Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kle deg som eit mannfolk!

Ein veterinär vaska av seg neglelakken på jobb. ”Kvifor gjer du det,” spurde ein kollega. ”Fordi det ser useriöst ut at ein veterinär har neglelakk”, var svaret. ”Öyreringar, fine klede og sminke er også useriöst. Du får ingen respekt hos böndene om du sminkar deg”, sa ein annan kvinneleg veterinär. Ho brukte dette som forklaring, altså utsjånaden, på kvifor ein kvinneleg kollega fekk klager på seg frå böndene. Sminken hennar, ikkje kompetansen, var problemet. Vask trynet, dra på deg stövlane og kle deg som ein arbeidskar. Det er hardt å vere tjei. ”Som kvinne vil du för eller seinare få problemer ute i feltet. Du er blond, nyutdanna og utlending. Men först og fremst: du er dame.” Sitat mannleg veterinär. ”Som ung kvinne i felten, som også ser yngre ut enn alderen tilseier, er det vanskeleg å sette seg i respekt”. Sitat kvinneleg veterinär som snakkar av erfaring. Du skal tilpasse deg rolla som kvinne i eit yrke med maskulin kodex for korleis du skal sjå ut. Du skal altså gå i stö...

Godt lesetips, fersk bok av Hilde Buer

Denne boka kan eg på det varmaste anbefale. Lettlest, informativ og faglig sterk. Les meir her.

Glöym mannen, hugs handlingane. Vi treng ikkje forsöke å forstå.

Han önskte å bli ein europeisk helt, men er ikkje lenger önska i det norske samfunnet. Les Mona Lövlien sin bloggpost "Til deg som planla og drepe datteren min". Han ville gjere sitt navn kjent, men eg har ikkje tenkt å bidra til dette, verken med fotos eller namn. Hans namn vil aldri bli nevnt på min blogg. Den hardaste straffa for gjerningsmannen, gitt hans syke fantasiar om heltestatus og omtale i historiebökene, er å bli glömt og ignorert. Vi kan hugse grusomhetene i hans manifest. Vi kan hugse kva han har gjort og mot kven. Vi kan hugse fölelsen av avsky mot slike handlingar, mot slik ein vonskap, mot slike vrangoppfatningar av samfunnet og verda rundt oss. Det vil ikkje bli mulig å glöyme, men vi kan oversjå mannen bak. Han vil aldri bli ein helt. Han er ein antihelt, ein patetisk person som ikkje var i stand til å kome seg fram i samfunnet på ein normal måte. Der finst ingen unnskyldning, ingen formildande omstendigheter for slike handlingar, for slik vondskap. De...

Those who try to impose distrust and fear on the people of Norway will not succeed

Kvifor eksisterer det ein så enorm flora av god feministisk litteratur...

... og gode romanar som problematiserer kvinners rolle i Sverige, men ikkje i Norge? Ligg heile forklaringa i at Norge er eit lite land (som også blir brukt som forklaring på at svenske forfattarar ofte er av eit heilt anna kaliber enn norske) eller handlar det om at ein rett og slett har eit meir ambisiöst forhold til litteratur? Dette spekulerer eg i medan eg les meg gjennom ein del dungar med svensk romankunst. Av ypperste klasse sjelden litteratur vil eg trekke fram Helena Henschen: "Hon älskade" og "I skuggan av ett brott". Ikkje oversett til norsk, merkeleg nok, all den tid dette er ei form for komplett litteratur: både sjeldent hög litterär kvalitet, innhald, karakterar og historie med sjeldent kaliber. Eg savner slike böker utgitt i Norge. To be continued.

Eit hundeliv

Guds ord står over Mattilsynet. / Ein må stille strengare krav til hobbydyreeigarar. Denne kommentaren stod på trykk lördag 16.juli 2011 som Signert-artikkel i Klassekampen. Link til artikkelen i PDF. “Meldingene om kritikkverdige forhold for norske kyllinger er blitt så mange at Mattilsynet i år vil inspisere kvar fjerde slaktekyllingprodusent”. Dette skriv Aftenposten. Det er eit bra tiltak, men det er ikkje berre kylling- og pelsprodusentar som treng ein inspeksjon. Vi må utvide horisonten og inspisere dei delar av dyrehaldet som er omgitt av positiv storytelling, ikkje berre det vi frå för av veit er ille fatt. Det er på hög tid å stille strengare krav til dei som held hobbydyr. Det er ein menneskerett å shoppe ein kanin på dyrebutikken, som ein så let sitte einsam i eit bur, lar ungane herje med, gir feil mat så den blir sjuk, för den til slutt stryk med. Utad er du ei god mor eller far, men det er ikkje heile sanninga. Du er også ein dyreplagar. Å halde hest, hund og katt ...