Gå til hovedinnhold

Innlegg

Matbutikkar: betre bokformidlarar enn bokbutikkane

Eg tek ikkje sjansen på å utelatande overlate mi barnebok, Elise og dei døde hestane, til bokbutikkar. Bokbutikkane gjer ofte ein dårleg promoteringsjobb, og har eit stort fokus på bestselgarar. Difor har eg solgt boka til ei rekke matbutikkar. Boka er sjølvsagt også i bokbutikkar, samt innkjøpt av bibliotekas innkjøpsordning. Dessutan av haugenbok.no utropt til årets beste hestebok. Enkelte bokhandlarar, samt Haugenbok.no, har vore svært flinke til å vise fram Elise-boka med anbefalingar og kampanjer. Men ikkje alle lesarar går innom ein bokbutikk så ofte, og ikkje alle bokbutikkar er særleg gode på å selge bøker. Det er blant anna eit problem at bokbutikkar i bokmålsområder, som trass alt er mesteparten av Norge, ikkje promoterer nynorske barnebøker. Eg starta difor personleg innsalg til matbutikkar, og responsen var veldig positiv. Elise-boka har lenge vore å få kjøpt ved kassa på ei rekke Spar, Bunnpris-butikkar og Coop Xtra. Eg ønsker at folk skal vite om boka, og sk...

Nokre feriefotos frå Etiopia

Fifty shades of kiosklitteratur

Fifty Shades of Grey er først og fremst interessant som fenomen. I kvalitet har dei mange fellestrekk med kiosksjangeren. Du veit det frå før, men lat oss ta det igjen. Fifty Shades of Grey -trilogien er, ifølge Gyldendal, historias raskast seljande bøker. Bøkene er solgt i over 20 millionar eksemplar i USA, 12 millionar i Storbritannia, og slik kunne vi ha halde fram. Marknadsført som «bokserien alle snakkar om» og tidenes største bestseljar, sel den som hakka møkk, også i Noreg. Men Fifty Shades er alt anna enn kvalitetslitteratur. Bøkene er først og fremst eit interessant fenomen, og kan lesast som nettopp det. Det mest spennande er dermed ikkje handlinga, men kvifor bøkene sel. Dette skal eg kome tilbake til, men først skal vi ta ein kikk på kva fenomenet Fifty Shades of Grey er for noko. Les heile mitt essay hos Minerva.   

Barne-TV videoar med fakta om dyr!

Eg har laga nokre filmsnuttar med fakta om dyr! fakta om høner og egg from anne viken on Vimeo . Fakta om høner og sex! from anne viken on Vimeo . Fakta om kaninar og mat from anne viken on Vimeo . Fakta om høner og luft! from anne viken on Vimeo . Sjå bilete for mitt skuleprogram i forbindelse med barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane.

Ei reise i kunstformidling og vrangvilje

Kunstmusea i Sogn og Fjordane har i fleire år hatt søkkande publikumstal. KUNSTsf2012 Tour la ut på vegen og tok pulsen på kunstformidlinga i Sogn og Fjordane. Kronikk i Bergens Tidende 14.november 2012 av KUNSTsf2012 Tour. Les vå r blogg eller følg oss på Facebook. Sjå våre YouTube-episodar om kunst.  Oppspark. Nittitre millionar kroner er brukt på det nye kunstmuseet som vart opna i Førde 8. september 2012. Bygget og beløpet er knapt diskutert i media, og museet skaut for mange opp av bakken like fort som julekvelden kom på kjerringa. NRK melde om 1100 besøkjande under opninga, men opninga av signalbygget i Førde vart oversett av alle nasjonale medium. I 2011 var det berre 858 besøkjande ved museet. KUNSTsf2012 Tour er kalla opp etter opningsutstillinga, KUNSTsf2012, og er ei sjølvfinansiert reise til ulike museum, kulturpersonlegdomar og kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane. Vi (Anne Viken og Frank Willy Djuvik) ønskte å undersøkje formidlinga av k...

Portrettintervju av meg i Aftenposten lørdag

kan lesast her i PDF: Side 1 Side 2 Side 3 Takker for mange hyggelege tilbakemeldingar:) Og by the way. I 2010 gav eg ut ein boksingle beståande av tre tekstar på Flamme forlag. Den heiter XXX og kan lastast ned her, gratis.