Gå til hovedinnhold

Innlegg

Rinderpest er utrydda: for andre gong i verdshistoria er ein sjukdom utrydda frå jorda

Under ein sermoni i Roma erklærte FN at for andre gong i verdhistoria er ein sjukdom utrydda frå jorda. Rinderpest. Veterinærar står bak utryddinga, og veterinærars rolle i å sikre human helse er sterkt undervurdert i samfunnet. "The long but little-known campaign to conquer rinderpest is a tribute to the skill and bravery of “big animal” veterinarians, who fought the disease in remote and sometimes war-torn areas — across arid stretches of Africa bigger than Europe, in the Arabian desert and on the Mongolian steppes. “The role of veterinarians in protecting society is underappreciated,” said Dr. Juan Lubroth, chief veterinary officer of the Food and Agriculture Organization of the United Nations , at whose headquarters Tuesday’s ceremony is being held. “We do more than just take care of fleas , bathe mascots and vaccinate Pooch.” Les heile saka her. På sikt er FN ein attraktiv arbeidsplass for meg som veterinær. Men først litt praksis ute i den nordiske felte...

OKSYGEN!! Om å skrive roman

Når ein skal skrive bok, skal ein lage kunst. Det er viktig. Ein skal vere ekstremt opptatt av å skrive og av å skrive bra, og ein skal flikke på ord og setningar og mekke plott og stories, og ein skal ditt og datt og hist og pist og til slutt har ein da altså laga kunst. Ein skal vere dedikert. Så dedikert at ein går frå vettet, krasjar bilen og helst begynner på speed. Det er liksom så kjedelig å vere ein eller anna krøllete forfattar som berre sit og skriv i hettegenser, liksom. Forfattar, bohem, boms, bloggar, poet. Her skal det gå unna minst ein heil kasse Camelar per dag, to dunkar rødvin i timen og tretten liter kaffe per døgn. Og så skal ein gi ut boka, den skal trykkes og nokon skal slakte den, terningkast skal tatoverast over heile kroppen og du skal vinne ein Nobelpris, kanskje to. Etterpå skal ein haug folk skal vere rasande for at du fekk for mange prisar, dei skal trass alt fordelast likt til absolutt alle ellers er det grusomt forferdeleg. Og så skal ein klage over at ...

BLURB!! om å skrive bok

Så skal ein leite opp nokon som kan blurbe om ei bok, altså få betalt for å sei noko tøft om boka di som du kan trykke på omslaget. Men kven skal ein velge?? Nokre gir slagsider ein ikkje vil ha. Og kven vil selge sjela si for å sei noko pent om boka? Eg har pirka fram nokre namn og er i ferd med å spørre fleire. Og så skal ein ha testlesarar. Nokre pirkar på komma, andre kan ikkje lese. Lese som i "lese", ikkje som i å kunne sette saman bokstavar til ord. Å finne gode lesarar er ikkje lett. Du merker asap om du har ein god lesar på hand. Har du ein god lesar, er det gull, gull og atter gull verdt. Og så skal ein vite at boka er bra nok til at ein tørr sleppe den ut på markedet. Ein vil liksom ikkje havne mellom dei bøkene ein sjølv meiner eignar seg best som peisved. Og det er ikkje lett å vite. Og så skal ein tenke på lesaren, og ikkje tenke på lesaren, og så skal ein ikkje legge to fingrar mellom men ikkje framstå som ein løk. Og så skal ein gjerne late som om ein er l...

Höst!

Eg er between jobs, og det vil difor vere litt skralt med bloggpostar for augneblinken!

Minkfarm hadde levende mink i frysekonteiner/ Mattilsynet fant to levende mink i en frysekonteiner sammen med mange døde mink.

Når pelsböndene på farmen no påstår dei mistenker sabotasje på anlegget, fortel det oss ein ting: dei manglar oversikt over eigen farm, dei kjenner ikkje til forholda på eigen farm, dei veit ikkje kva som foregår der. Dei lyg til pressa og stiller seg sjölv i eit, om mogeleg, enda dårlegare lys. Uanmeldte besök frå Mattilsynet er effektive: då får ikkje pelsböndene göymt unna dårleg dyrehald, avliva sjuke dyr som dei held i live men ikkje vil bruke pengar på å veterinärbehandle. Dei får heller ikkje dumpa döde dyr som ligg og sleng. Ja til fleire uanmeldte besök. Det er einaste måte å få fram dritten i pelsnäringa på. Les saka hos Nationen. Sei nei til pels. Still pelsböndene til ansvar. Det er i Norge ingen som er tvinga til å hente inntektene sine frå dyreplageri. Dei som vel dette, bör svare for sine etikk i möte med forbrukarane.

Litterär LUX

Sigrid Combuchen ”Spill – en damroman”, Norstedts 2010 (svensk) Det er sjeldan ein kjem over böker alla ”Spill”. Dei mellommenneskelege relasjonane er litterär luksus, språkfölelsen sjeldan og det er lett å kaste seg på hylningsbölga som löfter fram Combuchen som ein av vår samtids mest avanserte forfattarar, stilistisk, teknisk og tematisk. Dama bedriv litterär utklassing. Hennar tematikk er kvinneroller, gode historiske skildringar, konflikter, mannsroller, yrke og utdanning, rolla som mor. I fascinerande miljömessig konstekst får ein presentert ein karakter bygd rundt konflikter og valg. Har ein kasta vekk livet eller tatt dei valga ein kunne? Den er så beint fram jävlig god at du får frysningar på ryggen, men dette er inga Linda Olsson-bok for deg som vil skru av hjernen. Her forflyttar vi oss mellom ulike tidsepokar, fiktive og relle personar, ein fortellar som sjölv er oppdikta, brevvekslingar og ein fiktiv roman. Men komposisjonen sit som eit skot. Det er tidvis komplisert, m...