Gå til hovedinnhold

Innlegg

I love Oslo om våren

Eg tok ein tur i byen, hundre meter frå der eg bur, for å sjå på sola og våren. For det føles som vår i Oslo no. Eg liker desse blokkene. Heisekrane og kirke. Eg møtte ein katt som vart litt skeptisk til meg. Kolonihagane ved Kuba. Telthusbakken er idyllisk, men her vart ei jente voldtatt i 2006. Ikkje like idyllisk.. Den tidligare kornsiloen som har blitt studentbustader. Blokker er fint.

Jobbe litt

På jobb igjen. Japp da er eg tilbake på nyhetskjøret, denne gangen som politisk reporter, politisk reporter i navnet, stillingsnavnet. Og her er min første sak: Ville gjerne bli Høyre-leder. Dagens oppslag.

Visdom på dass

Når ein sit på dass på SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo kan ein lese ein heil del ulike ting. Eg tok med meg kamera på do. Denne under her liker eg. Dette er ein slager: Alt kan diskuteres. Så eg anbefaler dobesøk på SV.

Sjikane og fordomsfylket

No laurdag kunne vi lese i Firda at tre ekskluderte Senterparti-politikarar i Fjaler mottar anonyme truslar, oppringingar, sjikane og blir kalla for fascistar. Her før jul var det Klara Øberg som fekk gjennomgå med truslar og sjikane. Etter lokalvalet vart Håkon Myrvang utsett for rykteflaum frå folk som ikkje ville ha han som ordførar i Naustdal. Er sjikane blitt ein ny trend i Sogn og Fjordane? Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Kva slags jungellover og cowboy-retorikk er det som råder grunnen? Sjikane er ein lett metode å gripe til for folk som ikkje er kunnskapsrike nok til å debattere på saklege premissar, eller folk som er for feige til å stå fram med eigne meiningar. Kunnskap og posisjonar er makt. Ein del folk sit nødvendigvis på meir kompetanse og fleire verv enn andre. Vi treng desse folka. Vi treng folk som tar ansvar og politiske verv for felles beste. Det er dei som driv verda framover. Og skal verda gå framover, må desse folka få spelerom. Det er så sjølvsagt at ei...

Tøffe damer, jess jess jess!!!

Tøffe damer som Michelle Obama, kona til Barack Obama, gjer meg opp over øra begeistra. Eg må innrømme eg går glatt i ukritsk fan-modus. Les her om denne fabelaktige dama. Det er så fantastisk digg å lese om tøffe damer som ikkje berre sit på den breie feministræva si og skriver debattinnlegg eller forskningssaker som maks ei halv promille av befolkningen leser og ein enda mindre andel bryr seg hakket om. Og som resten driter i, eller i beste fall ler rått av, sjølv om dei vel er enige. Eg meiner feminister har eit retorisk problem, samt ein teoritynga virkelighetsoppfatning. Og medan du les vidare i denne bloggen, vil eg gratulere Superfamily med Spelemannspris . Trykk her for å høyre den fabelaktige låta Warszawa . Eg skal ikkje henge ut navngitte feminister her, men av og til sitter eg litt på gjerdet rundt feministane, høyrer på utgreiingar og les retorikken med eit halv ironisk smil. Av og til spør eg meg kvar dei koblar teori og virkelighet, eller om teorien er deira virkeligh...

Rare presseklipp eg har pådrege meg

Bunadsdebatten på Skei live på NRK. Vinner av NRK-sekk for NRK Sogn og Fjordane sommerfoto 2006 . Det lønner seg å ta bilder av påfugler. Det var ganske overraskende å få ein pakke i posten med snop og NRK-sekk. Og hyggelig. Baksidefoto i Nationen: 11.08.2007 Slik går det når ein har ein kamerat på desken i Nationen som trenger eit bilde til baksida. Då sender ein han eit bilete og så kjem det på trykk. Slik: PÅ TUNET: Fra Anne Viken i Bygstad har vi fått et bilde av mamma Marta Aase Viken, samt påfuglen som nettopp har blitt pappa til tre kyllinger. Han tilbringer sommeren ute, mens påfuglmora er inne i hønsehuset og passer barna. FOTO: ANNE VIKEN Her er eit bilde til av kameraten. Denne kameraten min, som dette innlegget no går over til å handle om, er musiker. Han er til tider litt oppgitt over musikkjournalistikken .

Vi kan alle knulle

Alt du har hørt om porno, er dikt og forbanna løgn. (Trykt i Klassekampen som kommentar høsten 2007) ... STUDiO-debatt om porno og sex på Betong i regi av Kulturutvalget ved Det Norske Studentersamfund. Sjef for nettstedet Cpunktet for digge ligg og deilige orgasmer, starta kvelden med å erklære at vi kan alle knulle. Sexpiratoren pekte på at det å være flue på veggen når andre knuller, kan få hvem som helst til å gå fra konseptene. Kjetil Rollnes understreket at han har lest absolutt alt som finnes av porno, og at han derfor føler seg som en pornolog. Han slo fast at det eneste som skiller porno fra annen populærkultur, er sex, og var skjønt enig med seg selv i at porno ikke er kvinnefiendtlig. Til slutt dro han på med at absolutt alt vi har hørt om porno de siste åra, er sladder, dikt og forbanna løgn. Nils Rune Langeland på sin side mente det var de kåte slaskene mot de krenkede jomfruene i dag som i fjor som alle pornoår før det. Og så har vi det gående, s...