tek dette med eit flir, men eg tykkjer det er synd på deg. No har du gått langt over den seriøse debattforumet dette kunne blitt, men hald fram du i din “frodige” stil ..eit råd til dykk andre, dette er ikkje verdigt for næringa eller bønder generelt, sandt og sei så vert de...

Kronikk i dagens BT om den store Tine-bløffen

På mjølkekartongar, ironisk nok under ein illustrasjon kalla «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar Tine at alle dei 242. 000 kyrne som mjølkar for Tine har rett til minst åtte veker sommarferie kvart år. Dette høyrest flott ut. Det er berre eitt problem: Påstanden om at alle Tines kyr har rett til åtte vekers sommarferie, er ikkje sann, og det er svært lett å tilbakevise. Eventuelt er det ein faktafeil som skuldast grov kunnskapsmangel hos den som har utforma reklamen. Les den her. .

Anne Viken bur i OSLO!!

Sidan eg begynte å skrive om norske utkantstrøk, eg kjem frå eit sjølv: BYGSTAD i Sogn og Fjordane, har den tyngste argumentasjonen MOT MIN ARGUMENTASJON vore dette Anne Viken bur i OSLO!!! Ja, for ein FORBRYTELSE det er å flytte til OSLO! Ingen av dei pappskallane som hevdar dette, har tenkt på det faktum at eg flytta til Oslo for å ta ein utdannelse, VETERINÆR, som ikkje går an å ta andre stadar i landet enn i OSLO. Ja, Anne Viken bur i Oslo for å ta forbryterske studier. Gud forby. Idiotien i argumentet slår seg sjølv i skallen. I kveld er det debatt på Litteraturhuset i Oslo (skrekk og gru, tenk det ligg i Oslo) klokka 19, samt på Dagsnytt atten. Debatten frå Litteraturhuset blir sendt på Afteposten-tv og på P2 .

Kronikk i dagens Bergens Tidende om Den Store Tine-bløffen

På mjølkekartongar, ironisk nok under ein illustrasjon kalla «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar Tine at alle dei 242. 000 kyrne som mjølkar for Tine har rett til minst åtte veker sommarferie kvart år. Dette høyrest flott ut. Det er berre eitt problem: Påstanden om at alle Tines kyr har rett til åtte vekers sommarferie, er ikkje sann, og det er svært lett å tilbakevise. Eventuelt er det ein faktafeil som skuldast grov kunnskapsmangel hos den som har utforma reklamen. Les den her. .

Her er statestikken Tine sjølv viser til for å bevise at norske kyr går så masse ute, den dokumenterer at dei stort sett står inne

Den same statestikken dokumenterer at norske kyr går veldig lite på beite. Det er Tine Rådgivning sin statestikk, ironisk nok. Det skulle berre ein bloggande veterinær til for å knekke Tines reklamekampanje i fillebitar. Det var litt for lett. Vil du sjølv lese kor mykje kraftfor norske kyr et, og kor lite dei går på beite, anbefaler eg å lese denne tabellen. Tabellen kjem frå den same kilda som Tine sjølv nyttar til å fortelle oss at dei same kyrne går masse ute. Sjå kolonna heilt til høgre. Beitebruk. Tine bablar vidare, i sine klønete formulerte informasjonsskriv, om at norsk kuhelse er veldig bra. Ja, det veit vi. Men seriøst, Tine, det er ikkje det vi snakkar om her, og det begynner å bli ganske tydelig for mange som har fulgt saka at de er nede i kneståande informasjonsmessig. .

Knock out på Tine i dagens Dagbladet

LYG TINE? spør Dagbladet. Her er mitt svar. Tines svar er det same gamle informasjonsskrivet som dei har pøst ut i fleire medier, og som også dokumenterer det eg skriv her under. Det fine er at Tine viser til nøyaktig same statestikk som meg sjølv;) Og ja, Tine lyg. Mitt innlegg: Eg er veldig usikker på om Tine lyg bevisst, har behandla lett tilgjengelige fakta med ein harelabb eller rett og slett har sett bort frå fakta. Tine påstår dei har solid faktagrunnlag. Dette har dei derimot ikkje brukt i utforminga av reklamekampanjen. Då hadde eg ikkje vore i stand til å avdekke ei rekke feil i løpet av fem minutt. Tine påstår på melkekartongar og i avisreklamer at alle Tines 242 000 melkekyr har åtte veker sommarferie, altså åtte veker på beite. Dette er de fakto løgn. Det er ikkje eit krav at konvensjonelle kyr som lever i lausdriftsfjøs (fjøs der kyrne går lause, ikkje står på bås) skal ut på beite. Nye tal, som Tine sjølv har gitt meg, viser at 29 prosent av desse heller aldri slepp u...