Gå til hovedinnhold

Innlegg

Les Fett - tidsskrift for damer som vil ha noko anna enn informasjon om siste trusemote

Nytt nummer i salg no! Her har blant anna underskrivne skrive eit portrettintervju av professor i samfunnsmedisin, Johanne Sundby. Sundby er ikkje redd for å seie at ho er flink. Det er bra. Sånne damer kan fungere som forbilder for oss andre som også meiner vi er flinke. Eg anbefaler alle å lese dette intervjuet (sjølvsagt - det er jo meg som ha skrive det, men på den andre sida seier Sundby veldig mykje bra om kvinner og debatt). Vi treng fleire flinke damer som kan bidra til å heve blant anna nivået i samfunnsdebatten med kunnskapsbaserte utspel. I dag er debatten dominert av menn i stor grad. Det er ikkje farleg å delta, einaste ein må vere forberedt på, er alle dei som manglar kunnskap og som liker betre å uttale seg om person enn sak. Desse debattantane vil vel alltid vere der, ein må berre heve seg over dei. Då kan dei som ikkje liker det du skriver, berre sitte der på gjerdet sitt og banne medan dei slår i veggen og jamrar seg. Eg møter aldri denne sistnevte kjøkkenbordgrupp...

Dyrevernsorganisasjonen NOAH bidrar til å fordumme norsk offentlighet

Dyrevernsorganisasjonen NOAH har liten eller ingen tillit i faglegekretsar, og bidreg til å fordumme publikum i bjørnedebatten. (lesarbrev i Firda onsdag 2.juli 2008) av Anne Viken, journalist og snart ferdig utdanna veterinær. Som journalist i eit av Noregs største mediehus blei eg fråråda å bruke NOAH som kjelde i saker, nettopp på grunn av organisasjonensrykte som fagleg lite etterretteleg, og med god grunn. NOAH har liten eller ingen tillit i faglege kretsar, blant anna på grunn av at deistadig skriv denne typen lesarbrev spekka med fagleg upresise påstander og tendensiøs bruk av statistikk. Heller enn å framstå som ein fagleg seriøs aktør som bidreg til å hevenivået i bjørnedebatten, sausar NOAH saman tal og påstander, og spelerpå denne måten på lesaranes uvitenhet om dyr og rovdyrpolitikk. NOAH bidreg med fagleg fordumming av publikum. NOAH bidreg også til åforsterke sitt eige rykte som useriøse.Eg foreslår at NOAH for framtida set seg inn i sakene dei frontar. Kanskje kan dei p...

Tomromskrisa

Når du er seksti år, sørg for at livet ditt har vore alt anna enn tomt. Klaus Hagerup. Den statiske mannen.

Kafekulturen må spre seg til bygda

I mi jakt på mat i Sogn og Fjordane, fann eg i Åsabøhuset i Eidsgata den koselige kafeen Didriks. Slike kafear som dette, som det finst ein del av i norske byar, er det ikkje flust av ute på bygda. Eg trur ikkje alle innser kor stor verdi slike gode samlingsstadar og kafear som Didriks kan ha å sei. Når eg sat her og drakk kaffe, sat det ein heil krok full av småbarnsmødre og prata. Kvar skulle dei ha site og samla seg i sentrum om ein ikkje hadde slike stader som dette? På kaia? Ute i regnet? Heime hos kvarandre? Heimekos er vel og bra, men av og til er det triveleg å kome seg ut av huset, vekk frå rot og oppvask, og kunne kjøpe seg ein god kopp kaffe i triveleg lag. Bileta er frå Didriks. Kafear er meir enn kaffe latte, kafear er samlingsstadar der folk kan pratast. Eg ser berre på onsdagskafeen på Viksdalen. Den er open kun kvar onsdag og det er ikkje noko eksklusivt, men folk kjem milevis frå for å delta. Fint interiør. Koselege omgivelsar. Tenk om litt fleire forstod verdien av ...

Landevegsrøveri og kald hamburger

Nokre pensjonistar sit og sladrar på ein lokal kafe i Sunnfjord. Regnet høljar ned og røyken ligg tett under plasttaket blant plaststolane. Oppned blomsterpotter tjener som askebeger, og på plastduken er det kaffesøl. Fleire fuglar sit og et av ein forlatt hamburger som står på nabobordet. Pommes frites og burger ligg utover golvet. - Sjå på fuglane, seier den mannlege pensjonisten med Coop-posen til dei to kvinnelege. - Kven er det som har råd te slikt? seier den eine kvinna. - Dei unge klarer aldri berekne kor mykje mat dei skal ha, seier ho. - Vi har det altfor godt, seier mannen. Ein servitør kjem og ryddar av bordet. Måkane skrik rundt meg medan eg et ein halvsteikt hamburger med altfor mykje dressing, og forsøker å svelge ein overkrydra pomfrites. Etterpå føler eg meg ikkje heilt som før.

Eg liker moderne kunst

Her er ein del spanande, i Oslo feks kryr det av interessant moderne kunst, mens her i Førde for to år sidan møtte eg på ei dame som var ein eller anna form for sjef for kunst her omkring, som sa at dei skulle få ein sånn der videoinstallasjon til Førde no snart - om eg hadde hørt om det? Da tenkte eg i mitt om kunnskapen om kunst. Men ein ting er sikkert, som i artikkelen på Dagbladet.no: døde dyr på utstilling er intet nytt lenger. Det er berre copy - past. Kunst i Oslo: All apologies UKS The last battle. There is plenty of gold I've been told Moderne kunst er langt frå søppel. Så kan dei som likar å sjå på attenhundretalsnostalgien få lov til det. Eg ser gjerne på den også.