Gå til hovedinnhold

Kompiskamp

Kompiskamp, eller kulturkamp som Dagbladet kaller det, bidrar til fordumming av det offentlige rom. Det er alvorlig når mediene ikkje maktar å få fram anna enn barkrakk-kjekling.


Anne Viken, frittstående skribent, bloggar og journalist, Oslo (Dette lesarbrevet stod på trykk i Klassekampen lørdag 11.juni 2009)


Sommarens store agurk, Dagbladets serie om kulturkampen, er over oss og det er tid for å repetere grunnfagspensum i evolusjonsteori og sosiologi, men det er ikkje evolusjonsteori og sosiologi dette avisinnlegget skal dreie seg om.


Det skal dreier seg om ei avis i fritt fall, og en liten andedam Oslo. Det dreier seg om ein kompisgjeng i same by som har tatt diskusjonen ut av heimefesten der den høyrer heime, og ut i det offentlige rom. Det handlar om «debatteliten», eller kompisane i den lille storbyen Oslo som føler for å spele litt løkkefotball med kompisane i løkkeblekka Dagbladet, og eit Dagbladet som i desperat kamp mot klokka og pengesekken prøver å gjere seg sjølv relevante ved å intervjue kompisane sine i downtown Oslo.


Det skal bli litt av eit show til høsten, får vi høyre, men i første omgang har ikkje showet imponert. Det har stagnert. Mykje på grunn av Dagbladets valg av kilder i ein debatt som ellers, og med eit spekter av gode kilder, kunne ha blitt både interessant og relevant.


Så spørsmål ein: Kvifor drar Dagbladet saken så langt?


Dagbladet stiller store spørsmål, (har de kulturradikale ideene, som har hatt så stor innflytelse på den norske samfunnsutformingen, virkelig mistet taket? Hvis det kulturradikale hegemoniet rakner — hvorfor skjer det? På hvilke områder? Hva erstatter det?) og får det heile til å sjå ut som ei sak vi bør få med oss, og medie-Norge spelar med. Men Dagbladet floppar i kildevalg.


I artiklane har dei intervjua Aslak Nore og Harald Eia. Og desse som er hardt i tottane på dei norske venstreradikale, og kompiser med kvarandre, skal altså kjempe kulturkamp på vegne av oss alle, ja heile landet. Skal vi ta dette alvorlig?


Spørsmål to: Kvar er redaktørane som kan fiske inn dei interessante kildene utanfor eigen barkrakk-krets?


Kvar er kompetansepersonane, forskarane, kilder frå andre arenaer: eksempelvis USA der mange av dei «nye evolusjonsteoretiske tankane» stammar frå? Kvifor snakkar ikkje Dagbladet med evolusjonspsykologar og realistar, men med skribent Aslak Nore, humorist Harald Eia og journalist Jon Hustad? Kødder dei med oss?

Nei, dessverre. Dagbladet ser nok på dette som godt, tabloid stoff og gode d-kjendiskilder, om ein ser bort frå Eia. Men Dagbladet har gjort eit dårleg journalistisk arbeid i valg av kilder. Dagbladets redaktørar har vore for lenge i andedam Oslo. Dei ser ikkje skilnad på kompisar og kilder.


Barkrakk-kjekling


Vi er mange som ikkje maktar å ta kompiskampen som no rasar i hovudstadsmediene på alvor. Men det er kanskje heller ikkje meininga at vi skal. Eller kanskje bør vi likevel, men ikkje på grunn av kilde- og temavalg. Årsak til at vi bør ta det på alvor er fordi ei slik form for kompisdebattering i mediene skader meir enn den nytter, og er grunnleggande fordummande og udemokratisk både i tilnærming og kildevalg. Det er alvorlig når mediene ikkje maktar å få fram anna enn barkrakk-kjekling. Det alvorlige her er medier og offentlig ordskifte i fritt fall.


Mediene krympar landet


Norge er eit lite land. Mediene bidreg til at det blir enda mindre. Ein liten gjeng i hovedstaden monopoliserer offentlige debatten og gjer den smal og repetetiv, ikkje som eit ledd i eit media- eller opplysningsprosjekt, men som eit show for kompiser.


Dette begynner å kjede oss, eventuelt held det folk gåande gjennom agurktida, og showet går og går, og så møtes vi på fest, dere. Skål for den debatten. Vil du høre om mitt neste utspel i media? Skal vi møtes og ta ein kaffe? Jepp. Seff. And the story continues. Som Torbjørn Røe Isaksen skreiv på kronikkplass i Dagbladet onsdag: Be afraid. Be very afraid.


(Til slutt går det an å nevne: det er eit spel i media, det er eit spel i kulissene. Det er fleire som har redigert dette innlegget enn meg, og dei er ikkje nødvendigvis dei du trur at dei er. Kompiskampen er intrikat på alle fronter kan ein vel kort sagt sei).

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn