Gå til hovedinnhold

Innlegg

Det blir servert dårleg etikk på mange festbord rundt jul og nyttår

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat. Bryr folk seg eigentleg? Kronikken er trykt i Bergens Tidende. * Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold. * Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse Hos mange står kalkun på festmenyen. På sine nettsider skriv Nortura dette: «- fra råvarer til merkevarer. Norges ledende aktør innen kjøtt og egg. Vi leverer landets fremste merkevarer. Nortura er en garantist for at forbrukeren får et mangfold av kvalitetsprodukter med likeverdige tilbud i hele landet». Merk deg «landets fremste merkevare». Slagord og biletbruk er...

ANNE VIKENS DEBUTBOK I NYTT OPPLAG

Førsteopplaget på 3000 av Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er snart utselt.   Boka kjem i nytt opplag over nyttår. På tide å trekke i kjole og ta seg ein fest!  Ønsker alle lesarar ei god jul !

Årets beste tips

ÅRETS BESTE TIPS til hestejenter og dyrlegespirar er boka Elise og mysteriet med dei døde hestane, skriv HaugenBok. Forfattar Anne Viken er sjølv dyrlege, og boka byr på store dosar med spenning, vitskap, humor og sjølvsagt, HEST.  No til MAKS RABATT! Bestill i dag - få boka i morgon! SJÅ HER: #julegavetips Det er ganske gøy med slike anbefalingar frå bokbutikkar ein veit har lese boka frå perm til perm, og som anbefaler den utfrå ei kvalitetsvurdering. 

KUNSTsf2012 Tour - alle youtube-episodane samla. Eit sosialemedier prosjekt

KunstSF2012 Tour er eit prosjekt som set fokus på kunst i Sogn og Fjordane ved bruk av sosiale medier: youtube, facebook, blogg og twitter. Det er eit prosjekt som tek i bruk sosiale medier for å nå ut til publikum. Sogn og Fjordane er eit fylke der nye ting av mange i fastgrodde posisjonar blir sett på som rett og slett fæle greier, og dette har vi merka litt til. Eg synest det er eit interessant feltstudie å observere kor liten kunnskap mange forvaltarar tillet seg å ha. På same tid finst her ei masse folk som tenker nytt og innovativt, utan å jamre seg over lågt folketal og andre bortforklaringar ein raskt kan gripe til. Det har vore interessant for meg, etter mange år i Oslo, å erfare kor ekstremt tung og inngrodd materie som finst i Sogn og Fjordane, og kva uprofesjonelle haldningar som er til media hos folk i posisjonar ein hadde venta seg kunne slikt. Dette var nye opplevingar etter nokre år som journalist i Oslobaserte medier. Lokalmediene har nok ingen lett jobb med slikt m...

Matbutikkar: betre bokformidlarar enn bokbutikkane

Eg tek ikkje sjansen på å utelatande overlate mi barnebok, Elise og dei døde hestane, til bokbutikkar. Bokbutikkane gjer ofte ein dårleg promoteringsjobb, og har eit stort fokus på bestselgarar. Difor har eg solgt boka til ei rekke matbutikkar. Boka er sjølvsagt også i bokbutikkar, samt innkjøpt av bibliotekas innkjøpsordning. Dessutan av haugenbok.no utropt til årets beste hestebok. Enkelte bokhandlarar, samt Haugenbok.no, har vore svært flinke til å vise fram Elise-boka med anbefalingar og kampanjer. Men ikkje alle lesarar går innom ein bokbutikk så ofte, og ikkje alle bokbutikkar er særleg gode på å selge bøker. Det er blant anna eit problem at bokbutikkar i bokmålsområder, som trass alt er mesteparten av Norge, ikkje promoterer nynorske barnebøker. Eg starta difor personleg innsalg til matbutikkar, og responsen var veldig positiv. Elise-boka har lenge vore å få kjøpt ved kassa på ei rekke Spar, Bunnpris-butikkar og Coop Xtra. Eg ønsker at folk skal vite om boka, og sk...

Nokre feriefotos frå Etiopia

Fifty shades of kiosklitteratur

Fifty Shades of Grey er først og fremst interessant som fenomen. I kvalitet har dei mange fellestrekk med kiosksjangeren. Du veit det frå før, men lat oss ta det igjen. Fifty Shades of Grey -trilogien er, ifølge Gyldendal, historias raskast seljande bøker. Bøkene er solgt i over 20 millionar eksemplar i USA, 12 millionar i Storbritannia, og slik kunne vi ha halde fram. Marknadsført som «bokserien alle snakkar om» og tidenes største bestseljar, sel den som hakka møkk, også i Noreg. Men Fifty Shades er alt anna enn kvalitetslitteratur. Bøkene er først og fremst eit interessant fenomen, og kan lesast som nettopp det. Det mest spennande er dermed ikkje handlinga, men kvifor bøkene sel. Dette skal eg kome tilbake til, men først skal vi ta ein kikk på kva fenomenet Fifty Shades of Grey er for noko. Les heile mitt essay hos Minerva.