Gå til hovedinnhold

Innlegg

For å tjene penger må man skrive om sex

KOMMENTAR: - Storåsfestivalen hadde booka ubestridelige kvalitetsartister, men mediene brydde seg ikke. Det mediene brydde seg om var at ei jente som opptrådte under et burlesk-show på Slottsfjellfestivalen også hadde opptrådt i en håndfull amatør-pornofilmer, Sannheten om Storåsfestivalen er imidlertid en annen, skriver Ballades anmelder i sin sluttkommentar fra Trøndelag. Kommentar av min eminente skribentkamerat Hatlevik på ballade.no

Debatt om lokalmediene på journalisten.no

sjekk her . kongelig. debatten sprer seg! følg med i Dagbladet.. og les her! : Ikke noe hokuspokus å grave lokalt, og så her: Vil ikke være koseavis. og For patriotiske lokalaviser. Heilt riktig, trur eg: Ikkje noko problem å grave lokalt. Men det avheng av dyktig ledelse med målsetning, og sjølvsagt gode journalistar som får lov å jobbe med dei gode sakene. Ein må prioritere. Det er spesielle haldningar som vert fronta av lokalmediesjefane i Sogn og Fjordane. Er desse representative for haldningane, defansive og ikkje opptatt av debatt- kun sjølvforsvar, er det ikkje rart fylket ikkje direkte svingar seg på toppane kva utvikling angår. Fleire har vore sjokkert over NRKs innlegg i BT , . Aggresiv, defansiv og med dårlig sjølvbilde går ein i forsvar. Følelsane koker gjerne over for saken. Ikkje akkurat utviklande debattkultur for ein region.

Lappland

Buss frå Kirkenes til Ivalo. Eit av problema her i nord, er infrastrukturen , og det merka ein på vegen til Ivalo. Det var ekstremt humpete, humpidump og i full fart. Dermed vart det bråstopp då denne rakkaren, eller reinen som det heiter på godt norsk, fant på å stå midt i vegen. Det er veldig tundraaktig landskap her oppe. Den sibiriske taigaen starter i Sør-Varanger, i Pasvikdalen. Utrulig flott landskap. Eg forestiller meg at her bur troll og tusser, men det gjer det sikkert ikkje. De tusen sjøers land, absolutt, men fakta er at her er 187 888 sjøar (!!!) her. Det er utrulig vakkert. Finland har litt over fem millionar innbyggarar, og har ei befolkningstettheit på 17 personar per kvadratkilometer. Her i nord er det enda mindre, her er langt mellom husa, og dei husa som er, ligg spreidd. I sør av Finland er det 130 personar per kvadratkilometer, mot ti i nord. Her stansa bussen, ved Sevetin Baari, ein bar/kafe/butikk langt ute i ødemarka. Det minna meg faktisk litt om pubane langs...

Kirkenes - dag 1 til 5

Eg kom til Kirkenes mandag med hurtigruta. Kirkenes er eit eldorado om ein er interessert i industri og bissniss mot Russland. Eg kunne ha skrive mangt og mykje, mange titals sider og bloggar, men det har ein ikkje tid til når ein vandrar rundt og møter så mykje spanande folk. Det må bli når eg er tilbake i Oslo. Kirkenes Mekaniske verksted, Kimek, er ei av bedriftene som skal ansette mange i tida som kjem. Etterspørselen etter kompetansearbeidskraft er stor, det er arbeidstakers marked... Russiske krabbetrålarar på havna i Kirkenes. Fleire er ombygde amerikanske båtar med amerikanske leiing ombord sjølv om skipa er eigd av russiske selskap. Amerikanarane har lang fartstid som krabbefiskarar i Alaska og områda i nord. Russerane har henta inn kompetanse. Eg var i Kirkenes under Kirkenes-dagane. Her var ein del russisk innslag i gatene, blant anna med matroska-salg, og i teltet var det live musikk kvar dag, full stemning, dans på borda og smekka fullt med folk. På gata traff eg tre russ...

Kritisk journalistikk er ikkje det same som negativ journalistikk. og NRKs innlegg i dagens BT er ... ja

Innlegget frå NRK i Bergens Tidende (BT) var kort sagt litt, ja.. NRKs siste innlegg i BT osar av dårleg sjølvtillit og defansiv haldning. Les berre dette eksempelet av ein kommentar som er henta frå min kronikk i Klassekampen om dei sløve lokalmediene, og dette svaret viser at ja, dei har heller ingen debattkultur, sjølv på lederplan: (det er henta frå at Haugsbø kritiserer mangelen på gravekultur i sogn og fj-mediene) – Haugsbø har alltid hatt eit godt og tydeleg sjølvbilete. No har han i tillegg budd fleire år i hovudstaden, og då kan vi ikkje forvente at han skal ha respekt for kollegaer i mindre redaksjonar i Utkant-Noreg, svarte redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen. Kva er dette slags utspel? Det går ikkje utover den godt etablerte Haugsbø, sitatet smeller som ein bomerang tilbake på NRK. Kva slags haldingar er det mediehuset i Førde frontar? Sitat som det Sanne-Gundersen frontar er ikkje direkte positivt imagebyggande. Les Hilde Sandviks kommentar i B...

Dagens lokalmediedebatt: kva vil mediene?

Eg deltok i dag i debatt på Dagsnytt atten klokka 18.50 mot redaktør i Firda. Eg stiller store spørsmålsteikn ved om redaktør i Firda har lese min kronikk, eller om korvidt han eigentleg er interessert i å forstå kva som står der. Eg er ikkje ute etter å krangle, men å diskutere, men når det ser ut til at det ein skriv skal og må vrangtolkast, er det jo klart det heile vert komplisert. Uansett viser debattengasjemanget både i Klassekampen siste dagane og i Bergens Tidende, at det er stor støtte for kritikken blant fagfolk, mediefolk og diverse andre, stort sett dei fleste, og dei har svært gode, godt begrunna argumenter. Eg må sei eg synest det er svært interessant å følge debatten, men eg synest ikkje det er svært interessant å lese lokalmedieredaktørane sine svar. Årsaka er denne: dei utelatande forsvarar seg og går defansivt i strupen på meg. Greit nok, gå gjerne i strupen på meg, det er dykkar valg, men mitt spørsmål er dette: kvifor tek ikkje redaktørane tak i debatten? Kvifor bru...