Gå til hovedinnhold

Innlegg

Makteslaus anonym debatt

Eg lurer på kven dei anonyme, som skriver anonymt på nettet, er. Lite gjennomtenkte argumentasjonsrekker som kven som helst kan spa opp med armen i fatle og bind for augene. Er det dei dummaste av dei dumme som skriv anonymt, eller dei feigaste av dei feige? Eller kven er dei anonyme skribentane? Eg veit at mange anonymt driv å meiner ting om ting som eg har skrive, men eg anar ikkje kva dei meiner kort sagt fordi ein gidd ikkje lese anonymt preik. Ein gong posta eg ein kommentar på ei NRK-sak om nynorsksaken til meg og Jung Tjønn, der det var ca 30 kommentarar frå før, dei fleste anonyme, men eg las ingen av kommentarane. Eg berre la inn ein link der til denne bloggen, så kan dei anonyme kranglefantane krangle vidare med seg sjølv. Tipper mange av dei sit og tenker ting som "Hehe, der fekk eg no sagt ho eit sanningas ord", men sanninga er at eg les ikkje ein pøkk av det anonyme fjaset. Vil ein opp og fram i verda, må ein velge kven ein vil lytte til, og eg lyttar ikkje til r...

Idyll

Når eg sit å skriv, sit påfuglen og ser på, som her. Påfuglidyll med andre ord. Og eg kan skrive kva som helst, påfuglen gir rett og slett katten.

Gjesp

Eg las Firda idag. Målrørsla veit alt om nynorsk frå før og har ikkje så lyst på litt offentleg språkvask gjeeesp. Og sidan målrørsla har kontakt med seg sjølv innad treng dei ikkje kontakt med bakken, og gjeeesp, så kva skal ein med aviser, men først av alt, kvifor ikkje legge ned målrørsla, gjeesp. Og no blir vel eg sitert i avisa på at, gjeeesp, eg søv for lite. Kvifor jobbe med språk når ein ikkje kan lese tekst, feks språklege bilete, gjeesp, nei eg trenger ein kaffe. Om få år er eg tredve, gjeesp, det er ikkje så lett. Fri og, gjeesp, bevare. Dei let seg ikkje provosere, seier dei, men brukar timar og dagar på motargumenter, gjeesp. Vi har fått dei ut på isen i atter ein debatt, gjeesp og der blir dei verande, gjeeesp. Provoserer ikkje, seier dei, gjeesp, vi provoserer ikkje, seier dei, vi tek feil, seier dei og, gjeeesp, skriv seg halvt ihjel i både Firda og Aftenposten, gjeeesp. Nei vi har ikkje klart å skape debatt nei, hehe, gjeeesp. Jo det har vi klart det, gjeesp. Og HVILKE...

Skal du spele inn skrekkfilm? Eg har det du treng

Mange skrekkfilmar brukar skrika frå påfugl for å få til ein uhyggeleg stemning, og du er skrekkeleg heldig. Eg har det du trenger: eg har to stk påfuglar som du kan få kjøpe. Kva i alle dagar skal eg med påfugl, spør du no. Sånn bortsett frå å spele inn skrekkfilm. Folk veit lite om påfuglar, det er ikkje eit vanleg husdyr i Noreg, men eg slår herved eit slag for påfugl som selskapsdyr. Eg er veldig glad i fuglar, har hatt alle slags fuglar i mange år, og påfugl er ein definitiv favoritt. Dei er intelligente, svært interesserte i folk og likar seg helst i nærleiken av deg. Med andre ord som ein hund med stjert. Sit du ute og solar deg, kan du vere sikker på at påfuglen sit og solar seg eit par meter frå deg. Sit du ute og les, sit påfuglen like ved, og om du et, sit han omtrent på fanget ditt. Om du les høgt for den, begynner den å blande seg inn så det er ikkje så lurt. Du tenker kanskje at det er dårleg reklame for påfugl å fortelle at dei skrik så høgt at dei passar på film, men de...

Er det noko gale med norske universitet?

I innlegga Se til Tyskland og Husk navnet mitt! kritiserer studentar ved UiO opplegget for bachelorstudentar. Stikkord: Dårleg oppfølging på seminar med seminarledarar med elendig kunnskapsnivå (masterstudentar). Kven kjenner seg ikkje att? Eg har gått frå mang ein seminartime på blindern. Eg skal her ikkje kome med ein lang utdjupande kritikk av UiO og UiOs nivå, men eg tok ein bachelor i Internasjonale studier med venstrehanda og blikket festa på heilt andre ting, og eg har ikkje eit dårleg snitt i statsvitenskap. Stiller ein kort sagt for låge krav til norske studentar på bachelornivå? Eg tørr ikkje uttale meg om master sidan eg aldri har tatt ein mastergrad. Eg har derimot straks ein cand.med.vet-grad i veterinærmedisin , og det er ingen tvil om at krava til kva du må kunne på veterinærhøgskolen, er laangt høgare enn krava til same karakter ved UiO: Den innsatsen ein legg inn for ein B ved UiO, held kanskje til ein E ved NVH. Kvifor er det slik? Er veterinærmedisin så mykje vans...

Portrett av verdas rikaste og lukkelegaste land

Ingenting å trå etter. Eg er så lei av kultursjarlatanar og grøne drinkar at eg kan spy», seier Langeland til ei kvinne i Austevoll når ho spør kva bøker ein bør lese om ein tenker seg på «Kunstnernes hus.". Han skriv om meg! Eg, «Anne Nordmann», kjenner meg att. Bokmelding, Noreg, av Anne Viken. Ei bok ein må få med seg.