Gå til hovedinnhold

Innlegg

Stivbeinte reglar for hald av økologiske landbruksdyr, truar dyras velferd.

Samanlikning mellom regelverket i norsk og svensk økologisk regelverk. Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio, eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt. Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Garden er veldriven på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som på mange punkt bygger meir på ideologi enn kunnskap om dyrevelferd. Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite og har vore dårlege i fleire dagar. Ein mistenker at dei lir av parasittangrep. Vekta skrantar. Dei er sløve. Medan bonden fangar kalvar, fortvilar han over regelverket. Han ristar på hovudet. Fordi han er økologisk, får han ikkje lov til å parasittbehandle dyra sine før dyra har fått kliniske symptom på parasit...

Fange 59: Taterpige av Aina Basso

Kort oppsummert: Litt treg start men tek seg kraftig opp like før midten. Då er boka medrivande. Men eg tenker heile tida at dette er ei fengslande ok bok, men den er så veldig uoriginal. Den skil seg ikkje ut.    Marias opphald på tukthuset er ikkje truverdig. Den er overflatisk med flate karaktar. Karakteren Maria kjem ikkje fram før ho kjem i tjeneste hos prosten og då tek historia seg kraftig opp og når eit anna fortellernivå. Då får ho fleire sider og eigenskapar og blir straks meir interessant. Her blir ho også omgitt av karakterar som ikkje utelatande er flate, slik dei er på tukthuset. Karakterane hos prosten får fram nyansar hos Maria og eigenskapar. Det er nok difor boka er så treg før dette: Maria er eindimensjonal over ganske mange sider.   Baksideteksten synest eg ikkje er god. Forlaga burde ansette journalistar til å skrive desse.   Grei underhaldning men ikkje verdt prisen i harde permar. Litt for snilt og flinkt til å bli ei bok vi hugsar om seks mnd....

Knuser Thomas Moens bloggplakat grundig i dagens bloggpost hos Dagsavisen.

Moen er ein kommersiell aktør i bloggsfæren. No samarbeider han med IKT Norge for ein ny bloggplakat. Moen har fortsatt ikkje forstått at ein ikkje kan lage ein plakat som skal gjelde for alle bloggarar og han verkar fullstendig oversjå at der finst to sfærar av bloggarar. Dei kommersielle og dei ikkje-kommersielle. Likevel skal han tre den same plakaten ned over oss alle. Å sette opp like reglar for samfunnsbloggarar og kommersielle bloggarar, er ei form for kulturimperialisme. Om vi sjekkar ut Bootstrap Marketing si nettside kan vi lese at Thomas Moen lever av å snakke, utvikle og lære mennesker om sosiale medier. Han tjener penger på å fronte kommersielle bloggarar: «Jeg representerer følgende bloggere fra og med i dag: (liste over bloggar). Sammen med disse kommer jeg til å jobbe aktivt med å bygge opp merkenavnet deres samt å skape oppmerksomhet rundt dem og kjøre kampanjer og skaffe dem inntekter i forbindelse med bloggen.»   Les mitt innlegg hos D...

Nei til bloggplakat

Det er eigentleg like greit at seriøse bloggere tar avstand til bloggplakaten først som sist. Thomas Moen sliter veldig med å etablere seg som gründer, har funne på noko gøy som gir han pr i media, og som gjer han svartelista i bloggverda, ei verd der han ønsker å identifisere seg og ønsker å ha sin plattform. Moen virker ha lite webantenner ute. Moen er ein tøysekopp og om han trur han har pondus til å diktere bloggverda, så trur eg han tar ganske feil. Sist Moen var ute, påberopa han seg Presseforbundet si støtte. Dette hadde han ikkje. Det var løgn. Moen spelar med skitne kort. Dette er eit problem for oss som skal forsøke å argumentere mot han og hans kommersielle interesser. Les meir om problemet her. Sidan Moen ikkje har særleg oversikt over kva presseplakaten er for noko, altså Ver Varsom Plakaten, så har vi tatt det heilt abc her. No skal eg forklare kvifor eg reagerer på at Bloggplakaten blir kalt for "plakat". ( Første utkast til plakaten, oppdatert utkast )....

Hardhendt transport av dyr, og reinsdyr på reinsdyrskinn

Medan reinsdyr skal transporterast på eit reinskinn, kan stakkars fjørfe transporterast som sild i tønne. Det er skilnad på dyr. Eg var på vakt då det hende. Fleire hundre dyr var i ferd med å brenne inne. Med hjartet i halsen la eg i veg. Eg har aldri før vore med på ein brann. På loftet låg nyhøsta høy frå fleire hundre mål mark, og på tjue minutt var det overtent. Låven rasa etterkvart saman, men ein ga ikkje opp. Betongdekket over fjøsen heldt stand, og heile natta køyrde dyrebilar til og frå. Dyra vart lessa på lasteplana og transportert til andre fjøs i området. I dette tilfellet var dyretransporten god å ha. Ein flyttar ikkje hundrevis av store dyr med handemakt. Hardhendt handtering? Dyretransport er ellers eit omdiskutert tema. Spesielt transport av dyr til slakteri. I oktober blogga den økologiske Fjærlandsbonoden Johannes Eggen Mundal om å sende lamma til slakt. Her er eit utdrag av bloggposten «Mykje hardhendt handtering?» «Eg skal levere lam til slakt kommande vek...

Det mange ikkje har fått med seg

.. er at eg har flytta ut av Oslo og ut på bygda. Riktignok ikkje ut på den norske, men på den svenske bygda. Dette kan eg sei med ein gong at er ein stor overgang, men det gir muligheter ein ikkje har i Oslo. Ein må slutte med å bedrive moralisme, alla feig og modig, i debatten om flytting til og frå by og land. Det virker som om debatten i stor grad er driven av moralisme, heller enn realitetsorientering, samt at hatet mot Oslo er ei drivkraft bak distiktskonferansar. Klaging og syting og moralisme har teke overhand. Det er lite konstruktivt. Ein faktor er at det er langt betre plass her. Stort hus kan ein leige til dumpingpris. Eg har god internettilgang, det er stille og rolig om natta. Ingen galningar som fulle spring rundt og brøler i gatene utanfor. Då eg gjekk opp Karl Johan forleden kveld, tenkte eg: gud for eit bråk. Eg liker det stille og rolig. Ein liten kåk i ein bygard var ikkje mi greie i lengda, og det har det heller aldri vore. No har eg hage, den er på fleire mål...

Nationens kommentator tygger drøv om flyttedebatten

Igår skreiv Drude Beer ein kommentar i Nationen: "Feigt eller friskt å flytte fra bygda?" Kommentaren oser av det vi kan kalle for god gamaldags misunning. Ho insinuerer at Oda Rygh, med sin kronikk "Jeg flytter!" ønsker seg ein jobb hos Liv-Signe Navarsete. Ærleg talt, Drude Beer. Som navnet ditt tilseier, du må slutte å drikke på jobb. Beer meiner det er andre som hadde fortjent dei rundstykka som Rygh fekk hos Navarsete då ho vart innkalt til ein samtale. Det kan vere at FLEIRE hadde fortjent rundstykker hos Navarsete, men det betyr ikkje at Rygh ikkje har fortjent dei. Ein må ikkje tape dei heilt elementære nyansane. Rygh skriv om eit standpunkt som det faktisk krever litt mot å gå ut med. Det er ikkje eit standpunkt som kvar av oss tørr å fronte. Eg vil kalle Rygh for tøff som skriver som ho gjer i sin kronikk. Det burde Beer sjå, men istaden framstår Beer som ei sur gammal kjerring, beklager uttrykket, men det var det første som slo meg. Beer skriver: ...