Gå til hovedinnhold

Innlegg

Falne engler- Varg Veum på kino

Eg er ein ukritisk fan av Varg Veum , og uansett kva Veum foretar seg, anten det er i bok- eller filmform, er eg begeistra. I dag var eg på kino og såg Falne engler. Det var absolutt verdt det, og sidan eg ikkje har lese boka, vart eg like skremt og overraska kvar gong ei ny dame vart tatt og hengt opp med renneløkka rundt halsen. Det høyrer med til historia at eg er ein av dei som rykker tilbake i setet, holder meg for øyra og tidvis også augene når eg er på kino. Eg såg også den forrige Varg Veum-filmen, og var svært begeistra. Dessuten digga eg Dødens drabanter , Gunnar Staalesens siste bok. Handlinga var blant anna lagt til Førde, og til Dalsfjorden og Bygstad der eg kjem frå. Då blir det unektelig litt meir artig å lese, Staalesen kjenner området ned på detaljnivå. Bergenstriologien 1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang gjekk også rett heim hos meg, samt tusenvis av andre. Men på kriminelle dagar i Førde i 2006 sa Staalesen at han aldri meir skulle skrive ein historisk ...

Sexy bønder

Vi som sitter på kontor blant kontorrottemenn, kan trenge å kikke på litt sexy bønder. Eg fant den her linken i mitt daglige sveip over norske nyhetsavisers nettsider, og desse bileta av lettkledde bønder har, i følge sikre kilder på desken i Nationen, ført til ekstrem auke i antal treff på Nationens nettside. Kanskje ikkje så rart. (bildet er knigga fra Nationen.no) Les om lettkledde bonde-ambassadører Jaja, når til og med Nationen har begynt å bruke kropp for å tiltrekke seg lesarar, kva blir det neste? At IT-blader begynner med "Sexy IT-grundere" (dersom det finnes, eg har mine store tvil), eller at avisene begynner med sexy redaktører. Det siste kan potensielt finnes ein del av, men det varierer jo mellom redaksjonene;) hihi. Kva med kalender med "Sexy deskmedarbeidere" som poserer i såpeskum framfor pcen med penn i handa medan dei henger opp sidene til morgondagens avis, eller "Sexy professorer", eventuelt "Hotte forfattere". Det hadde kun...

Feminisme på amerikansk

Da eg var i USA, fant eg tre tidsskrift som eg liker godt. Her er ein del godt lesestoff, kule bilder og nye innfallsvinklar når du går deg dritt lei av norsk medieoffentlighets repetisjon og repeterande innfallsvinklar. Det eine er "BUST Magazine":http://www.bust.com . Bust - for women with something to get off their chests. Eit feministisk magasin som får norske "Fett":http://www.fett.no til å sjå svært seriøst og døllt ut. BUST reklamerer for sneakers med glitter på, undertøy og rosa verktøykasser som blant anna inneheld hammar med rosa skaft. Det finn du ikkje i norske feministmagasiner. (Bildet er henta fra www.utne.com), Det andre "Bitch":http://www.bitchmagazine.org . Bitch - feminist response to pop culture. (bildet er henta fra www.bitch.com) Det tredje "Utne Reader":http://www.utne.com . Utne Reader and Utne.com are digests of independent ideas and alternative culture. Not right, not left, but forward thinking. We're most interest...

I love New York

That is a fact. NY er ein fantastic by. Eg er kort sagt blitt heilt forelska i denne byen etter å ha vore der to veker på påskeferie. Eg liker undergrunnen. Lyden, lukter, folka, musikken, tempoet. Passer meg perfect. Citylife. Ahh enjoy. NY er berre fabelaktig og kan egentlig ikkje beskrives, så eg lar det ligge. Men om du skal dra: ligg unna Times Sqare. Det er berre kjipt. Ligg unna øvre del av Broadway. Ellers: et, drikk, heng ut. Du vil ikkje bli skuffa. Det er kort sagt awesome!! I love NY, og henfaller til klisjeer;) Om du skal dra: sjekk ut lonelyplanet New York (praktisk, oppdatert og har gode kart og undergrunnskart). Kjøp den i NY. Der er den langt billigere enn i Norge. Sjekk også ut Time Out New York. Der står det alt om kvar du kan ete drikke bra innanfor alle slags sjangerar av mat, drikke og klientell. Det kjem ut ny med jevne mellomrom, så ikkje bruk ein Time Out som er fleire mnd eller år gamal. Times changes.

Eg vil vere naken i avisa - kvinnedagen 2008

Dette er eit kåseri sendt på direkten i radiorakel FM 99,3 på kvinnedagen 2008 i radiorakels litteraturprogram Fabulatoriet som sendes direkte kvar onsdag mellom 16 og 17. Eg er feminist . Trur eg sjøl i alle fall. Av og til lurer eg litt. Eg vil for eksempel gjerne stille opp naken på framsida av klassekampen, men når ikkje ein gong simone de bever kan gjere det utan å skape sjokkbølger og rasande debatt innover i det feministiske miljøet, så kan vel ikkje eg gjere det heller. Lat oss legge lista med ein gong. Eg føler meg undertrykt. Av feministane. Problemstillingen er altså denne: aller helst ville eg kaste kleda på framsida av nærmaste avis, men dette strider mot all feministisk tankegang. Eller finnast det argumenter i feminismen som seier at ja, kast kleda, vis puppa, spre beina og blott deg i dagspressa? For å finne argumenter drog eg å skaffa eit urepresentativt utvalg meir eller mindre feministiske bøker. Det er jo trass alt snart kvinnedag og eg føler for å lette ...

Jenter, bygg nettverk! Gi faen i flisespikkeri og intrigemakeri.

Vasete kvinnedagsdebatt frå Førsund og Tonning i Firda. Les debatten her på Firdas bloggforum. Både kulturentrepenør Randi Førsund og SV-ar Rita Tonning bidreg retorisk til å stemple både seg sjølv og andre kvinner med siste dagars "kvinnedagsutspel" i Firda. Kvar er kvinnekampkompetansen blant kvinnene i fylket? Den er i alle fall ikkje på trykk. Ein kan spørre seg Randi Førsund og Rita Tonning har særlig greie på kva debatten rundt kvinner og kvinners stilling faktisk har dreia seg om siste åra. Argumentasjonen deira kan tyde på det motsette. Kvinnedagsdebatten i Firda har vore prega av vasete utspel og ubegrunna påstander om kvinner og debatt kvinner i mellom. Randi Førsund synest jentetreffet til Sparebanken Sogn og Fjordane verkar litt som «Jenteklubben Grei». – Kva er det å vere vågal, som dei kallar det i brosjyren? spør Farsund. Her er det ikkje Sparebanken som går seg ut på glatta, men Førsund. Dersom ein har fulgt litt med i media, vil ein vite at det har vore mykje...

Mette Marit mister skoa, tabloid bunnivå?

Her misser Mette Marit skoa bildeteksten: MISTET SKOA I ASKEPOTT-STIL: Den vanlige jenta Mette-Marit fikk i sin tid prinsen og snart hele kongeriket. Her mister hun skoa - men ikke fatningen - når den kiler seg fast i døråpningen. Kjeder Dagbladets journalister seg på jobb eller? Kven i alle dagar er det som finn det interessant å skrive om at kronprinsessa mister skoa? Og kven i alle dagar er det som leser om det? Jo, eg. Eg min nysgjerrigper som sitter å klikker på nettaviser og leser om hundemoter og prinsesser som mister skoa kun fordi eg lurte på kor i hulaste det var dama mista skoa, og kva i alle dagar slags skofadese det var som hadde ramma det norske kongehuset. Eg er med andre ord ein tabloid jævel som leser dritt på nettet for så å slakte det etterpå. Men ein må vel lese for å slakte? Ein kan ikkje blankt oversjå dagbladet.no sjølv om det til tider vel ville ha vore det beste. Eventuelt kan ein blankt oversjå det, men da ville ein aldri fått sett skolause prinsesser. Kven k...