Gå til hovedinnhold

Innlegg

Eg kjem med barnebok på Samlaget til høsten

Livet i ein ekte veterinærpraksis med hest Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den avsidesliggande Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treff ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, men dei kvite hestane i Tordenbygda er ikkje som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Hakket for farleg. Debutboka til Anne Viken er basert på livet i ein verkeleg veterinærpraksis med ekte pasientar, ekte dyreeigarar og ekte veterinærmysterier. Aldersgruppe 10 + Omslagsdesigner er Øystein Vidnes. Meir informasjon kjem til å bli lagt ut etterkvart i høgre hjørne oppe på denne bloggen. Følg med!

Er vi klar over kva det er vi ber om når vi ber om billeg mat?

Aldri før har verda produsert mat på ein så gjennomindustriell, samlebandsaktig og etisk betenkeleg måte som det vi gjer idag. Vi har aldri hatt høgare kompetanse, men heller aldri lågare etikk i matproduksjon. Dette medfører ei rekke risker for konsument. Les mitt innlegg i dagens Dagbladet. Er forbrukarane klar over kva dei ber om når dei ber om billeg mat? Mennesket har ei nøkkelrolle i matproduksjonen. Det er menneske som står bak regelverk, etikk og produksjonsmåtar. Det er mennesket som er nøkkelaktøren for med sine verdiar kunne få til endring og legg premissa for korleis mat skal produserast. Når ein kjenner til kva som er i ferd med å skje, kan ein lure på kva slags etikk og verdigrunnlag som råder grunnen hos dei som legg føringar for korleis norsk mat blir produsert i dag. Ein kan også stille seg spørsmål ved om det er slik den norske forbrukaren ønsker at billeg mat skal produserast. Det skal gjerast billeg. Vi kjenner til at Nortura køyrer kyllingtransportar d...

Ja til eliteskuler og -klasser

Erik Solheim skulka skulen, den slasken. Eg forstår han godt. Så lågt nivå som ein måtte forhalde seg til både når det gjaldt lærarar og undervisning gjennom barne-, ungdoms og vidaregåande skule, var det ikkje særleg hensikt å møte opp i timane. Du møtte opp for å høyre på ein eller anna lærar som stod og lirte av seg eit eller anna du kunne frå før. Det var ikkje særleg givande. Pensum var enkelt, undervisninga kjedeleg og det gjekk sakte framover. Alle skal med. På ungdomsskulen hadde vi ein lærar i tysk som ikkje hadde kontroll på klassen. Tida vart nytta til å lytte til ein gut i klassen som ikkje makta sitte stille. Ho snakte med han heile timen. Vi sat der som nek og lytta. Vekkasta tid. Alle skal med. Kva med flinke elevar? Ingen tenker på oss. Eg fekk lite utfordringar på skulen, ein såkalla flink elev. Eg kjeda meg frykteleg på skulen. Først når ein kom seg ut av vidaregåande og over på høgare utdanning fekk ein noko å bryne seg på, ein møtte andre flinke elevar. Om ei...

Difor blir eg ikkje bonde. Slavearbeid: nei takk!

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske. Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og sosialt liv. Det er ikkje kompatibelt med det norske samfunn anno 2011. Folk...

Det blir bok til høsten

Har sett førsteutkast til bokomslag. Det er veldig morsomt. No er det altså på tide å glede seg!!! Meir informasjon kjem seinare. Biletet her har ingenting med framsida og gjere, men kan tenkes ha noko å gjere med innhaldet.