Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kronikk: Forby pelsdyrhelvetet

Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar, forby pelsdyroppdrett og gjer det no. Siste dagane har vi sett ei rekke groteske bilete frå pelsdyrgardar over heile landet. Det er ingen tvil om at dette er representative bilete, sjølv om ein prøver å tilbakevise biletet som blir skapt av ei uetisk næring i mediene. Veterinærforeningen (DNV) har fleire gonger uttrykt bekymring for utviklinga vi er vitne til, samt pelsbransjen som heilheit. På sine heimesider skriv dei «Veterinærforeningen har siden 2001 vært kritisk til pelsdyrnæringen. Dagens pelsdyrhold er basert på å ha rovdyr i små nettingbur, noe som betyr at dyrene ikke får tilfredsstilt sine naturlige adferdsbehov i tilstrekkelig grad.» DNV ønsker å sette ein stoppar for pelsdyrnæringa utfrå hensyn til dyrs velferd, men DNV blir ikkje høyrt. Snarare blir veterinæranes fagekspertise og bekymringsmeldingar, som burde vege tungt i ei sak som dette, blitt overhøyrt av ei rekke politiske parti i ei årrekke. Kun SV har gått inn for eit f...

Forby pelsdyrnæringa NO! Næringa er uetisk og i seg sjølv eit brot på Lov om dyrevelferd.

For fleire groteske bilder, klikk denne linken hos Nationen. Foto: Nettverk for dyrs frihet og Dyrebeskyttelsen Norge. Norges Veterinæforening vil stoppe pelsdyrnæringa. Les her. Og vil ha tilsynsordning med farmane. Er pelsdyroppdrett eit brot på Lov om dyrevelferd? Ganske sikkert: § 3. Generelt om behandling av dyr        Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger. Brota er openbare og groteske. Vi ser dei igjen og igjen. Forby pelsdyr NO. .

Brekk er ein klovn, han framstår som ein tosk som fornektar fagkompetanse i sak etter sak.

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) benektar notorisk forskning som strir mot hans politiske ønsker. Dette er farlig. Det er farlig når politikk neglisjerer kompetanse, men dette gjer Brekk i så og sei kvar einaste sak. Vi skal ta ein liten kikk på eit par saker Veterinærforeningen går inn for å stoppe pelsdyrnæringa. Brekk meiner dette er feil. Brekk meiner pels er bra, tvers mot all fagkunnskap og forskning. Brekk omtaler meg som skribent i Nationen når eg omtaler dyrevelferd og regelverk for hald av økologiske landbruksdyr i Nationen. Brekk benektar verdien av å vere utdanna dyrlege, slik eg no tilfeldigvis er, og han benektar det faktum, eller er neppe klar over, at eg i mine syn er fullt på linje med veterinærforeningen. Ved å sei mot meg, seier han mot fagmiljøa. Kvifor? Fordi han seier mot all fagkompetanse og all forskningskompetanse som strir mot landbrukspolitiske målsetningar. Brekk benektar forskning som viser at økolandbruk ikkje er betre for miljøet enn konvensj...

Det store spørsmålet. Når kyr står inne mesteparten av året, kvifor kan ein ikkje i reklamen vise fram kyrne i eit fjøsmiljø? Står det så ille til? Just asking.

Les denne svenske bloggen også: sitat: " Nej, fram för mer realistiskt reklam som visar hur våra kor har det på riktigt.    I verkligheten.  I Sverige har vi med vårat klimat, trots allt en stallperiod på mellan 8 & 10 månader, lite beroende på vart i landet man bor. Och med nutidens påkostade komfortabla  & fina stallar,  har djuren  även en mycket bra innemiljö & ingenting vi behöver skämmas för . " Og Kubondes blogg om same sak. Eg veit sjølvsagt at kvaliteten på fjøs varierer veldig. Ikkje alle ville tåle eit tv-kamera, men mange vil det. Kvifor ikkje vise dei fram og få forbrukertillit heller enn å vise reklamer vi alle veit er fake (alle kyr på beite)? Kyrne står trass alt inne mellom 12 og 8-10 månader i året. Det er der dei held seg mesteparten av tida. Det må jo tåle dagslys, eller? Tines reklame her.

Morsom tapet frå Marimekko, men kva farge er finast?

Kilde: http://www.abitare.it/events/tra-arte-e-design/

WTO - ein trussel mot human helse

Kjøre brasil litt hardare, meine meir sjølv. WTO dukar bordet for big bissniss, stor farmar og multinasjonale selskap. I fotspora av auka konkurranse følgjer auka smittepress, matforgiftningar, antibiotikaresistens, hormoner, genmodifiserte plantar og dyr. Anne Viken, veterinærstudent og journalist (artikkelen er skriven i 2006). Det er slått fast ein gong for alle at Noreg er ein egoistisk landbruksproteksjonistisk kustat med bondefanga utanriksminister, norske bønder er rota til alt vondt og alle fattige bønder dør og svelt i skuggen av norske importmurar. Eit kjapt søk på Statistisk Sentralbyrå gir oss handfaste tal om fienden: Norske bønder eig 264 000 oversubsidierte melkekyr fordelt på 15 900 gardar. Desse utgjer altså eit formidabelt problem, eventuelt er problemet kraftig ute av proposjon, eventuelt har dei sjølv eit problem. Siste 25 åra har norsk melkeproduksjon gått ned med 15 prosent, antal jordbruksbedrifter med dyr i Noreg gjekk ned med 4,5 prosent frå 2005 til 2006...