Gå til hovedinnhold

Innlegg

Navarsetes «gammel gubbe-retorikk»

Først serverte Senterpartiet oss breibandsbløffen. No bløffar partiet om at dei ønsker å «ta heile landet i bruk», «ta enkeltmennesket på alvor» og «sleppe det private initiativet til». Den må dei lenger ut på landet med. (leserbrev i avisa Firda) «Eg drøymer om grøne arbeidsplassar, bygd på fornybare naturressursar, fiberbreiband til alle og moderne vegar og jernbane samt utvikling av kunnskaps- og kompetansearbeidsplassar i heile landet,» seier Liv Signe Navarsete på Senterpartiet si nettside. Spørsmålet eg stiller meg, er om Navarsete kjem til å oppfylle ein einaste av draumane sine, eller om dei kjem til å forbli ein draum. Frå nordområdene kjem det klager på manglande oppfølging av den legendariske Nordområdestrategien, lansert som sittande regjerings viktigaste utenrikspolitiske satsing. I nord treng dei vegar til transport, men i første omgang befinn desse vegane seg i ein draum, eller i ei snakkeboble. Dei finst ikkje i virkeligheten. Breibandsbløffen Og vi kan kanskje vere gla...

Økologisk merkevarebløff?

Trykk på biletet og kommentaren blir stor og leselig. Det er umulig å påvise at der er mindre utslepp frå kortreist og økologisk mat, versus konvensjonell og langreist. (Denne kommentaren stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 5.september 2009) Marknaden for økologisk mat er nær dobla sidan 2006. ” Dette representerer ein marknad vi i størst mulig grad må fylle med norske produkt. Økologisk mat skal vere ei inntektskilde for norske bønder ” , sa statssektretær i Landbruks- og matdepartementet, Ola T Heggem (Sp) på landsmøtet til norsk sau og geit. Innovasjon Norge reiser ikkje rundt og skryt av alle dei store industrifjøsa dei gir økonomisk støtte til, men av dei små gardsmeieria som sel kuriøs ost som fortel oss den snille historia om livet på landet som vi liker å høyre. Den om bonden med tre kyr og helst ein hest på stallen. Framstillinga av den norske bygda får vi gjennom Aftenpostens LEVE magasin der folk flyttar frå byen til bygda for å realisere seg sjølv blant økolo...

Hore og madonna

Svarte tomrom i kvinners liv, enkle menn og danna middelklasseseksualitet. Derfor ender den store kjærligheten alltid ulykkelig. Vigdis Hjorth er femti år i år, og det passar i den forbindelse å publisere eit portrettintervju av denne ein av mine favorittforfattarar. Dette intervjuet vart første gong publisert i Fett i 2007. Tekst: AnneV Nesøya om våren. Store hus, badestrand, hvite hus, fine biler, rødt hus med nummerskiltet på skeive, maling flasser av, morkne planker, diger hund hopper ut døra, Vigdis Hjorth på trammen, busker og trær. - Jeg har latt meg stæsje av Henne et par ganger. Det var katastrofalt. Fikk på rød kjole og skulle se sånn nakent inn i kamera. Da begynte jeg å vise fingeren, fikk tyn og ble kalt horebabeforfatterdame i avisene etterpå. Pulverkaffe, kartongvin. Bordet vagler foran bålet i peisen. Kaffe med melk over hele bordet. Tar du en brå bevegelse faller en vegg ned, sier hun. Tar du en kopp kaffe, holder bordet på å velte. På gulvet ligger en velta hund. H...

Navarsetes personlige vendettaer mot "gretne gamle gubbar" som meiner det er for mange "bondepolitikarar på tinget".

Forskar Georg Arnestad sa nyleg til Firda at Sogn og Fjordane taper i høve til nabofylka på Vestlandet, fordi dei har for mange bondepolitikarar som er opptekne av livet på landsbygda. Akkurat dette kan han nok ha rett i, eller urett i, ein politikar på tinget er trass alt valgt inn på vegne av det fylket han representerer og i så måte er det jo litt deira jobb å vere bondepolitikarar sidan fjordfylket inneheld ein haug med bønder, men næringslivet er nok uansett det som kjem til å bere fylket i åra framover når melketankane ein etter ein synk i Sognefjorden, men det som er mest hårreisande med saka, er ikkje dei synkande bondepolitikarane, men måten Liv Signe Navarsete (Sp) svarar Arnestad på. For kjem du frå Sogn og Fjordane må du forhalde deg til ei viss oppskrift, og du må vere pro bygda, uansett kva som foregår der. Ellers er du ein "gretten gammal gubbe", slik Liv Signe Navarsete presterer å sei til Firda og NRK . (Sjekk ut kommentarfelta under sakene, der kjem det fra...

En ekte amerikansk bissnissmann: Monty Roberts, mannen som lytter til hester

Han fanget okser på rodeo og ville hester i Nevada, var James Deans nærmeste venn og toppet New York Times bestselgerliste i 58 uker. Nå vil amerikaneren Monty Roberts (71) gjøre verden til et bedre sted. I arkivet mitt fant eg denne artikkelen. Den er skriven for argument den gongen vi starta det opp, og er basert på eit intervju eg gjorde med den verdensberømte hestehviskeren Monty Roberts. Last ned artikkelen (side 9) og argument # 1 - 2006 her. Monty Roberts jobbet som stuntmann i Hollywood da en bekjent i filmmiljøet spurte om han ikke kunne ha James Dean boende hos seg på ranchen i Salinas en fire måneders tid. Den bilgale rebellen skulle lære seg litt om distriktet før innspillingen av Øst for Eden. Året var 1954, Dean var ukjent, og nitten år gamle Roberts skeptisk. Han lurte på hvorfor i alle dager han skulle si ja, men etter et tilbud om 22 500 dollar, var avtalen i boks og Dean flyttet inn på Robert s ` ranch i Salinas. Rodeorytteren i verdensklasse og r...

Dyr framfor menneske i helsekø

Medan eit dyr får røntgen på timen, kan du som menneske risikere å vente i månadsvis. Mindre enn fem prosent av den norske befolkningen har privat helseforsikring, dei flest finansiert av arbeidsgivar. Ein stor andel av norske dyr har også privat helseforsikring. Har du ikkje forsikring, kostar det deg raskt femti tusen den dagen hesten din blir ramma av ein alvorlig tarmslyng, og må på operasjonsbordet for å redde livet. Er dyret forsikra? Eit av dei første spørsmåla ein eigar møter når han kjem til klinikken, er dette: Er dyret ditt forsikra? Ja, seier dei, og veterinærane pustar letta ut. Dei kan køyre i gang, ringe inn alle ekspertar på vakt og slenge hesten på rygg, heise den opp og legge den på operasjonsbordet under eit anestesiregime like proft som på ein kvar privatklinikk for oss tobeinte. Dei kan sette alle klutar til. Det hadde dei også gjort om dyret ikkje var forsikra, men då måtte dei først ha forvissa seg om at eigar var villeg til å betale kostnadane ved inngrepet. ...

Det handlar ikkje om kvinnekamp, men om posisjonering og show off.

Høyr om Glitterfitter på radiorakel FM 99,3: onsdag 2.september klokka 16. I studio er Sigird og Anne. Vi skal anmelde boka, og eg har før omtalt den ganske lunkent her på bloggen. Det kjem eg nok til å måtte fortsette med. Og så litt småplukk om Glitterfitter, og dei paradoksale kritikarane som har vore ute mot boka i media: Mali Steiro Tronsmoen: Litt spes å være med i en bok som jeg merker at jeg sjøl ikke syns noe særlig om. Les innlegget i VG her: "Redaktørene glemmer hvor få som har lett tilgang til media og bruker høye hæler på jobb. Et vitnesbyrd fra 18 jenter som er valgt ut fordi de er sterke jenter med sexy undertøy viste seg å verken være særlig banebrytende eller interessant. Men ingen bør hevde at dette er virkeligheten for unge kvinner i Norge i 2009." Er dette seriøst SU-lederne bortforklaring på kvifor ho vart med på prosjektet? Det ser slik ut. Men ho er SU-leder, ho burde visst betre og trekt sitt bidrag da, om det var så farlig. Eventuelt latt kritikken ...