Gå til hovedinnhold

Innlegg

Hos Karina bur slottskaninar, bestemorhøner og pensjonerte sofagrisar.

I Fosseheimen Naturpark på Viksdalen i Sogn og Fjordane bur det hestar, lama, høner, kalkunar, hundar, grisar og kanin. Det er Karina og Ståle Hetle som driv garden. Alle som vil kan kome og helse på dyra når dei har open gard i helgene. Karina tek seg av mange dyr som andre ikkje vil eller kan ha lenger. Grisen som måtte lære og bli gris . Eit av desse dyra er den kanadiske grisen Pomba. Pomba er ein liten svart gris på snart to år. Han har vore hos Karina i nesten eit år. Før Pomba kom til Karina var han husgris. Artikkelen er trykt i siste utgåve av Norsk Barneblad . Då Pomba var åtte veker, flytta han inn i leiligheten til ei dame som ikkje ville ha hund, men gris. Pomba vart storbygris, sov på sofaen og var ein ekte stovegris. Dama var veldig oppteken av at Pomba ikkje skulle bli svinaktig feit, så ho gav han lite mat. Pomba var alltid svolten, og fordi Pomba var svolten, laga han leven. Han leita etter mat i søpla og blei etterkvart ganske slitsom å ha i hus....

Rideleir med discomusikk og teikning på hestar i Viksdalen

Igår var eg med på ein rideleir på Fosseheimen Naturpark på Viksdalen i Sunnfjord. Der heldt eg veterinærtime i samband med at eg har gitt ut ei spenningsbok om dyrlegepraksis og hestar, Elise og mysteriet med dei døde hestane.  Her ser du meg og Ronja frå Viksdalen. Ronja har lese boka og synest den var kjempespennande! Så spennande at det var nesten litt skummelt. Det er kjempegøy å høyre tilbakemeldingar frå ungane!  Eg snakka om korleis det er å jobbe som hestedyrlege, korleis ein kan undersøke ein hest og kva som finst inni ein hest. Her fekk dei kjenne på pulsen på kjeven til hesten. Den var ikkje så lett å finne! Sånt må lærast! Vi kikka også inn i hestemunnen og undersøkte korleis den såg ut på tennene og i kinna. Det er ikkje sånt eg anbefaler ungane å gjere når dei er heime aleine! Hestar har dei same beina som oss, men dei er plassert litt annleis. Her viser eg min fot ved sida av ein hestefot for å demonstrere kvar lårbeinet...

Kjøttfrie dager - forbrukarbløffen om kjøt

..heller enn å bremse opp, slå eit slag for dyrevelferd og kvalitet, pøsar landbrukssektoren på med meir søppelkylling, meir betongpurker og meir kalkun med hofteleddysplasi. På same tid klagar ein over dårleg betaling. Men lat oss vere litt ærlege med oss sjølv: kva kan ein i grunn vente seg av betaling for industrielle masseprodukt? Trykt i Nationen som gjestespalte 4.oktober 2012 Her om dagen fekk eg ei bok i posten. Kjøttfrie dager er skriven av journalistane Hege Ulstein og Yngve Ekern, som forøvrig også er eit ektepar. Ekern traff eg på Dyreetikkonferansen i Oslo 21.september der han sat i eit mannstungt panel og debatterte Hvordan formidle dyreetikk – fra gård til gaffel . Professor Runar Døving hadde tidlegare halde eit innlegg om Å produsere et dyr , og påstod at å avlive eit kjæledyr er som eit mord å rekne. Virkeligheten er ein stad eg trivast til dels ganske godt i, og Døving var i ferd med å ta oss alle ut på viddene. Så kom den energiske Eker...

Snart kjem Elise-boka til ein butikk nær deg!

Boka sel som hakka møkk, og eg signerer med remmer og tøyler helde. Det finst signerte bøker å få kjøpt i Førde på begge bokhandlane, og om få dagar kjem boka i butikk hos Viksdalen Handel, Spar Jølstraholmen og Spar Sande, samt fleire andre lokalbutikkar, saman med gratis hesteplakat. Gjer som desse nærbutikkane. Få eit godt pristilbod på boka til distributørar, med full returrett. De kan også booke meg for signering. Bileta er frå helgas signering i Førde. Les omtale av boka hos Norsk Barneblad. Frå omtalen i Dag og Tid:

Fjørfereklame fordekt som barneskulepensum: om mat- og landbruksbøker for barn. Pensum eller propaganda?

Bør fjørfenæringa få innpass i barneskulen med sitt eige undervisningsmateriale? Og kven kan kvalitetssikre bøker om landbruk mynta på barn når forskarar i veterinærmedisin ikkje klarer det?  Eg har skrive om tre bøker om mat og landbruk for barn i siste utgave av tidsskriftet PROSA. Les heile artikkelen her. Les kronikken i Dagsavisen om fjørfreklamen fordekt som pensum Desse bøkene er omtalt i PROSA-artikkele . Den i midten er fjørfenæringas eige pensum .