Gå til hovedinnhold

Kjøpt og betalt av sentrum?

Usynleggjeringa, eller mangelen på interesse for norske utkantar i dei nasjonale mediene, er slåande.


Eg var nett på Småsamfunnkonferansen i Tromsø og heldt eit innlegg, som Frank Willy Djuvik omtalte i eit innlegg i Firda. Djuvik bomma imidlertid på ein ting: skuleavisa eg og ei venninne gav ut på Hafstad vidaregåande skule handla ikkje om skulen, men om kven av gutta i dei andre skuleavisene som var mest sexy.


Mitt innlegg frå konferansen.


Uansett. Publikum i Tromsø hadde fått med seg debatten om Sogn og Fjordane. Det er ikkje sutring å snakke om dette. Det er realitetsorientering. Dei same problemstillingane rir utkantstrøk over det ganske land: folketal og utvikling, og ein arbeider hardt for å finne løysingar.


Eg har vore i Oslos media lenge nok til å vite at distriktsnostalgien er omfattande og kunnskapsløysa om distrikts-Norge enorm. Dette bidreg i sin tur til å sedimentere biletet av distrikta. Difor vil eg har sette eit fokus på medias betydning for biletet av distrikta, Sogn og Fjordane inkludert.


Det eit ubestridelig faktum at biletet av istriktsnorge ellers i stor grad er eit bilete skapt gjennom media. Det medieskapte biletet er mektig og dominerar framstillinga av den norske bygda anno 2010. Årsak: stadig færre har røter i det rurale. Dei lagar seg ikkje opp si eiga meining, men blir fora med informasjon gjennom media. Mesteparten av flytting i Norge foregår mellom byar, og ikkje mellom bygd og by slik som før.


Bygda har gjennom nasjonale medier og turistmarknadsføring i stor grad blitt ei merkevare for dei som ikkje bur der, og som ikkje kjem derifrå. Framstillinga får vi gjennom Aftenpostens LEVE-magasin der ein skriv om folk som flyttar frå byen til bygda for å realisere seg med toppturski på ryggen blant økologiske sauer og plommetre i Sogn. Dekning får distrikta ellers berre når det blir fødd lam med seks føter eller når noko har gått i lufta i Gulen. Resten av tida er det stilt, bortsett frå når sjukehus skal leggast ned og Liv Signe Navarsete lanserer ultimatum.


Media er no også ramma av oppsigelsar og kutt. Dette kan i sin tur auke underdekninga av distrikts-Norge i nasjonale medier. Problemet er ikkje nytt, men det kan bli verre. Resultatet kan bli at kunnskapen om distrikts-Norge blir ytterlegare svekka.


I påska las eg gjennom ein stor haug Sogn og Fjordane magasin frå 1980-talet. I nummer 5, 1985 spurde Åsmund Berthelsen på leiarplass: korleis skal Sogn og Fjordane marknadsføre seg i mediasamfunnet? Og vidare: «Mest alt som skjer på mediaområdet både i eteren og i avisene er retta inn mot sentralisering. (...) Fylket vårt kan fort ende i medieskuggen. Og dette gjeld meir enn media.» Hans poeng var at fylket treng fleire større og fylkesdekkande medier for å kome på kartet, eit poeng som heilt klart kan ha noko føre seg, men vi skal i første omgang la dette poenget ligge.


Avstanden mellom sentrum og distrikt er stor og svært tydelig i media. Usynleggjeringa, eller mangelen på interesse for norske utkantar i dei nasjonale mediene, er slåande. Bortsett frå når norske utkantar finn på ein sprek festival eller noko i den dur som maktar fange medias interesse. Då får dei presse, og omtale gir som kjent, eller antatt, marknadsverdi. (Eller gjer det det? Det er ikkje eit udelt ja som er svaret på dette spørsmålet). Omtalen fører uansett tilsynelatande til at distrikts-Norge ukritisk kjøper dei medieskapte historiene om seg sjølv og byggar vidare på desse.


Distrikta stiller villig opp og leverer det sentrum vil ha: sentrum vil at distrikts-Norge skal vere bunader og felespel, dei vil ha urørt natur og ville sauer. Og når sentrumsfolket har vore der ei lita veke, vil dei reise tilbake til byen.


Spørsmål: fører dette til at distriktet framstiller seg sjølv slik andre vil at dei skal vere og gløymer å tenke sjølv? Resultatet er uansett svar ei total mainstreaming, eventuelt tap av eigenart.


Framtidsfylkets eiga undersøking viser at mange av dei spurde meiner natur er Sogn og Fjordanes sterkaste merkevare. Dette seier litt om kor utydelig merkevara Sogn og Fjordane er: den er usynlig.


Spørsmål: Kvifor har Sogn og Fjordane ei utydelig merkevare?


Ein ting er kva som lokkar turistar, noko heilt anna er kva som lokkar tilflyttar og ein tredje ting er kva som får tilflyttarar til å bli buande over tid.


Distrikta kjempar ein hard kamp om sentrums merksemd. Blant anna gjennom turistprosjekt. Sikre kjelder fortel at det kun er eit lite mindretal av turisttilboda i Sunnfjord som maktar tjene pengar. Likevel måkar ein på med turisttiltak på alle nes for å oppfylle eksterne krav til kva ein skal tilby. Ein har gått rett på limpinnnen og leverer det alle andre vil ha. Ingenting gale med turisme, men kun turisme?


Spørsmål: tenker ein på kva som gir vekst, eller tenker ein kun på kva som gir medieoppslag?


Spørsmål: Kan vi kalle det sentrums makt over distrikta når til og med distrikta gjenskapar seg sjølv i sentrums glansbilete av kva dei skal vere?


Spørsmål: Trur ein at ein ved å tilpasse seg sentrums ønskebilete av distriks-Norge får folk til å flytte ut på bygda?


Natur er flott, seier vi. Og ja, eg er heilt einig. Men der er mange men: Ny forskning frå Finnmark, doktorgraden «Hjemme i nord», publisert i 2009, viser at tilflyttarar til desse områda bur her på tross av, ikkje på grunn av, naturen. Dei fleste brukar ikkje naturen til anna enn som kulisser for livet. Naturen er ikkje eit av argumenta for at folk blir buande ute i distriktet. Kva natur betyr for om folk flyttar dit, er usikkert.



Det viser seg også at det er dei som i størst grad har kjøpt klisjeen om bygda, som i minst grad maktar tilpasse seg eit liv der om dei flyttar dit. Likevel er det klisjear om bygda vi får servert gjennom medier og marknadsføring. Kvifor? Fordi dette er fine historier å lese om. Det er god underhaldning både på papir og i ferien.


Spørsmål: gjer distrikta seg sjølv ei bjørnetjeneste ved å framstille seg sjølv som underhaldning?


Undersøkingar viser at ein av fire bybuarar i Oslo har lyst til å flytte ut av byen.


Spørsmål: får dei like lyst å bu her når virkeligheten kicker inn: sjukehus skal leggast ned, skular blir lagt ned, ein manglar helsepersonale, vegane er smale som ein sytråd og landskapet gror att?


Firda skreiv lørdag 10.april at ein av fire elevar på vidaregåande skule ikkje ser føre seg å bu i Sogn og Fjordane etter endt utdanning. Det er elevar ved allmenne fag som er mest negative til å flytte heim, medan elevar på yrkesfag er meir positive. I same sak seier medansvarleg for undersøkinga, Hans-Johan Breidablik at Sogn og Fjordane må satse på arbeidsplassar til yrkesfagleg utdanna.


Dette er vel og bra, vi treng folk med yrkesfag, men hovedproblemet til Sogn og Fjordane i dag er ikkje mangel på folk med yrkesfagleg utdanning. Hovedproblemet er dramatisk mangel på folk med høgare utdanning, skal vi tru rapporten «Demografi og utvikling i Sogn og Fjordane» (2010) frå Norsk Institutt for by- og regionforskning som teiknar eit svært dystert bilete av fylket. Dei skriv blant anna dette: «Sogn og Fjordane har en befolkning som av ulike grunner har vanskelig for å få så mye vekst framover. Utdanningsutviklingen er en hovedgrunn. Mens befolkningen som helhet i fylket tappes med 16 prosent fra de barn til de er i 40-årsalderen, tappes de med høyest utdanning med over 50 prosent, og de på nest høyeste utdanningstrinn med omtrent 30 prosent.»


Tala er dramatiske. Noko må gjerast.


Spørsmål: Kva med å sette ressursane inn der dei trengs: i å skape arbeidsplassar for det fylket har bruk for, nemlig høgt utdanna arbeidskraft, heller enn å sette inn store ressursar på turistprosjekt som ikkje lønnar seg? Turisme sysselset ikkje først og fremst folk med høgare utdanning, men det er folk med høgare utdanning fylket treng.


I Magasin for Sogn og Fjordane på 1980-talet skreiv Modliv Bjørvik om jentemangel på bygdene. Han skriv om kor viktig det er med tilgang til arbeidsplassar. Så lat oss snakke om dette. Falsk positivisme har drive verda ut i finanskrise, og Sogn og Fjordane ut i tja, eit eller anna. Fornektelse? No også ut i usynleggjering og totalt tilpasning til turistkriterier og underhalding, medan det ein treng er arbeidsplassar, tilbod om høgare utdanning og tydeliggjering. Men der finst håp.


8.april melde NRK Sogn og Fjordane at Høgskulen i Sogn og Fjordane kan bli del av eit stort universitet. Høgskulane i Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund og Volda vil diskutere moglegheitene for å slå seg saman og bli eitt stort profesjonsuniversitet. Dette er svært positivt. Høgskulane ute i distrikta blir uglesett frå sentrum som annanrangs utdanningsinstitusjonar. Universitetsstatus kan lokke til seg fleire studentar og ergo også fleire som blir buande etter endte studier og fungere som ein buffer mot flytting. Eit slikt universitet er eit godt folketalstiltak og vil kunne gå inn i rolla som distriktshøgskulane var meint å fylle då dei vart etablert: utdanning til folk der dei er. Kanskje ein då også slepp flytte heilt til Oslo for å få has på dei sexy gutta frå vidaregåande.


Anne Viken

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys