Gå til hovedinnhold

Innlegg

Smittsame sjukdommar, ei handelshindring

Det nyanserte svaret: Rognliens kunnskapslöyse Jon Rognlien bommer i sin Dagbladet-kommentar lördag: sjukdommar kjem först og fremst ikkje frå fattige land, men frå intensivlandbruket, skriv han. Han kritiserer min signert-artikkel frå Klassekampen 18.juni der eg var kritisk til Kaare M Bilden i si nye bok, Mat er makt. Eg skreiv: "Boka har så og sei droppa alt som omhandlar økologi, medisin og praktiske utfordringar knytt til til dømes smittsame sjukdommar, sjølv om dette høyrer til blant verdas viktigaste praktiske handelshindringar og utfordringar knytt til klima, helse og handel." Spörsmål: kvar finn Rognlien at eg påstår smittsame sjukdommar kjem frå fattige land? Ingen stad. Ingen med kunnskap om feltet ville påstå noko slikt. Det er like upresist som å påstå ta dei fleste dyresjukdommar kjem frå industrilandbruket. Det krev stor kunnskapsmangel for å tolke meg slik Rognlien gjer. På den eine sida: ei rekke sjukdommar som fattige land kjempar mot, har vi også i...

Flukta frå agurkane

Eg var när ved å bli kvalt av ensformigheten i Oslo-media, brukte eg sommarferien på å arbeide som veterinär i Sverige. Denne artikkelen stod på trykk i Bergens Tidende sommaren 2010 som kommentar i lördagsbilaget. Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt. Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi. Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinä...

Sommar! I Sverige!

Som enkelte sikkert har merka seg, er eg treg med å oppdatere bloggen no i sommar. Det har seg slik at eg er i vårt vakre naboland Sverige og arbeider som veterinär. Då blir det litt mindre tid til blogging. Dessutan er det finare å vere ute no i kokande sol enn å sitte inn framfor ein pc. Og eg likar betre praktisk arbeid og sosialt liv enn kontorarbeid. Men eg kjem sterkare tilbake. Og så har eg klart meg ca eit par veker utan Facebook, og det kjennes digg. Sosiale medier er greit å ha, men dei kan også bli stressande, og eg merker at eg savner ikkje Facebook eit dugg. Ei heller Twitter. No for tida bur eg på eit stabbur ved ein stor sjö med flott utsikt, gröne marker og fiskevatn. Utan innlagt vatn, utan dusj, men med kran like ved. Utan internett, men med ström. Det er skikkelig digg. Stilt og roleg. Stor hage, kaffe, lokal pils, ei bra bok. Av og til haglar det hagl store som bordtennisballar, og av og til skin sola brennheit. Så drar vi på dans eller på travlöp (nei, ingen gö...

Fleip eller fakta??

Ein musikkjournalist som ikkje veit skilnaden på Bob Dylan og Madonna, på gitar og piano, er inkompetent. Ein journalist som legg for dagen eit liknande kunnskapsnivå i naturvitskap, er det ingen som legg merke til. Min påstand er at journalistars manglande kompetanse i naturvitskap gjer det vanskeleg å føre ein kompetansebasert debatt rundt klima, miljø og matproduksjon i det offentlege rom. Ei rekke journalistar greier ikkje skilje fakta frå fiksjon, faktafeila florerer og i ei rekke saker er den naturvitskaplege delen av sakskomplekset droppa. Få redaktørar verkar vere i stand til å sjå faktafeila. Denne artikkelen er publisert som Signert-artikkel i Klassekampen 18.juni 2011. Kommentaren «Grisens hevn» om svineinfluensa av Marte Michelet i Dagbladet (25. juli 2009): Her skriv Michelet at det var blant genmodifiserte svin i Mexico at svineinfluensaviruset oppstod. Teorien om genmodifiserte svin er fin den, men her er eit problem: det eksisterer ikkje genmodifiserte grisar. De...

Journalistars kompetansemangel i naturvitskap: eit demokratisk problem. Eit essay om profetar.

Tema: mediene og miljøpolitikken/klimakrisen; et kritisk blikk. Profetar, grisebust og journalistar. «Også guds ord må vinklast journalistisk», sa Martin Eide, professor ved Universitetet i Bergen, på Frokost med Bernt «Fra jakthund til vakthund» 20.oktober 2009. Han snakte om den journalistiske logikken for eit sprengfullt auditorie. Opp og ned trappene i det same auditorie vandra UiO-professor Bernt Hagtvedt og delte ut mikrofonen til taletrengte tilhøyrarar medan han jamra. Bernt jamrar alltid på Frokost med Bernt, og det er alltid oss journalistar han jamrar over. Han nyttar alle sjansar: Nei, nei og atter nei, desse journalistane. Vi skulle alle sammen vore pakka ned og lagt på lager. Eventuelt sprengt i filler, dynka i bensin og sett fyr på. Eg skal innrømme eg har kjent pulsen stige: han der Hagtvet må slutte å gjenta seg sjølv. Men så har han litt rett også, denne vandrande talemitraljøsa som kjeftar i veg ved ein kvar anledning. Journalistar manglar dannelse, journalistar ...

Det er billeg å vere blond - i Sverige!!

Alle snakkar om harryhandel, om å reise over den berömte grensa til Sverige, eit land dei fleste knapt verkar ha vore i. Det er trass alt ikkje Sverige ein reiser til. Ein reiser til storbyane, til Berlin og New York, og om du er yttterst politisk korrekt: Hellas. Alle snakkar om kor billeg Sverige er. Eg bur tilfeldigvis i Sverige, 5 månader ifjor og no nokre månader i år, og det er ikkje så billeg her. Maten i ICA og Tempo-butikkar er ganske dyr. Lat meg ta eit eksempel frå Ica her: 1 liter melk kostar på Ica her: 13,70 kroner. Kremflöyte: 9,40 kroner. Aftonbladet 12 kroner, 1 liter tropisk juice: 13,90 og ein pose (ekle) kanelbollar (bakt i dag): 26,90. Å klippe seg på Nikita i Östersund, kosta for meg (dame, langt hår) 450 kroner. Dette var ganske billeg. För har eg betalt 600 svenske i Mellerud for klipp og striping. Det er definitivt billegare å vere blondine her enn heime. Så kva med litt harry-hår-handel? Ta heile familien din over grensa, klipp og farg håret: spar masse ...