Gå til hovedinnhold

Det handlar ikkje om kvinnekamp, men om posisjonering og show off.

Høyr om Glitterfitter på radiorakel FM 99,3: onsdag 2.september klokka 16. I studio er Sigird og Anne. Vi skal anmelde boka, og eg har før omtalt den ganske lunkent her på bloggen. Det kjem eg nok til å måtte fortsette med.

Og så litt småplukk om Glitterfitter, og dei paradoksale kritikarane som har vore ute mot boka i media:

Mali Steiro Tronsmoen: Litt spes å være med i en bok som jeg merker at jeg sjøl ikke syns noe særlig om. Les innlegget i VG her:

"Redaktørene glemmer hvor få som har lett tilgang til media og bruker høye hæler på jobb. Et vitnesbyrd fra 18 jenter som er valgt ut fordi de er sterke jenter med sexy undertøy viste seg å verken være særlig banebrytende eller interessant. Men ingen bør hevde at dette er virkeligheten for unge kvinner i Norge i 2009."

Er dette seriøst SU-lederne bortforklaring på kvifor ho vart med på prosjektet? Det ser slik ut. Men ho er SU-leder, ho burde visst betre og trekt sitt bidrag da, om det var så farlig. Eventuelt latt kritikken ligge, heller enn å kaste vekk spalteplass på posisjonering og kasting av stein i glasshus. Way to go.

Fett-redaktør Charlotte Myrbråten kan heller ikkje stille seg bak prosjektet, som ho riktignok også bidrar i.


Det heile framstår som posisjonering: innlegga til Myrbråten og SU-leder Steiro Tronsmoen handlar ikkje om feminisme, men om Myrbråten og Steiro Tronsmoer posisjoner i forhold til Glitterfitter-antologien.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...