Gå til hovedinnhold

Innlegg

Ein fin sofa eg traff på gata

Oj, ein sofa. Eg synest den matcher døra og karmane. Denne sofaen kunne eg strengt tatt tatt under armen og gått heim med. Men da måtte ein malt veggene grøne og karmane blå.

No er det jul, trekk (ikkje) kniv

Jul. Eg heiter Anne og kjem frå Bygstad og i Bygstad feirar vi jul. Nett no sit eg i eit årleg tradisjonelt juleselskap på Viksdala oppe mellom fjella langt forbi store vatn der folk i gamle dagar måtte ro for å kome seg til sivilisasjonen, dvs Sande eller Bygstad. Vegen her er så smal og svingete og så full av hjort som hopper fram frå skjul, at det er aldri godt å vite om alle som var inviterte i selskap, faktisk kjem fram i live. Veiene her er speilblanke isdekte svingete krokete livsfarlege, og langs veien står det pina dø her og der hårete kyr og kjiker stygt på deg der du skrensar forbi og sladdar rundt neste sving i fattern sin bil som eg forøvrig kjørte felgane av i ein endå meir humpete, svingete, holete og fæl vei som det i tillegg err nitti graders stigning på nedi Bygstad her for nokre år sidan. Felgane traff nokre sauer som stod nedi bakken, men det er ei anna historie. No skal vi snakke om jul. I dag har eg ete middag med mine fettrar. Eg er einaste jenta i familien og eg...

Kulturelite! Det trenger vi

Ja, vi trenger ein kulturelite. Det er no eg iallefall einig i. Vi trenger folk som har kompetanse og vi trenger folk som tenker sjølv og folk som har begrunna meiningar. Men skal vi kalle dei ein elite? Kanskje eit anna ord hadde vore betre. Meiningselite, kunnskapselite, medieelite, synserelite. Det er litt elitistisk. Og kvar finn ein denne eliten? For dei som er elite i Sunnfjord feks ville ikkje nødvendigvis nå opp i Oslo der konkurransen er langt hardare. Må ein ha ein elite knytt til kvar klasse? eller ein klasse som elite? eller kriterier på tvers av klassar for å fastslå kven som var eliten? Ein kunne kanskje heller snakke om kompetente mennesker heller enn elite, men det blir ikkje heilt bra det heller. Kva med folk som sit med kunnskap. Kunnskapsprodusentar og meiningsforvaltarar? Tja, folk som får verda til å svinge, og tankane til å endre mønster er utvilsamt elite i kraft av evne til å få folk til å tenke. Kva med å sei at det å få folk til å tenke, kvalifiserer til å ver...

Kveld i rottereiret - kick Jens' ass, Al Gore.

Ein perfekt vinterkveld i beinkalde Oslo, når det er sju minus utanfor tynne vindu og beinkaldt på rommet, er å sitte på kjøkkenet, drikke te, ete mandariner, høre på Band of Horses og synge høgt og falskt mens ein dunker i veggen berre fordi veggen er så tynn at den lager sånn hul skranglelyd. Kva er moralen her, for alt må vel ha ein moral sidan dette ikkje er ein kjedelig dagbok-blog, men ein krøllete samfunnskritisk blog. Moralen er vel egentlig berre at eg anbefalar å starte dagen på Blitz med kaffe, stearinlys og direktesendt slakt av al Gores Norges-skryt i landets mest innrøyka studio mens ein kjefter på Jens sin klimapolitikk og ber han ryke til Arktis for å sloss som eit realt mannfolk med kvar jævla isbjørn han kjem over. Eg hadde egentlig syntes det var litt gøy om Al Gore heller enn å prise Norges klimapolitikk, sparka Jens drithardt i ræva, slenge han rundt etter slipset eit par runder og sendte han avstad ut i verdensrommet. Lenge leve Blitz og leve meg. Og heia koselig...

Hetlesaka blir teater

To karar står å grev opp ei grav på kirkegarden på Viksdalen saman med ein an kar. Brått kjem det ein hest inn grinda på kirkegarden. Den er fullt påsela. Hesten travar bort til den opne grava, kikar nedi og ser på dei to karane før den forsvinn i lause lufta. Var det denne hesten Hetle-karane var på fjellet å leita etter den natta Henrik Hetle fall død om på Hetlestølen på Viksdalen ei natt i august 1906? Den har isåfall vore daud i over seksti år. Bildet viser Mikale Hetle (skodespelar) i slåttemyra som han og Henrik Hetle krangla om. Neste viser Henrik Hetle kvelden før han døde Heilt sidan eg var lita har eg hørt pappa fortelle om Hetlesaka og Hetle-karane. Halve slekta mi er frå Viksdalen . Det er utrulig fasinerande korleis ei heil bygd kan gå i flokk og få to karar uskuldig dømt utan det fnugg av saklege bevis. Eg har lese ein god del av rettargangen og bevisa mot dei to, og det kan i verste fall seiast å sprike i absolutt alle retningar. Obduksjonen av den døde Henrik blei i ti...

Spar penga til øl

Julehandel og massekonsum genererer enorme C02-utslepp.

åme, lurveleven og byks held meg gåande i dagesvis

facebook-parodien fortsetter Anne is føler ei stigande uro for at fleire kommunar enn det vi alt veit skal ha gått på ein terra. 8:55pm Anne is bekymra for at enkelte ser ut til å bruke heile livet sitt på Quis fra start.no. 12:37pm Anne is bekymra for korvidt det er hensiktsmessig å ha fast lrødagsspalte no når mandarinane har blitt så dyre. 12:02am December 6 Anne is bekymra for at rekkehusprisane stig no i desse hund, volvo tider. håpar terra ikkje pressar mandarinprisane endå høgare. eg tar meg ein øl mens eg ha råd. 11:23pm Anne is bekymra for om norske kyr får nok mat no i julebordstida og bøndene ligg grøftelangs i termodress å spyr kvar einaste kveld. 11:06pm Anne is er bekymra for om terra-skandalen kan få konsekvensar for mandarinprisane. 11:01pm Anne is dagens sitat: finn deg ei bru og byks! 10:30pm