Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kyr over hovudet

"God dyrevelferd er et mål i seg selv, og er et gode for samfunnet og konkurransefortrinn for norsk landbruk," kan vi lese i einpresentasjon av landbruksmeldinga hos Landbruks og matdepartementet. Norge er verdsmeiser i dyrehald, ifølge oss sjølv. Dyrevelferden er vårt konkurransefortrinn. Ei lang rekke andre land påstår nett det same. Blant andre Sverige. Men sjølv verdsmeistrar har sine problem, blant anna er skalaen på melkebruka på veg oppover. I sjølvutnemd verdsmeister Sverige er beitekravet sonedelt. Fire månader i sør, tre i mellom-Sverige og to i nord. Men alt er ikkje rosenraudt sjølv om verdsmeister Sverige slår verdsmeister Norge ned i støvlane (vi har ut året null beitekrav for kyr i lausdrift). I verdsmeisterlandet Sverige motarbeider organisasjonen Sveriges Mjölkbönder det svenske beitekravet.    Per Andersson, ordförande i interesseforeningen, argumenterer med at melkekyr har det best inne. ( Sveriges Radio Ekot (9.juni 2009 ) Mjölkbönderkritiska mot ...

Den store imagestrabasen - min artikkel om distriktsmarkedsføring frå Syn og Segn

Marknadsføringa av Sogn og Fjordane er i ferd med å gå frå politisk basert motkultur til kommersiell og motstandslaust medkultur.  Av Anne Viken Setting: Datoen er 17.februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Forventningar om kva fjordfylket kan tilby oss svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. “Framtidsfylket” 1 har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entrepenørar iVestlandetets fråflyttingsfylke nummer ein. Næringslivsstanden er kledd opp i flattbrød og fingermat frå havet. Året er 2009. Metoden er populisme. Bæ bæ store ulv Klokka seks syng studentkoret Lerken frå Universitetet for Miljø- og biovitenskap (UMB) om sil...

Verdas vakraste pensjonistreise/ engelske turistar på hurtigruta

På min veg til Kirkenes går eg ombord på hurtigruta i Tromsø. Tromsø har stort, nytt glasbibliotek i fleire etasjar, ishavskatedral og rådhus der lysa blinkar i takt i lyshow oppover i etasjane når kvelden sig på. Tromsø har også eit livlig uteliv, og eg fekk ei detaljert innføring i byens nattklubbar av ei dørvakt eg møtte i mi jakt på fiskemat. Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste ombord. Eg deltok med andre ord på verdas vakraste pensjonistreise, og etter kort tid sat eg linja opp framme på dekk blant ei lang rekke andektige pensjonistar. Sjå på dei små gardane, seier ein engelsk turist når vi er på veg ut frå Tromsø. Små gardar ligg nede i strandkanten under tett skog og bratte fjellsider. Bur her verkeleg folk? Og har dei veg? Ein heil flokk engelske turistar lener seg mot ruta i panoramasalongen og deltek aktivt i jakta på ein veg. Jo, sanneleg. Det ser ut som om det er ein veg der inne mellom trea, utbryt den eine. Resten av...

Russland - ikkje for pingler

"How are you?» Det er Kelly, sjef for tolv krabbetrålarar under russisk kommando, som er på tråden. «Vi er i Oslo i kveld», seier han. «Vil du bli med ut og ete?» «Yes», seier eg og set meg på første trikk. Kelly er ingen trøytt Blinderntype. Han er ein real krabbefiskar med jobb på Barentshavet og hamn i Kirkenes. LÆRER SEG KNEP Første gong eg møtte Kelly, var i 2007 under ein fotoseanse med ordførarkandidat, og seinare ordførar i Sør-Varanger, Linda B. Randal (Ap) på kaia i Kirkenes. Kelly heisa meg ned i lasterommet på trålarane, viste fram krabbefabrikken og dei tronge lugarane, kjøkkenet og krabbeteinene som tårna seg opp på dekk. Året etter kom eg tilbake, og vi festa på Kirkenes-dagane saman med mannskapet. Igjen sat vi i dei tronge lugarane og drakk russisk te. «Men no sender russarane oss heim til USA», seier Kelly der vi sit benkja med kvit duk på Aker brygge eit halvt år seinare. «Russarane har lært seg knepa og kan fiske opp kongekrabbene sine sjølve. Dei treng o...

En nasjon av kjøtthuer

Svenn Arne Lie er ute med bok: Hvorfor sulter én milliard mennesker i en verden som produserer mer mat enn noen gang? Er norske bønder ulønnsomme parasitter med sugerør ned i statskassa? Hvorfor spiser vi fire ganger mer kylling enn vi gjorde for 20 år siden? Hvorfor sulter én milliard mennesker i en verden som produserer mer mat enn noen gang? Er norske bønder ulønnsomme parasitter med sugerør ned i statskassa? Hvorfor spiser vi fire ganger mer kylling enn vi gjorde for 20 år siden? I En nasjon av kjøtthuer gransker forfatterne myter om norsk landbrukspoltiikk. Dette er en bok om noe av det mest grunnleggende ved livene våre: maten. Bestill eller les meir om boka

Skrivetips: teikn handlinga.

Slik ser sunn og etisk mat ut

Villsauene til Hilde Buer lever ute heile året på øya Grønenga i Florø. Villsauer from anne viken on Vimeo . Vite meir om korleis sunn og etisk mat blir til? Sjekk ut: Villsauboka.