Gå til hovedinnhold

Inntil vidare har eg ballen/ feminister følger på/ insidehistorier frå feministmiljøet/ Moods of Norway = feminisme!?

Ting skal også tolkast.

Mi formulering i leserbrevet mitt om feminister i Aftenposten var denne: 1) "De ukorrekte som tør å si noe som feministene er uenige i, – som for eksempel Preben Z. Møller, blir møtt med forutsigbare korrigeringer, eller usaklig fordømming og personfokus, eventuelt hersketeknikkene som feminister selv har kjempet mot i mange år."

Responsen frå feminist Anne Bitsch er denne: 2) " annebitsch@anneviken Tjah, hva tror du selv om å lansere sine personlige venner som norsk kjønnsforsknings sannhetskjemper og løfte dem frem i media? (twitter)"

Korleis greier Bitsch å tolke 1) til å bli 2)? Det fortel ein heil del om tilnærminga. Veien frå min omtale av Møller som ukorrekt, til Bitsch si tolkning til "kjønnsforskningens sannhetskjempere" er interssant.


Dette illustrerer ein heil del. Dette illustrerer kva slags haldningar mange sit på, blant anna Bitsch. Og Bitsch liker å ta ondet ved roten. Difor har ho klinka til mot slikt før. Blant anna her, i ein kronikk i Aftenposten: "Den siste ukens retoriske sabelrasling mellom Mads Larsen og Preben Z. Møller i Aftenposten om lovfestingen av forbud mot sexkjøp har skjøvet de prostituertes og mennenes seksualpolitiske interesser på sidelinjen til fordel for de unge mennenes ekstreme behov for personlig selveksponering og imagebygging rundt sine lodne forfatterprosjekter. Nettopp da du trodde at debatten om prostitusjon ikke kunne bli verre, ble den faktisk det."

Personfokus og bygdeimage = feministdebatt

Dagens kommentar av Martine Aurdal i Dagbladet illustrerer, som fleire har sagt, også godt mitt poeng i leserbrevet: feministar maktar ikkje ta føring, dei henger på med oppramsing av det dei har sagt før, indignerte og opptatt av å få sagt sitt. Ein må henge på.

Heller enn å halde seg til saken (feminisme og debatt), begynner Aurdal og skrive om debatten rundt markedsføringa av Sogn og Fjordane, som ho ikkje ser ut til å vere enig med, og grip til pinlige hersketeknikker og flaue vurderinger.

Kva har dette (Sogn og Fjordanes image) med feminisme å gjere? Aurdal skriv: "Hun (eg) er en sint, ung kvinne. Anne Vikens forrige 15 minutter handlet om hjemfylket Sogn og Fjordane, hvis markedsføring hun har slaktet flere ganger". Samt ein artig presisering av Aurdals eige syn på debatten om markedsføring av Sogn og Fjordane: "Selv synes jeg Moods of Norway er ypperlige representanter av arten sogning".

Er dette en joke? Vi snakker om feminisme og så får eg servert Aurdals syn på Moods, som heller ikkje er sogninger men nordfjordingar. Eg må ærlig innrømme at eg maktar ikkje ta denne kommentaren som anna enn det den er: eit leserbrev til sine venner i feministkretsene der ein seier at "dette utspelet er tullete, og denne debattanten AV er litt sånn teit, altså, berre hør kva ho har sagt før om Moods assa". Seriøst?

Og resten av kommentaren har eg ikkje tenkt så mykje over, all den tid eg må innrømme den var ikkje spesielt interessant. Men akkurat dette med Sogn og Fjordane hengte eg meg litt opp i, fordi det seier noko om ein makteslaus argumentlaus kommentarting frå ein feminist som ikkje maktar å komme med anna enn fraser.


For kva har dette med feminisme å gjere? Heile kommentaren er utelukkande fokusert på meg. Greit nok at eg er ein fasinerande kreatur, men det er ikkje eg som er tema her.

Svaret er ganske innlysande: når ein mangler argumenter, går ein på person. Når ein ikkje har tenkt gjennom kva ein vil sei, er det lettvint og billig å slenge litt om Moods. Feministen Aurdal makter ikkje å imøtegå meg med anna enn sin uenighet, og eg må sei at det interesserer meg egentlig ikkje at Aurdal er uenig.


Men vi er mange som ikkje syns dette maset om vårt kjære fylke var noko særlig, og vips hadde debatten spora av frå feminisme til argumenter om korvidt kommentaren var flau og dårlig. Slik det ofte med feministisk debatt. Den sporer av, kort sagt fordi ein blir meir opptatt av å fyke på sine motstandere enn å argumentere for seg.

Desse stakkars Sogn og Fjordane-folka, som eg visstnok har slakta, rykte ut på twitter med sine støtteerklæringer. Årsak: det pågår ein konstruktiv dialog i Sogn og Fjordane som vi synest er interessant å engasjere seg i.

Som ein slags "offensiv feminist" burde ho heller gripe ballen enn å henfalle til å følge opp. Men inntil videre har eg ballen og resten av feministene følger på. Og sjølvsagt roper eg i cyberspace. Eg er blogger! A lot of fun.

"Hvem skaper vår tids bilde av kjønn? Iallfall ikke feministene."

No venter eg spent på Bitsch sitt leserbrev i morgondagens Aftenposten.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn