Gå til hovedinnhold

Innlegg

Fylkeskommunen for slappe med nynorsk

Eg har opna bloggen min for kommentarer,. så kommenter gjerne! men sakleg. Eg les i dag ei sak på firda.no : Her står blant anna: "Ei undersøking Utdanningsdirektoratet har gjort, viser at sju fylkeskommunar ikkje kontrollerer at bøkene dei kjøper inn, ligg føre på begge målformer. " Dette er kort sagt slurv! Sogn og Fjordane fylkeskommune bør skjerpe seg dersom dette stemmer. MEN eg trur ikkje dette løyser problemet sjølv om enkelte vel vil klø seg i skjegget og skulde på fylket. Vi må gjere store endringar på det nynorske skriftspråket også. Eg mottar interessante og lange mail frå både professorar, lærarar og andre som meiner debatten om nynorsken er viktig å ta, og som viser til praktisk erfaring som underbygger problemet. Kontornissane på fylkeskommunen kan gjere jobben sin, deretter kan nynorskgeneralane begynne å høyre på oss samfunnsengasjerte folk med peiling på kva vi snakkar om, og så kanskje vi får ei løysing på nynorskdilemmaet. MEN det spørs vel om nynorskgenera...

Den ubrukelege nynorsken 3

Ein anna ting eg tenkte på, er at nynorskfolket ofte trekk fram folk i NRK som store førebilete for språkbukarar på nynorsk, medan dei rakkarned på oss som er i avis og beskuldar oss for å dumpe språket fordi vivil ha ei karriere. Det er svært motstridande,men bekreftar også minpåstand om at det er skriftspråket som er problemet. Vi som skriv bokmål snakkar jo oftast dialekt eller ganske nynorsknært. Vi klarer å snakke men ikkje nødvendigvis å skrive korrekt nynorsk. Dei som snakkar på lufta i NRK slepp tenke på rettskrivinga, og det mange ikkje veit, er at dei fleire gonger les opp frå bokmålsmanus. Det påpeika blant anna eit av ankera ein gong eg intervjua han. Eg spør meg igjen: kor mykje veit nynorskgeneralane om det praktiske liv?? Eg har motteke fleire mail og sms etter innlegget om nynorsk (sjå Den ubrukelege nynorsken 2 to bloggpostar lenger nede her). Blant anna frå ein professor som skriv dette: " alminnelige mennesker velger ikke skriftspråk ut fra ideologiske eller mor...

Den ubrukelege nynorsken, 2

Av Anne Viken, debattinnlegg som stod på trykk i Aftenposten 22.april 2008. Eg las kronikken Farvel til nynorsken av forfattar og journalistBrynjulf Jung Tjønn, i Aftepnosten onsdag. Eg er sjølv journalist itjueåra, frå nynorsklandet Sunnfjord med nynorsk som hovudmål i alleår, og har den same erfaringa med nynorsk som Jung Tjønn: eg har lengeprøvd å skrive nynorsk som journalist men har lagt det vekk, bortsettfrå ved sjeldne høve. Nynorsken tek, som Jung Tjønn påpeikar, formykje tid og hovudbry. Difor er det viktig at dei av oss som har skriftspråket som praktiskverktøy i kvardagen, journalistar og forfattarar, og som seier frå omkor problematisk nynorsken er i bruk. Det er trass alt vi som ernynorsk i det offentlege rom, eventuelt som vel bort nynorsk i detoffentlege rom. Og jo meir vanskeleg språket er, jo fleire vel detbort og jo mindre nynorsk ser ein i både media og i bøker.Men problemet er at nynorskforkjemparane, som ser ut til å befinne segpå ein planet langt frå verkeleghei...

Tilbake til naturen

zdweupeI dag sat eg ute i sola og las aviser som vanleg. Då kom eg over ein artikkel i dagens Vårt Land . Vårt Land er ei av Noregs få meiningsberande aviser der ein finn stoff som både engasjerer og provoserer. Det kan eg like. Her er nokre klipp frå ei av sakene. Det handlar om å vere tilstades i sitt eige liv. Eg har ofte lurt på kor mykje folk eigentleg er til stades. Er det å vere tilstades når du føler eit jævla stress på kroppen? Eg føler folk stressar så himla. Jobbar så lange dagar, netter osb. Mange strevar og les og studerar og jobbar. Greit nok, det er gøy, men kvar går grensa for når stresset tar over for tilstedeværelsen? Vi har godt av å av og til bli minna om banale sanningar som at vi må vere tilstade i eigne liv, kva det no enn måtte bety. Intensitet i nuet kanskje? Er det det det handlar om? Det handlar iallefall ikkje om stress. Eg tenker eg er tilstades no om våren. Fuglane syng og det er varmt og vakkert. Og eg har oppdaga, på mine gamle dager, at eg og Thor Hey...

Eg vil ut, møte folk og drikke kaffe

Eg solar meg på altanen kvar dag i dette fantastiske april-veret langt ute på bygda på Vestlandet, nærmare bestemt Bygstad i Sunnfjord. Det er kort sagt fabelaktig. Det passar meg fint å kome meg vekk frå innestengte Oslo-kontor, pc-lys og åpent landskap der telefonane ringer i eitt sett, mobilen piper og ein må lese nettaviser raskare enn lynet for å halde seg oppdatert. Eg er journalist. Og den som innbiller seg at dette alltid er eit eksklusivt yrke må tru om att. JOda det er kjempekult og gøy og alt det der, men det er og blir for min del i min noverande jobb ein kontorjobb og eg er litt (DRITT)lei kontorjobbing. Eg har lyst til å bli oppdagelsesreisande, ikkje nødvendigvis Thor Heyerdahl 2, men meir ein utegåande journalist som drar omkring og møter vanlege folk, ikkje berre forskarar, politikarar og andre samfunnstoppar. Sistnevnte er interessante i massevis, ikkje misforstå meg, men av og til savnar eg å møte folk der folk lever, heimelaga kaker med ein kopp kaffe og det å parke...

Den ubrukelege nynorsken

Journalist og forfattar Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn skreiv i ein kronikk i Aftenposten onsdag ( eg siterer direkte eit utdrag av kronikken her:) "For eg veit snart ikkje bak og fram eller opp og ned på nynorsken. Eg forstår meg ikkje lengre på han. Etter fleire korrekturrundar sa forlagsredaktøren min at han vert heilt svimmel av dette. Svimmel vert eg også. Tittelen «Lyden av noen som dør» er eit godt døme på kor vanskeleg det er å forhalde seg til nynorsk. Dei fleste vil tru det er ein bokmålstittel. Men det er faktisk lov til å skrive det slik på nynorsk også." Jung fortset: "Når nynorsk er så vanskeleg for meg som lever av språket, som journalist og forfattar, har eg stor forståing for at norske skuleungdom kan «hate» nynorsken. For det første er det vanskeleg å lære seg nynorsk, for det andre er det eit forvirrande språk å forhalde seg til. Kva med ungdom med dysleksi? Eller innvandrarar? For dei må nynorsk vere eit mareritt. Så var det slik det skulle bli? Har nyn...