Gå til hovedinnhold

Innlegg

Det står ein varulv uti gangen, mor lille hau hau!

I say: ja I say: ein varulv I say: utanfor døra I say: !!! I say: han kjem for å slipe tennene sine på trusene mine! I say: ka skal ein gjere! arve says: gud hjelpe...... I say: er han ein truseslipande truseslusar eller ein truseetande trusesnusar I say: spør du, spør eg! I say: spør vi alle ihop I say: nei ditta gårkje lenger I say: I say: cut the crap I say: HERRE! ver meg nådig. her i trusesliperhimmelen I say: øks. neeeei ikkje øksa I say: haha I say: ØØØØKS I say: hohoho!!!

To år sidan bunadsdebatten!

Imorgon, 26.februar 2009, er det to år sidan bunadsdebatten starta i Sogn og Fjordane. Kick off var dette innlegget , og eg kosar meg med det den dag i dag. Eg må sant å seie innrømme at denne debatten har skaffa meg ei rekke nye vener i fjordfylket, samt også ei rekke surpompar som ikkje tåler trynet mitt, men desse sure merkar eg lite til. Det eg derimot merkar noko til, er dei interessante bekjentskapa der ute, og alle dei interessante samtalane eg aldri i verda hadde fått med folk frå Sogn og Fjordane om det ikkje var for bunadsinnlegget. Og dette seier eg ikkje for å vise musklar eller for å ta hevn, men fordi det er sant. Responsen blant politikarar og andre tyder på at dette er noko som er viktig å ta tak i. Det har blitt meir og meir klart for meg at her er det utrulig mange kule folk, og det hadde eg ikkje visst/ desse hadde eg ikkje blitt kjend med, hadde eg ikkje skrive dette innlegget. Krake søker make, og det er mange som meiner som meg. Og dei er ikkje verken kjipe eller ...

Ut av bobla

Idag var det første møtet mellom dei to rektorkandidatane ved Universitetet i Oslo. Begge peika på viktigheten av å vere synlige, og av å vere ein viktig samfunnsaktør, men ingen av dei var spesielt konkrete på kva dei vil. Dei vil gjere bra ting, ha gode forhold for studentar og forskning, men kva betyr det i praksis? Då kom eg på denne saka som eg skreiv som journalist i Universitas, back in the days. Ut av bobla. Eg trur ikkje det er så dumt å tenke på kva rolle ein vil innta, og at ein som rektor deltek i samfunnsdebatten. Ikkje lat det vere sant som Rune Slagstad seier , at dei utydelige er på veg oppover stigen i akademia. Dei som ikkje bryr seg om anna enn karriere. (Og ja, eg veit at begge rektorkandidatane alt har gjort karriere, men no tek dei atter eit steg/ prøver å ta atter eit steg og det krev at dei maktar å sei andre ting enn ukonkrete ja og amen til kvalitet og utvikling).

Dagens sitat: frå beat-generasjonen

"First thought, best thought." Spontaneous insight - the sequence of thought-forms passing naturally through ordinary mind - was always motif and method of these compositions. Allen Ginsberg, New York City, June 26, 1984 (Author's Preface, Reader's Manual, Collected Poems 1947-1980) Trua på eigen genialitet, uredigert, i nuet.

Atter eit tiltak som forbind nynorsk med ordet "tvang": Nynorsktvang for momsfritekne aviser

Eg siterer direkte frå Noregs Mållags heimeside: - "Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid." Her bruker ein pisk, ikkje gulrot, og tillegg atter ein forbindelse mellom ordet "tvang" og "nynorsk", akkurat som om denne linken ikkje var der frå før. Mange forbind nettopp nynorsken med tvang, så kvifor tvinge nynorsk på enda fleire og skape desto fleire negative assosiasjonar? Kvifor kan ein ikkje gjere nynorsk til noko kult, ikkje til atter ei tvangssak? Journalistar bryr seg ikkje om dei kan skrive på nynorsk eller bokmål, skriv Bergens Tidende. Det overraskar overhodet ikkje. Og dei som kan velge mellom nynorsk og bokmål, vel ofte også bokmål. Å gjere det til ei kampsak å få nynorsk på trykk i VG , Dagbladet og Aftenposten: er det virkelig ei sak å...