Gå til hovedinnhold

Innlegg

Finland - Rovaniemi i Lappland

Jakta på russisk bissniss fortsetter. I Rovaniemi, julenisselandet. Eller, det vil sei finnane påstår nissen kjem herifrå. Eg skal ikkje nekte på det, eg ser bilder av den over alt, men eg rakk ikkje å dra og besøke han ved polarsirkelen som forøvrig passerte like utanfor byen. Eg hadde nemlig ein avtale med nokon andre som lagar store leiketøy som går raskt i snø. Då eg kom til byen, tok eg meg ein tur på Rovaniemi Art Museum. Der hadde dei ei samling toalett. Vi er kva vi et, stod det på veggen, og visstnok i stadig større grad jo eldre vi blir. Deretter, når kunst er kartlagt, er det på tide å kartlegge den fysiske byens omgivnader. Her er ein del vatn i Finland, og Rovaniemi er omgitt av store elver på dei fleste sider. Går du ca tre kilometer ut av byen, eg gjekk og gjekk medan alle andre sykla, finn du skogmuseet. Der traff eg ei dame som sydde vesker med bilete av elg på. Ho arbeider ved museet, men er naturvernar og fann sin eigen jobb ganske paradoksal. Her viser ho turistane ...

Vi får ikkje betre medier enn vi har redaktørar

Dette innlegget "Anne Viken - din dumming!" stod i Bergens Tidende 6.august. Innlegget er bra, og har eit fint finalepoeng: "Me får ikkje betre media enn me har redaktørar. Og då er det temmeleg talande om denne debatten renn ut i skitkasting om kven som har gjort flest feil ein gong i fjor. "

For å tjene penger må man skrive om sex

KOMMENTAR: - Storåsfestivalen hadde booka ubestridelige kvalitetsartister, men mediene brydde seg ikke. Det mediene brydde seg om var at ei jente som opptrådte under et burlesk-show på Slottsfjellfestivalen også hadde opptrådt i en håndfull amatør-pornofilmer, Sannheten om Storåsfestivalen er imidlertid en annen, skriver Ballades anmelder i sin sluttkommentar fra Trøndelag. Kommentar av min eminente skribentkamerat Hatlevik på ballade.no

Debatt om lokalmediene på journalisten.no

sjekk her . kongelig. debatten sprer seg! følg med i Dagbladet.. og les her! : Ikke noe hokuspokus å grave lokalt, og så her: Vil ikke være koseavis. og For patriotiske lokalaviser. Heilt riktig, trur eg: Ikkje noko problem å grave lokalt. Men det avheng av dyktig ledelse med målsetning, og sjølvsagt gode journalistar som får lov å jobbe med dei gode sakene. Ein må prioritere. Det er spesielle haldningar som vert fronta av lokalmediesjefane i Sogn og Fjordane. Er desse representative for haldningane, defansive og ikkje opptatt av debatt- kun sjølvforsvar, er det ikkje rart fylket ikkje direkte svingar seg på toppane kva utvikling angår. Fleire har vore sjokkert over NRKs innlegg i BT , . Aggresiv, defansiv og med dårlig sjølvbilde går ein i forsvar. Følelsane koker gjerne over for saken. Ikkje akkurat utviklande debattkultur for ein region.

Lappland

Buss frå Kirkenes til Ivalo. Eit av problema her i nord, er infrastrukturen , og det merka ein på vegen til Ivalo. Det var ekstremt humpete, humpidump og i full fart. Dermed vart det bråstopp då denne rakkaren, eller reinen som det heiter på godt norsk, fant på å stå midt i vegen. Det er veldig tundraaktig landskap her oppe. Den sibiriske taigaen starter i Sør-Varanger, i Pasvikdalen. Utrulig flott landskap. Eg forestiller meg at her bur troll og tusser, men det gjer det sikkert ikkje. De tusen sjøers land, absolutt, men fakta er at her er 187 888 sjøar (!!!) her. Det er utrulig vakkert. Finland har litt over fem millionar innbyggarar, og har ei befolkningstettheit på 17 personar per kvadratkilometer. Her i nord er det enda mindre, her er langt mellom husa, og dei husa som er, ligg spreidd. I sør av Finland er det 130 personar per kvadratkilometer, mot ti i nord. Her stansa bussen, ved Sevetin Baari, ein bar/kafe/butikk langt ute i ødemarka. Det minna meg faktisk litt om pubane langs...

Kirkenes - dag 1 til 5

Eg kom til Kirkenes mandag med hurtigruta. Kirkenes er eit eldorado om ein er interessert i industri og bissniss mot Russland. Eg kunne ha skrive mangt og mykje, mange titals sider og bloggar, men det har ein ikkje tid til når ein vandrar rundt og møter så mykje spanande folk. Det må bli når eg er tilbake i Oslo. Kirkenes Mekaniske verksted, Kimek, er ei av bedriftene som skal ansette mange i tida som kjem. Etterspørselen etter kompetansearbeidskraft er stor, det er arbeidstakers marked... Russiske krabbetrålarar på havna i Kirkenes. Fleire er ombygde amerikanske båtar med amerikanske leiing ombord sjølv om skipa er eigd av russiske selskap. Amerikanarane har lang fartstid som krabbefiskarar i Alaska og områda i nord. Russerane har henta inn kompetanse. Eg var i Kirkenes under Kirkenes-dagane. Her var ein del russisk innslag i gatene, blant anna med matroska-salg, og i teltet var det live musikk kvar dag, full stemning, dans på borda og smekka fullt med folk. På gata traff eg tre russ...