Gå til hovedinnhold

Innlegg

Traktorkunstnar inntok Florø

Sidan eg ikkje greier tenke ut ei einaste helsing, utover god dag mann økseskapt og god helg, har eg slått meg på teikningar når bøker skal signerast. Eg er svært folkeleg, og har krasja med traktor minst to gonger, så traktor er ein disiplin innanfor kunsten som eg føler eg kan relatere meg til. Berre sjekk den stilen. Her bilete frå Kystdagane ved Kystmuseet i Florø 2.september 2012. Les meir om boka her. For ei landkrabbe som meg er dyr frå havet noko svært vanskelig å stappe inn i munnen, men det går.   Om du vil bli eit lykkelegare og heilare menneske kan du enkelt kjøpe denne boka.  For John Egil blir dette garantert eit vendepunkt.   Fiskekakesteiking i friluft er definitivt sunt for deg. Og under her: Hilde Buer som lagar tråd frå villsauull og eg som tvingar på folk bøker.  (Det er eg forresten ganske god på). Dette er eit miljø Elise-boka passer inn i. Torsdag skal eg lese på biblioteket på Sande kl 17. SommarL...

Wow! Eit øleldorado i Sunnfjord!

   55 ølsortar, derav 5 frå eige bryggeri! Og glimrande tapas! Ah, alle vi som liker skikkeleg øl har no fått ein pub i Sunnfjord som like gjerne kunne lagt på løkka i Oslo eller NY gitt inventar, utvalg, mat og øl. Hurra!   Rett ved ferjekaia i Dale sentrum.

Økologisk landbruk stadig meir industrialisert

Den svenske garden har to tusen storfe, mjølkerobotar i lange baner, mange store traktorar, svære areal, bruker mykje kraftfôr. Konvensjonell industri, tenker du. Du tar feil. Denne garden er økologisk.  Smak på det: to tusen storfe og økologisk . Det er kyr så langt auget rekk og endå lenger. Som professor Michael Carolan ved Colorado State University påpeiker i The Sociology of Food and Agriculture , har økologisk landbruk tatt opp i seg ei rekke trekk frå konvensjonelt landbruk og ført til ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket. Økologisk industri er eit omgrep å lære seg. Les meir Det er ingenting ved økomerket som seier at produktet kjem frå eit system, ein produksjonsmåte, som ikkje er energiintensiv, storskala, eller som tar høgd for sosial urettferd, eksempelvis sosial dumping av arbeidskraft i framstillinga av kraftfôr.    Medan snittet for konvensjonelle bruk i Norge i 2007 var på 112 000 liter mjølkekvote, låg økobøndene på 12...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...

Vil du bli hemmelig agent?

Ligaen har alt fleire agentar og alle jobber undercover slik ekte agentar ofte gjer. Eg søker no etter fleire hemmelige agentar som kan hjelpe meg å selge boka om ELISE. Trykk på denne linken. Klikk så på det nederste vedlegget, print det ut, ta det med og legg det att ein stad eller tretten. Les bokomtale av Elise hos NRK. Kjøp boka hos Haugen Bok og få den rett i postkassen. PS med lita skrift: Den som legg ut flest ark, kan vinne ein svært hemmelig agentpremie om dei gir meg lyd på min superhemmelige epost. PS2: Du finn eposten i høgre marg.

Ulv, bjørn og svarte hestar

Norsk Barneblad eksisterer framleis, og i siste nummeret kan du lese eit intervju med meg om spøkelser, ulv, bjørn og svarte hestar (s 12 og 13) og ein omtale av "Elise og mysteriet med dei døde hestane" (s 22). Last ned heile PDFen her! Og kvifor ikkje bli abonnent? #skulestart #nynorsk

Boksignering hos Fosseheimen Naturpark på Viksdalen

  Skinn, mørke og stearinlys satte stemningen for Elise og mysteriet med dei døde hestane.  Les også intervju om spøkelser, bjørn og ulv frå Norsk Barneblad, s 12-13 og 22 Folk sat rundt langbord. Sjekk lysestakane på borda og sjekk veggen bak. Veggen er ein diger vedstabel! Eg signerer bøker.    med teikningar. Alle er forskjellige og folk kan velge figur sjølv. Vi solgte mange! Karina hos Fosseheimen Naturpark har fleire så her går an å kjøpe også utover høsten og fram mot jul. Sjekk ut nettsida deira. Masse kaker og kaffe og middagsmat frå Eldalstunet Det er kjempefint tillaga lokale der. Og igår var der ca 300 besøkande. Oppned stålbøtter fungerte som lamper i taket. Stilig. Eine veggen i lokalet. Sjå til høgre, heile den veggen er av stabla ved. og bar. Takk til Karina Hetle Solheim for ein del av foto i bloggen. Boka vart utsolgt frå nettbutikken, men er no inne igjen så d...