Gå til hovedinnhold

Innlegg

Dagens sitat: frå beat-generasjonen

"First thought, best thought." Spontaneous insight - the sequence of thought-forms passing naturally through ordinary mind - was always motif and method of these compositions. Allen Ginsberg, New York City, June 26, 1984 (Author's Preface, Reader's Manual, Collected Poems 1947-1980) Trua på eigen genialitet, uredigert, i nuet.

Atter eit tiltak som forbind nynorsk med ordet "tvang": Nynorsktvang for momsfritekne aviser

Eg siterer direkte frå Noregs Mållags heimeside: - "Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid." Her bruker ein pisk, ikkje gulrot, og tillegg atter ein forbindelse mellom ordet "tvang" og "nynorsk", akkurat som om denne linken ikkje var der frå før. Mange forbind nettopp nynorsken med tvang, så kvifor tvinge nynorsk på enda fleire og skape desto fleire negative assosiasjonar? Kvifor kan ein ikkje gjere nynorsk til noko kult, ikkje til atter ei tvangssak? Journalistar bryr seg ikkje om dei kan skrive på nynorsk eller bokmål, skriv Bergens Tidende. Det overraskar overhodet ikkje. Og dei som kan velge mellom nynorsk og bokmål, vel ofte også bokmål. Å gjere det til ei kampsak å få nynorsk på trykk i VG , Dagbladet og Aftenposten: er det virkelig ei sak å...

Leik, løgn og sodomi

Dagens sitat er henta frå Dag og Tids intervju med Lars Ove Seljestad om hans nye bok Frægd. Han seier: "Eg ryddar meg eit rom og gjer kva eg vil. Har nokon vanskar med det, er det ikkje mitt problem. Skal ein leggja seg opp til alle mogelege politisk korrekte prosjekt, får ein heller la vera å skriva. (...) Eg har rana meg eit fritt rom i eit gjennomkontrollert og gjennomdisiplinert samfunn. (...) Eg vil rikka ved førestellinga om at me er så moderne og frie og individualiserte." Mine frie kommentarar til sitatet: Tommelen opp - det er tidvis ganske trøttande å forhalde seg til alle dei politisk korrekte. Det er ei lita utfordring å halde seg vaken til tider ettersom kvart einaste argument frå motparten kunne ein ha forutsagt to år i forvegen. Takk og pris for alle som har noko friskt å kome med. Men politisk korrekthet er eit vanskelig begrep. Det kan vere korrekt å meine noko som er heilt i strid med virkeligheten, berre fordi det er "korrekt" å meine dette. Nei,...

En rik partner gir flere orgasmer

Sitater frå helgas Dagens Næringsliv: - Kvinner er mer fornøyd med ikke-økonomiske faktorer. Derfor er kvinners lykke mer motstandsdyktig i nedgangstider, noe som kan forklare hvorfor kvinner verden over nå er lykkeligere enn menn. Spandable menn får flest kvinner i seng, og ikke nok med det: Kvinner får hyppigere orgasme jo rikere mannen er. En kontroversiell undersøkelse som antyder at kvinner er naturlig programmerte til å bytte kjærlighet mot penger. Kvinner er også mer generøse: Halvparten av dei utro kvinnelige millionærene i ein undersøkelse, planla å gi elskeren flere presanger og større pengegaver. Dette var en langt høyere andel enn blant de utro mannlige millionærene. Hillary Black, kvinnen bak boken The Secret Curreny of Love: The Unabashed Truth About Women, Money, and Relationship, oppsummerer det hele slik: En generasjon forvirrede feminister med et komplisert forhold til penger. Ja, hva skal man si til det.

Oslo - winter wonderland

Låg kvalitet på seminarundervisninga ved UiO

All undervisning er kunst, skriv lærer og psykologistudent Cecilie Benneche på lesarbrevplass i Aftenposten idag (8.feb 1009). Hennar reaksjon er svar på kronikken av Svein Tore Marthinsen i same avis, der Marthinsen skriv at seminarundervisningen bør innta ei nøkkelrolle ved universiteta. Min umiddelbare reaksjon var at denne kronikken var både svært naiv og tufta på smale eigne erfaringar som seminarleder. Seminarundervisninga slik den er per i dag, er iallefall ikkje på SV-fakultetet anna enn reine sorgen på mange av faga. Eg reagerte som Benneche då eg las kronikken. Ho skriv: "Jeg har imidlertid vært på så mange dårlig ledede seminarer at jeg finner det viktig å si noe om dette". Eg er heilt einig. Mi, og mange andre si erfaring med DEI OBLIGATORISKE seminara ved Universitetet i Oslo (eg har ein bachelor i Internasjonale studier ), er at dei held eit så lågt fagleg nivå at det er kort sagt bortkasta tid. Mykje tid går med på å gi informasjon om korleis seminara skal leg...

Den største terrortrusselen i India er ikkje Pakistan.

(Denne kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 30.januar 2009). 19.desember landar eg i Hyderabad i India. Hyderabad, også omtalt som Cyberabad, ligg i delstaten Andhra Pradesh og husar Microsofts største campus utanfor USA samt tre Taj Mahal hotell. Dei ser alle ut som store slott. Dette er det andre India, seier admiral L. Ramdas, tidlegare sjef for den indiske marinen, der vi står i rulletrappa opp til tredje etasje i Prasads IMAX Theater, verdas største 3D kino. Det første India i denne samanheng, er India utanfor luksusen, og utanfor storbyen der spesielle økonomiske soner som skal gi auka eksport, auka inntekter og større global makt, sakte gneg i seg beiteland og landsbyar der ein bonde tek livet av seg kvart 22.minutt. Dansegalla og sjølvmord Likevel. Det er ikkje få spaltemeter som går med til å mimre over det andre Indias minner om gamle dagars dansegalla i Taj Mahal, og til å fortelle om alle dei nye sikringstiltaka i forbindelse med gjenopninga av hotellet. Nokre spaltemeter...