Gå til hovedinnhold

Rovdyrforkjemparar har den same brutale syn på dyr som ein finn i den hardast industrialiserte delen av storskala landbruk



Det er interessant at mange av dei som seier ja til ulv, og ja til økologisk mangfald og natur, innehar det same synet på dyr som ein finn i den mest industrialiserte delen av landbruket. I begge leirar anser ein dyr som deler av ein flokk, ikkje som levande enkeltindivid med følelsar som angst og svolt. 

Logikken som vert brukt i rovdyrdebatten, er kjend frå storskala industrilandbruk der ein ikkje lenger har oversikt over enkeltdyr, berre enkeltdyrs nummer i eit datasystem eller på flokk- og bingebasis. Eksempelvis kylling, kalkun og verpehøner, dyr fullstendig utan eigenverdi. Den same logikken forheld ein seg til i rovdyrdebatten, men då er det sau og geit det gjeld. Dyr utan ansikt og offentleg profil. Dei har berre nummer, og kanskje eit namn, og eit ansikt som lett vert erstatta av eit anna. Medan bønder flest bryr seg om dyr og er opptatt av «enkeltindividet sau», er ikkje rovdyrvernarar opptekne av dyr. Dei er opptekne av flokk og av at alle brikkene i eit økosystem skal vere på plass. Det er noko ganske anna. Det er uetisk industritankegang.

Industritankegangen er slik: Om ein liten bit av flokken vert borte, lever trass alt resten att. Om nokre dyr vert sjuke, er trass alt mange friske. Om eit enkeltindivid vert plaga, har det ingen betydning. Flokken lever vidare. Alle bitane i den økonomiske, eller som i rovdyrdebatten: økologiske, kabalen er der framleis. Ein skal halde seg under ein viss prosentandel svinn. Nokre dyr vil alltid stryke med. Slik er industrien. Slik tenker dei som forsvarer rovdyra. Det er ein bestialsk tankegang som ikkje tek hensyn til enkeltdyr, berre flokk og kvantum.


Det viktige er flokken, ikkje individet. Det herskar i rovdyrdebatten, på same måte som i deler av det industrialiserte landbruket, ein kvantumstankegang, eit følelskaldt og kynisk kvantumssyn på dyr som er nytt av vår tid. Vi har aldri halde dyr på ein så brutal måte før som den ein finn i oppdrett av kylling, gris og kalkun. Ei heller har det vore ønska å gi sau og geit til store rovdyr som levande føde.

Den same kvantumstankegangen som ein finn blant rovdyras forkjemparar, finn ein altså at i den mest brutale delen av industrilandbruket. Fornektelsen av at dyr har kjensler, og fornektelsen av at dyr har følelsar og er levande individ, er like grov i oppdrett av kylling som blant forsvararane av rovdyr i områder med sau. Det kan verke som om ei rekke rovdyrforkjemparar fornektar at dyr er levande skapningar. Dei betraktar ulv og bjørn som brikker ei eit økologisk puslespel. Eit puslespel, som i likheit med rekneskapen din, må vere komplett ved årets slutt. Men ulikt industrilandbruket, går rovdyrforkjemparane fri frå ram kritikk og ramaskrik. Kanskje fordi dei framstiller seg som snille naturvernarar. I realiteten er dei nokre av dei verste dyreplagarane eg greier observere i norsk landbruksdebatt. Deira syn på dyrs verdi er like ille som den ein finn i det grovaste av industrilandbruket.


Det er ingen krav til sannhetsgehalt i rovdyrdebatten. Det er heller ingen krav til kompetanse for å meine noko. Folk har liten kunnskap om store rovdyr og beitedyr. Difor kan Naturvernforbundet hevde at der finst ein norsk bestand av ulv og bjørn utan å bli motsagt. Dei kan hevde at der finst norsk ulv og bjørn sjølv om dette aldri har eksistert. Derimot finst der ein panskandinavisk.

Norges Naturvernforbund spelar på folk si vankunne om store rovdyr og økologi. Dei bruker enkle, upresise fortellingar i sin argumentasjon for rovdyr. Så enkle at får Naturvernforbundet til å framstå som fagleg svake, noko det også er god grunn til å anta at dei er, gitt rolla dei inntek i media.

Norges Naturvernforbund seier at rovdyr har sterk støtte hos det norske folk. Dette kjem antagelegvis av at det norske folk, jevnt over, har eit distansert forhold både til landbruk og rovdyr. Dei har ikkje kunnskapen som skal til for å ta stilling i ei slik sak. Då er det lett å sei ja takk begge delar, både rovdyr og sau, som også dei fleste gjer. Ein kan då heller ikkje forvente seg at folk flest har innsikt i rovdyrfaglege problemstillingar og landbruk.
Derimot kan ein forvente seg at Naturvernforbundet, vel og merke om dei ønsker å framstå som seriøse, ikkje utnyttar folks manglande kunnskap til å spreie dårleg skjult feilinformasjon.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb