Gå til hovedinnhold

Innlegg

Les min kronikk lørdag 28.mai i Aftenposten

Difor blir eg ikkje bonde. Les den og spre den! Dette er viktig. Kronikken ligg her. Og kom gjerne på debatt på Lillehammer Kunstmuseum klokka 19 lørdag, litteraturfestivalen. By og land -hand i hand Etter fem dager med Byen i fokus spør vi om det i Norge virkelig er sterke motsetninger mellom by og bygd? Handler by-/land debatten om definisjon av hvor makta sitter, eller avmakta? Dersom det gode liv er på landet, hvorfor flytter stadig flere av oss til byer? Og hvorfor drømmer små tettsteder om bystatus? Skal vi en gang for alle avlive myt... Etter fem dager med Byen i fokus spør vi om det i Norge virkelig er sterke motsetninger mellom by og bygd? Handler by-/land debatten om definisjon av hvor makta sitter, eller avmakta? Dersom det gode liv er på landet, hvorfor flytter stadig flere av oss til byer? Og hvorfor drømmer små tettsteder om bystatus? Skal vi en gang for alle avlive myten om by/land-konflikten? I panelet sitter blant andre Anne Viken , journalist og b...

På tide å påkalle elitisme i landbruksdebatten

Kor mange litteraturanmeldere og forfattere er det som må lære sine lesarar å lese før dei kan diskutere med dei? Neppe så mange. Men på det nivået er vi altså i debatten rundt landbruk og matproduksjon. Det er i grunn ein parodi på ein debatt der lekmenn fornekter fakta og fagfolk blir sett på som propagandafolk. Det er underlig og det er til slutt folk sjølv dette vil slå tilbake på. Demokratisk debatt er ein ting. Kompetansebasert demokratisk debatt er noko ganske anna, og dette har vi ikkje rundt matproduksjon per idag.

Total makeover for afrikabiff

Biff frå Uganda er eit vestleg eksperiment. Desember 2010. Eg har reist til MUL-landet Uganda for å besøke UMPCU (The Uganda Meat Producers Cooperative Union) der Nortura og Norad er involvert i å utvikle ein ugandisk kjøteksporterande industri. Målet for eksporten er den europeiske marknaden. Denne artikkelen stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 21.mai 2011. Les også: reportasjen frå Uganda om slakteriprosjektet. Som MUL-land (Minst Utvikla Land) har Uganda toll- og kvotefri adgang for kjøt til Europa, men i 2010 kom under ein halv prosent av den totalte importen til Norge frå nulltolland. (Det finst 64 nulltolland). Mange spør seg kvifor vi då ikkje importerer kjøt derifrå. Dei snakkar om manglande vilje til import frå fattige land, men dette er langt frå heile sanninga. Skal Uganda eksportere, må Uganda tilpasse sin standard til Europas, standarder for import. Nokre meiner at våre standarder er handelshindringar, andre meiner dei hjelp oss halde oppe trygg matk...

Bildens orientalisme

Kaare Bildens kronikk er eit gufs frå fortida. Ein orientalisme i synet på utviklingsland som høflige leverandørar, ventande ved døra på at vi skal importere deira kjøt. Det er underlig, at vi i 2011 må lese ein slik kronikk, det kjem til og med ei heil bok om tema. Slik går det når teori fjernes frå praksis, og når utviklingsland blir betrakta som stakkarar ved vår dørstokk. For utviklingsland satsar ikkje berre på rolla som råvareproduksjon, slik Bilden virkar tru. Landbruk er ikkje den næringa som får folk flest ut av fattigdom. Vi veit at i ei rekke utviklingsland forlet folk landsbygda, og ein har dei same sentraliseringstrendane som det vi ser i Norge. Vi veit også at mange utviklingsland evnar å skape andre produkt enn råvarer. Vi veit også at ingen økonomi har kome seg ut av fattigdom som råvareprodusent. Formelen Bilden legg fram, er eit gufs frå fortida. Idag er det ein attraktiv tanke for ei rekke utviklingsland å eksportere til Vesten. Betre prisar, st...

XXX - min Flamme boksingle: Berlin, Oslo, Hyderabad

Kan kjøpast hos Flamme forlag.  Spoileren først: Anne Vikens boksingel XXX er ikke, som tittelen kunne antydet, av pornografisk natur. Den er heller et forsøk på å Xe ut visse mennesker i dikterjegets fortid, slik vi som er gamle nok til å ha skrevet på manuelle skrivemaskiner uten rettebånd, pleide Xe ut skrivefeil og svake setninger. Hvilke mennesker? X-kjærester. X-menn, kunne man kanskje sagt, da det er ei jente som forteller, som flyr rundt i Oslo, Berlin, India med framtida bak seg og fortida like foran. Hvorfor gikk det som det gikk? Hvordan skal det gå nå? Hvem innbiller du deg at du er? Anne er  blitt kalt fylkets egen Karl Ove Knausgård på NRK Sogn og Fjordane, og kom med følgende advarsel i Nationen: «Vi blir alltid innprenta med at vi har masse tid, men det har vi ikke. Livet er kort.» Så få ut fingeren — og les. —— Ta kontakt på mail om du ønsker eit eks tilsendt i PDF.

Mine tre 17.mai-taler frå Førde, Viksdalen og Haukedalen i 2010. Gratulerer med dagen!

Sjå talen frå Førde Live Les også min 17.mai- tale 2010 frå Viksdalen Les min 17.mai -tale 2010 frå Haukedalen. Talen frå FØRDE:  Gratulerer med dagen Sunnfjordingar! Takk for invitasjonen. Det er ei ære å stå bli invitert hit i dag. Dette er første gongen eg feirer 17.mai her i Førde og det er sjeldan eg ser så mange sunnfjordingar som dette på såpass nært hald. - Det er flott å feire nasjonaldagen midt i mai månad. Månaden som er oppkalt etter den romerske fruktbarheitsgudinna Maia, beskyttar av veksten. Dei gamle nordiske namna på mai er Blomstermånaden Såmånaden Gaukemånaden. - I dag som på alle andre dagar er naturen og m agien her på Vestlandet sterk. Vi har elver som kastar seg utfor steile berg og hamrar, vi har speglblanke vatn der ein kan fiske etter auren, vi har elveosar og skodde som ligg tett over vatna oppi heiane der det er meir sannsynlig at du møter eit troll enn andre folk. Vestlandet er dramati...

Bryt landbruksforhandlingane: om kvifor eg ikkje vil bli bonde! Fordi eg er eit menneske som vil ha eit verdig liv. Og om kvifor vi bør ha norsk matproduksjon: etikk versus industri

Oppdatering: Småbrukarlaget har brote forhandlingane. RESPEKT! Signerer Bondelaget no på ein sum langt lågare enn kravet (2,6mrd), signerer dei på fortsatt nedlegging av norsk landbruk. Eg har odelsrett på ein gard i Sogn og Fjordane. No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje bli bonde og kvifor ein må behalde norsk landbruk. Først av alt. Eg ha eit verdig liv som menneske. Det høyrest banalt ut, men det er i stor grad dette det handlar om.    Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Kva andre yrker er det som må akseptere slike levekår? Det finst eit alternativ. Garden har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande med to jobbar. Eg ønsker ikkje å måtte jobber i alle feriar, på ...