Gå til hovedinnhold

Innlegg

Marit Eikemo, Samtale ventar

Bokanbefaling. Marit Eikemo skriv latterleg bra og posisjonerer seg som ein av dei mest interessante kvinnelege forfattarane i Norge. Skreiv eg kvinneleg? Ja, for eg er mest begeistra for kvinner som skriv om andre kvinner. Som eksempelvis Ebba Haslund og Vigdis Hjorth, eller på svensk Sara Stridsberg og Sigrid Combuchen , eller for den del Helena Henschen , ein personleg favoritt, men Henschens sjanger er ein miks av fiksjon og dokumentar. Og når eg les Eikemo tenker eg at vi har faktisk like gode forfattarar på norsk. Eikemo er langt betre enn Hjorth. Der Hjorth mister grepet om lesaren, held Eikemo grepet med suveren språkføring. Det er noko solid over Eikemos språk. Det er kort sagt godt. Ikkje ein einaste gong treng ein irritere seg over dårlege formuleringar. Første boka til Eikemo, Mellom oss sagt , minnar om Samtale ventar . I begge bøkene finn ein kvinner på tretti pluss, utan mann, utan familie, som jaktar på nærheit og anekjennelse, gjerne hos ekskjærestar eller menn ...

Kvifor skal det alltid vere valkar og strekkmerker når kvinner blir framstilt som legitimt naturlege?

Når Marianne Aulie poserer naken, blir folk forbanna. Når Helle Vaagland med sine valgar og flesk poserer uten kler, er det morsomt. Fordi Vaagland liksom er så naturleg. Flesk og valker er naturleg. No flasher Vestforld Bygdekvinnelag puppa.  Det gjer ingenting å vise fram strekkmerker og valker. Greit nok. Men når skal det bli lov å vise fram pene kroppar utan å bli beskulda for å skape kroppskompeks eller vere kroppsfokusert/ pornografisk? Det er like kroppsfokusert å vise fram rynker, flesk og strekkmerker. Fokuset er jo på kropp. Og kropp uten fleks og strekkmerker er like naturleg som kropp uten. Bonde og småbrukarlaget meiner for eksempel at den østerikske bondekalendaren er pornografisk . Det kan neppe henge saman med anna enn at det er unge, pene mennesker ein viser fram. Dei er også meir påkledde enn Vestfolk Bygdekvinnelag. Ikkje ein pupp viser. Logikken er: unge, pene lettkledde mennesker er pornografisk. Gamle er det ikkje, sjølv om dei viser meir kropp. Unge er un...

Kåringa "Årets unge bonde": eit langt gjesp/ "er det ikkje litt harry at brekk utnevner sine eigne lokalpolitikarar til årets unge bonde"?

Dessverre tyder denne kåringa på at landbruket snakker til koret/ menigheten, ikkje til publikum. Årets unge bonde er ikkje i tvil om kva som var høgdepunktet i høve kåringa. – Det var utruleg kjekt å få kome til Brekk sitt kontor i lag med dei andre kandidatane. Det er veldig bra han tek seg tid til oss og høyrer på innspela me har, seier ho. (Nationen 18.november 2011).  Kandidaten heiter Elisabeth Holand (31). Det er koseprat og enda meir koseprat når Lars Peder Brekk, Mc Donalds og Bygdeungdomslaget kårar årets unge bonde. Juryens leiar er sjølvsagt Brekk. Kanskje ikkje så rart det vert koseprata. Ein har jo, trygt og godt, kåra ein av sine eigne. Ein Sp-politikar. Det er feigt, det har slagside og det framhevar det vi mistenker frå før: her er det lite rom for politisk spekter og nytenkning. Brekk har løfta fram ein av sine trauste våpendragarar. Landbruket er satt lite nytenkande. Ein får ikkje inntrykk av innovasjon, nytenkning og spreke utspel. Ein får inntrykk av at ...

Flådde pelsdyrskrottar. Pelsen av, kroppane skal kastast.

Er dette etisk?? Og bør det finansierast av støtte frå norske skattebetalarar? Kilde: Djurrättsalliansen Umeå I november pågår "pälsningen" på svenska minkfarmer. En månad då 1,2 miljoner minkar dödas, bara i Sverige, för människans fåfänga. Du kan göra skillnad för djuren. Bli aktiv. Trykk på biletet og det blir stort og tydelig. Les kronikken Ikkje berre eit dyr i Aftenposten: Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar: Forby pelsdyroppdrett og gjer det no! Les artikkelen Kva føler du no rev? frå Klassekampen. Det er ikkje dyrevernsekstremisme å snakke om at dyr har følelsar. Det er eit uttrykk for høg fagkompetanse. Sei nei til pels.

Det er greit at vi halal-slaktar i Norge. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen.

Fakta: halalslakt i Norge er akkurat som anna slakting. Einaste skilnaden er at ein ved halalslakt ber ei bøn.  Les Mattilsynets orientering.  Det er greit at vi halal-slaktar i Norge så lenge det foregår med bedøving først, slik som i dag. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen.  Les debatt rundt dette innlegget hos Verdidebatt (Vårt Land) og Nye Meninger (Dagsavisen).  Når ein slaktar dyr ved slakteri, blir dei først bedøva. Dette kan, heilt enkelt forklart, skje med boltepistol i hjernen (storfe, hest), strøm gjennom hjernen (sau), gass (gris, kylling, kalkun) eller elektrisk bad (kylling). Argon og CO2 er gasser som blir brukt. Argon skaper mykje uro og er nok ein svært ubehagelig bedøvingsmetode. OBS: bedøving i denne samanheng er som ein "narkose", ikkje som ei lokalbedøving. Bedøvinga (boltepistol, gass, strøm) før avliving gjer at dyret fullstendig taper bevissthet. Dyret kan altså verken oppleve eller føle avlivinga. Or...

Er det eit likestillingsproblem at kvinner som fortel om sine erfaringar med trakassering frå utlandske menn, blir kalt rasistar?

  - Vi må kalle en spade for en spade. Det er ikke noe tvil om at så å si alle overfalls- og gjengvoldtekter de siste ti årene i Norge har blitt begått av innvandrermenn. Og muslimske menn er overrepresentert, sier Abid Raja. De som voldtar, de voldtar egentlig hele innvandreromdømmet. Les artikkelen. Ikkje skyt budbringer. Siste dagane har det vore debatt om voldtekter i Oslo. Sjølv har eg aldri blitt voldtatt, men fotfulgt og hatt ein del ubehagelige opplevingar. Dette har eg  skrive om. Mange blir rasande når ein skriv om sine erfaringar. Dei meiner at å fortelle at ein blir trakassert på gata i Oslo av utlandske menn, er stigmatiserande for innvandrarar. Nokre trekk rasismestrået. Les om mine erfaringar, Farlege Oslo, i Morgenbladet.  Artikkelen er også lagt ut hos Verdidebatt.no (Vårt Land) og Nye Meninger (Dagsavisen). Trykk på linkane og sjekk ut debattane. Det er noko alvorleg gale om ein ikkje kan omtale sine erfaringar frå Oslo utan å bli møtt ...

Det er litt av nokre produkt vi forbrukarar etterspør, om vi skal tru Brekk: slaskekylling og sjuk kalkun. Skulle nesten tru vi ikkje hadde noko valg.

Bøndene må levere det forbrukarane vil ha, sa Lars Peder Brekk (Sp) på landsmøtet i Småbrukarlaget. Les saka her. Forbrukarane vil altså ha billeg kylling og sjuke kalkunar med leddproblem, kyllingar som blir kvalt i lastebilane medan dei venter på å bli slakta fordi bilane manglar gode lufteanlegg, eller som frys ihjel under transport om vinterene fordi ein skal spare pengar og dermed droppar oppvarming i bilane. Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerken, sa Brekk. Nå, kjære Brekk. Vi har ikkje så stort valg enn å innfinne oss. Kva vi skal ha på tallerken, kan vi knapt nok velge sjølv. For kvar er det mogeleg å få tak i kylling og kalkun som ikkje er produsert under forholda beskrivne? Kvar får ein tak i kvitt kjøt produsert under etisk akseptable forhold? Knapt nokon stad. Ein må produsere det sjølv.  Og kven si skuld er det? Er det forbrukarane som bestemmer produksjonsforholda? Nei. Og er det forbrukarane som bes...