Gå til hovedinnhold

Innlegg

4 000 treff

Wow. I dag passerte bloggen 4 000 treff sidan eg la inn tellaren i februar. Det er jo ganske kult. Eg veit ikkje kven det er som leser bloggen, eller korleis dei kjem seg inn på denne bloggen, via google? Om nokon har lyst å fortelle meg korleis dei finn denne bloggen, er det kjempekult. berre å kommentere. BLoggen er opna for kommentarer.

Muntleg og skriftleg nynorsk

Eg fann dette veldig bra innlegget på Firda-bloggen. Ho har eit svært godt poeng: "Dersom det vert tillatt ei innsnevring i språket som gjer at vi som brukarar ikkje lenger ser samanhengen mellom tale og tekst, ja då har vi tapt språket til ein liten akademisk ‘elite’ som vil vere i stand til å bruke nynorsk som skriftspråk, vanlege folk, som eg har tillatt meg å vurdere meg sjølv som, vil grøsse på ryggen og snu seg vekk frå skriftspråket om dei vert tvungne til å bruke ord i skrift som dei aldri ville tatt i sin munn." Det er viktig at ein i nynorsk ikkje må bruke ord vi finn unaturleg. då vil mange legge frå seg språket og det er nett dette som skjer. Eg fekk ein kommentar på ein blogg lenger nede her om at vi som kritiserar språket aldri kan legge fram eksempel på personar som har bytt til bokmål fordi nynorsken er for krøkkete. Eg for min del har mange mange eksempel på akkurat dette, men eg har ikkje tenkt å lufte namna på dei det gjeld her i bloggen. Dei får stå fram ...

Eg er ein politisk tåkedott

Kommentar eg fant som eg har skrive i Nationen. Eg las ein FOKUS-kommentar i Klassekampen søndag 27.april av Trond Andresen under overskrifta "Håndverkerne. Tilhører du skravleklassen?" Han skriv blant anna dette: "Tenk deg ei vannrett linje, hvor vi skal plasere yrkesgrupper etter deres «mentalitet». (...) Jeg vil likevel hevde at det er visse typiske trekk som finnes, og at disse kan forklares. I venstre ende ikke tolk dette som politisk venstre) setter vi et merke for snekkere, rørleggere og elektrikere. (...) De er alle håndverkere fordi de behersker en forholdsvis krevende ferdighet, og den utøver de i sin jobb. De ser resultatet av sin innsats (...) Så beveger vi oss mot den andre enden av linja. Etter hvert dukker de opp, yrkesgruppene hvis innsats ikke er er lett målbar for andre.Etter hvert dukker de opp, yrkesgruppene hvis innsats ikke er er lett målbar for andre. Disse behersker redskaper som tastatur, snakketøy og powerpoint." Mange let til å tru at k...

Den ubrukelege nynorsken 4

Debatten går på Firda-bloggen i nettforumet og her på Firda-bloggen. Eg for min del fortsetter å argumenter for at ein må høyre på praktiske utfordringar i bruken av nynorsk i media. Det er dette eg har mi erfaring frå, og eg meiner at problema vi møter på som skrivande journalistar ikkje kan overhøyrast. Her er nokre klipp frå mine innspel i Firda-debatten: Joakim skriv: “Det er ikkje spesielt imponerande når dei som skal vere eliten av språkbrukarar klagar seg over at nivået på sitt eige fagfelt er for høgt. Då spør eg meg; kan det vere nivået på journalistane som er for lågt?” Godt spørsmål. Rettskriving er eit generelt problem i aviser, og med kutt i økonomiske rammevilkår for redaksjonane, er det ofte korrekturlesarane som har blitt kutta bort. Dette ser ein godt på norske aviser. Dessverre. Om nivået på journalistane er for lågt. Eg vil sei at nokre journalistar kan ikkje skrive og har dårlig språk, akkurat som at enkelte lærarar er dårlege til å undervise. Det er ei vanleg yr...

Påfugl som sjekker damer

Påfugler er rimelig harde sjekkere. Dei brisker seg skikkelig for damene. Her har definitivt gutta noko å lære. Men eg meiner ikkje at gutta skal begynne å vifte så hardt med stjerten at ein høyrer det skikkelig knake i fjøra. Det gjer nemlig påfuglen. Påfuglens framside. Påfuglens bakside. Dama får mykje merksemd, det trur eg ho liker. Ho stikker ikkje av men henger i nærheten. Det kan tyde på interesse. Han er rimelig god til å vise interesse, men han lar vere å feks knipe ho i ræva eller gjere andre banale ting alla "eg har sett deg før"-utsagn. Han driver heller ikkje å snakker ho i senk om kjedelige ting som bensinprisar. Dessuten kler han seg pent og driver ikkje å sender sms heile døgnet. NÅr det er på tide å ete, kutter han ut sjekkinga. Der møtte påfuglen ein rival. Sjå til høgre i biletet. Det er ein kyllingpåfugl som driver å prøver seg på dama i vinduskarmen. Dødsliten stjert. Den her påfuglungen er litt over eit halvt år gammal og kan ikkje matche sin far. ...

Vår er vakkert.

Vårens vakraste eventyr? Lam er ærlig talt ganske stygge og klissete når dei blir fødde, men det kjem seg etterkvart. Eg og Hundulf går tur i gamleveien. Eg las i Aftenposten idag at folk har svært stereotype oppfatningar av bygda som ein traust stad utanfor allfarveg der du iallefall ikkje kan bu om du er ung og innovativ. Dette er svært feil. Er det noko eg er imponert over, er det blant anna tiltakslysta i mi eiga heimbygd, Bygstad, der det både er fabelaktig natur og fabelaktig tiltakslyst. Her har vi Tønna, Åmot gard, Kårstad bruk, Vikingfjorden og Vikinglam og alt mellom himmel og jord. No skal vi til og med få skywalk ved fjorden. Grantre driv å veks i vei. Her er ekstremt masse skog over alt. Og eg for min del likar å sole meg i granskog. Blir det for varmt kan ein henge av seg gensarar og jakker på tre langs vegen så slepp ein dra på det. Her er nemleg svært bratt. Stubber i haugevis. I går las eg i Firda at dei driv å høgg 400 år gamle furuer på Sande . Dei var hogstklare...

Fylkeskommunen for slappe med nynorsk

Eg har opna bloggen min for kommentarer,. så kommenter gjerne! men sakleg. Eg les i dag ei sak på firda.no : Her står blant anna: "Ei undersøking Utdanningsdirektoratet har gjort, viser at sju fylkeskommunar ikkje kontrollerer at bøkene dei kjøper inn, ligg føre på begge målformer. " Dette er kort sagt slurv! Sogn og Fjordane fylkeskommune bør skjerpe seg dersom dette stemmer. MEN eg trur ikkje dette løyser problemet sjølv om enkelte vel vil klø seg i skjegget og skulde på fylket. Vi må gjere store endringar på det nynorske skriftspråket også. Eg mottar interessante og lange mail frå både professorar, lærarar og andre som meiner debatten om nynorsken er viktig å ta, og som viser til praktisk erfaring som underbygger problemet. Kontornissane på fylkeskommunen kan gjere jobben sin, deretter kan nynorskgeneralane begynne å høyre på oss samfunnsengasjerte folk med peiling på kva vi snakkar om, og så kanskje vi får ei løysing på nynorskdilemmaet. MEN det spørs vel om nynorskgenera...