Gå til hovedinnhold

Kjøpt og betalt av sentrum?

Det er slåande korleis distrikta tilsynelatande prøver å tilfredstille andres krav til kva dei skal vere: ein turistdestinasjon.

Hovedpoenget i denne kronikken er at distriktet satsar på det sentrum vil dei skal vere, heller enn å satse på det som ville gitt utvikling og vekst, kompetanseheving og potensiale for å "overleve som samfunn" på lang sikt.

Originalversjonen av denne teksten finn du her . I denne versjonen er det også linkar. Denne bloggposten er ein nedkutta versjon, identisk med kronikken i Firda idag.


Eg var nett på Småsamfunnkonferansen i Tromsø. Publikum hadde fått med seg debatten om Sogn og Fjordane. Dei same problemstillingane rir utkantstrøk over det ganske land: folketal og utvikling. Det er ikkje sutring å snakke om dette. Det er realitetsorientering. Dessutan er det nødvendig av fleire årsaker.

Eg har vore i Oslos media lenge nok til å vite at distriktsnostalgien og mangel på kunnskap om distrikts-Norge stor. Det er på same tid dei same mediene som skaper biletet av distriktsnorge og i stor grad definerer kva oppfatning vi skal ha både av det som skjer lokalt og sentralt.

Bygda har gjennom nasjonale medier og turistmarknadsføring i stor grad blitt ei merkevare for dei som ikkje bur der, og som ikkje kjem derifrå. Framstillinga får vi gjennom Aftenpostens LEVE-magasin der ein skriv om folk som flyttar frå byen til bygda for å realisere seg med toppturski på ryggen blant økologiske sauer og plommetre i Sogn. Dekning får distrikta når det blir fødd lam med seks føter eller når noko har gått i lufta i Gulen. Resten av tida er det stilt, bortsett frå når sjukehus skal leggast ned.

Media er ramma av oppsigelsar og kutt. Dette kan i sin tur auke underdekninga av distrikts-Norge i nasjonale medier. Problemet er ikkje nytt, men det kan bli verre. Resultatet kan saman med at stadig færre har røtene sine på bygda, bli at kunnskapen om distrikts-Norge vert ytterlegare svekka.

I påska las eg ein haug Sogn og Fjordane magasin frå 1980-talet. I nummer 5, 1985 spurde Åsmund Berthelsen på leiarplass: korleis skal Sogn og Fjordane marknadsføre seg i mediasamfunnet? Og vidare: «Mest alt som skjer på mediaområdet både i eteren og i avisene er retta inn mot sentralisering. (...) Fylket vårt kan fort ende i medieskuggen.»

Mangelen på interesse, eller forståelse, for norske utkantar i store deler av dei nasjonale mediene, er slåande. Bortsett frå når norske utkantar finn på ein sprek festival eller noko som maktar fange medias interesse. I media handlar det difor ofte om kuriøs turisme, eller om når det går smell.

Og omtale gir som kjent, eller antatt, marknadsverdi. Omtalen fører tilsynelatande også til at mange i distriktet ukritisk kjøper dei medieskapte historiene om seg sjølv og byggar vidare på desse.

Ein kan få inntrykk av at ein stiller villig opp og leverer det ”sentrum” vil ha: sentrum vil at distrikts-Norge skal vere bunader og felespel, dei vil ha urørt natur og ville sauer. Og når sentrumsfolket har vore der ei lita veke, vil dei reise derifrå.

Spørsmål: fører dette ønsket om at utkantane skal vere fulle av kuriøse og fine ferieopplevingar til at utkantane gløymer å tenke sjølv? Ein ting er kva som lokkar turistar, noko heilt anna er kva som lokkar tilflyttar og ein tredje ting er kva som får tilflyttarar til å bli buande.



Distrikta kjempar ein hard kamp om merksemd. Sikre kjelder fortel at det kun er eit lite mindretal av turisttilboda i Sunnfjord som maktar tjene pengar. Likevel skal ein drive med atter litt meir turisme. Er det store fokuset på turisme samfunnsbyggande?

Spørsmål: Kan vi kalle det sentrums (eller turistanes??) makt over distrikta når til og med distrikta gjenskapar seg sjølv i sentrums glansbilete av kva dei skal vere og tilby? (Turistar kjem sjølvsagt frå over alt, men dei nasjonale mediene har base i ”sentrum”, eller byane).

Spørsmål: Trur ein at ein ved å tilpasse seg sentrums ønskebilete av distriks-Norge får folk til å flytte ut på bygda?

Natur er flott, seier vi, men der er mange men: Ny forskning frå Finnmark, doktorgraden «Hjemme i nord», publisert i 2009, viser at tilflyttarar til desse områda bur her på tross av, ikkje på grunn av, naturen. Det viser seg også at det er dei som i størst grad har kjøpt klisjeen om bygda, som i minst grad maktar tilpasse seg eit liv der om dei flyttar dit.

Likevel er det klisjear om bygda vi får servert gjennom medier og marknadsføring. Kvifor? Fordi det er god underhaldning og fordi turistfolket er flinke til å selge seg inn som lettvint underhaldning. Skuggar turismen effektiv over at der faktisk også finst eit samfunn på bygda? Spørsmålet er høgst relevant.

Spørsmål: gjer distrikta seg sjølv ei bjørnetjeneste ved å akseptere andre sine historier om seg sjølv, og deretter framstille seg sjølv som underhaldning? Vi har visstnok ”ekte vestlandsgardar” og ”vikingskip” i Bygstad. Ekte for kven?

Spørsmål: Gjer ein også landbruket ei bjørnetjeneste ved å kun vise fram gårsdagens gardssamfunn?

Firda skreiv lørdag 10.april at berre ein av fire elevar på vidaregåande skule ser føre seg å bu i Sogn og Fjordane etter endt utdanning. Dette er alvorlige tal. Hovedproblemet er dramatisk mangel på folk med høgare utdanning, skal vi tru rapporten «Demografi og utvikling i Sogn og Fjordane» (2010) frå Norsk Institutt for by- og regionforskning som teiknar eit svært dystert bilete: «Sogn og Fjordane har en befolkning som av ulike grunner har vanskelig for å få så mye vekst framover. Utdanningsutviklingen er en hovedgrunn. Mens befolkningen som helhet i fylket tappes med 16 prosent fra de barn til de er i 40-årsalderen, tappes de med høyest utdanning med over 50 prosent, og de på nest høyeste utdanningstrinn med omtrent 30 prosent.»

Spørsmål: Kva med å sette ressursane inn der dei trengs: i å skape arbeidsplassar for det fylket har bruk for, nemlig høgt utdanna arbeidskraft? Turisme sysselset ikkje først og fremst folk med høgare utdanning.

Men der finst håp. Høgskulen i Sogn og Fjordane kan bli del av eit stort universitet. Dette er svært positivt. Høgskulane ute i distrikta blir uglesett som annanrangs utdanningsinstitusjonar. Universitetsstatus kan lokke til seg fleire studentar og ergo også fleire som blir buande etter endte studier og fungere som ein buffer mot flytting. Eit slikt universitet er eksempel på eit godt folketalstiltak. Lat det bli fleire slike før ein har stempla fullstendig ut som feriekoloni.



Anne Viken

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn