Gå til hovedinnhold

Innlegg

Den staden du er fødd på, er brent fast i panna di

P says: Var no ein kompis av meg som jobba i riksrevisjonen som sa atte han kjente ein møring som hadde budd 50 år i bærum, men likevel spurde folk han om han skulle "heim til jul". Ein dag hadde han klikka når han fikk spørsmålet og sagt "no må det faen meg være nok, eg har budd her i 50 år og dittahære e no for faen meg heim for meg". Det e jo eit merkelig og interessant fenomen, korleis den staden du kjem frå er brent fast i panna di. I say: I say: hahaha, eg veit. P says: Atte heimplassen skal sviast fast i panna liksom. I say: Ja, eg veit. Slik er det. Du ER frå Sogn og Fjordane, skriv nynorsk for svarte faen i helvete. Eg tenker, at når eg sleppe mi første bok, og den er på rykande bokmål - noko den faktisk er - kjem det første spørsmålet til å vere: kvifor skriv du ikkje nynorsk? ...... herregud ass. Språket er for meg eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. P says: Eg e so glad når eg e i utlandet og blir presentert som PP frå Oslo, det lika eg. I say: Vi ...

Toleranse er farlig - eg er intolerant

Vi har alt toleranse for ei lang rekke vulgærperverse aviskommentatorar, for ei presse som plager deg med sitt låge nivå og no også spinn ville politikere til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til steinalderen. Det heile er ei megasuppe, og Oslo ein andedam som ikkje forstår at mesteparten av landets folk lever andre stader. Skal vi tolerere dette, og desse stemmene som eig landet og den offentlige debatten? Tja. Skal vi tolerere floden av navlelo i det offentlige rom? Toleranse og humanisme fører ikke til en bedre verden, men er tvert imot farlige krefter fordi de glatter over konfliktene i samfunnet, sier filosofen Slavoj Žižek i dagens Klassekampen. Dette kan vere sant. Personlig dersom du tolererer kjipe mennesker rundt deg. For samfunnet om du skal vise takhøgde for alt og alle. Problemet er vel å trekke opp kvar grensa skal gå. Selvfølgelig. No har Nina Karin Monsen anmeldt staten pga ekteskapslova. Ho meiner det har gått for langt, at det er høgre mot venstre og ...

Legg ned Venstre, erstatt Senterpartiet og få Krf til å trekke ut folk av Frp.

Eg tenke, nokre dagar på etterskot, at Siv Jensen sitt angrep på Lars Sponheim (V) fordi han liksom føkker opp for eit borgarleg fleirtal, bør han ta som eit kompliment. Det må stå som ein siste gest til galningen Sponheim, at det var godt at han ikkje ga seg, og at han sa nei til Frp fram til siste slutt. Så får han heller få dask på lanken av Siv. bla bla bla Spørsmålet er vel heller om ein bør samarbeide med Frp, om ein i det heile tatt treng partiet Venstre. Dette spørsmålet har eg stilt meg i ei årrekke, og spørsmålet er aktuelt igjen. Kva skal vi med partiet Venstre? Dei er jo berre ein slags funny miks av ting og påstander som ikkje treng eit eige parti, men som vert dekka inn av andre. Krf kan eg forstå, Ap må vi sjølvsagt ha, Rødt er fint å ha i opposisjon så vi får litt bråk og leven frå utsida. Dei gjer seg betre i opposisjon enn i posisjon, all den tid dei i posisjon hadde blitt kverna inn i stortingskverna medan dei utanfrå kan stå tydelig fram. Mulig at også SV burde ut a...

Slå eit slag for klima og miljø: ja til norsk sau.

Eg vil anbefale å ete norsk sauekjøt, samt å vere pro ein virkelighetsnær rovdyrpolitikk der ein innser at sau og ulv lever i ulike områder, samt at der ikkje finst norske bestandar av ulv og bjørn, men skandinaviske, og at desse veks, all den tid eit nei til produksjon av norsk sau på vår utmark, er eit ja til import av industrisau frå New Zealand, eller sau som står inne heile året i EU, eventuelt som går på hardt gjødsla innmark. Nordmenn vil ikkje slutte å ete sauekjøt. Dei vil importere. Å tru at ein bidreg til miljøet på ein positiv måte ved å sei nei til sau og ja til rovdyr, er ca like virkelighetsnært som å tru på nissen. Ein sau som ryddar vekk buskas og tre på eit tidlig vekststadie i skauen, held liv i fleire artar (kulturlandskapet) enn ein ulv i eit sauefritt område. Ulven er ein toppredator og hindar ikkje attgroing av landskapet med den påføring av skugge og deretter dårlige vekstforhold for planter osv. Og dersom du fortsatt meiner at der finst ein norsk bestand av bjø...

Nisjeaviser stig og nisjeparti går under

Klassekampen og Vårt Land er aviser som aukar i opplag. KK med heile 25 prosent lesarauke. Ganske formidabelt med andre ord, og det matcher også valgresultatet: rødgrønn seier. Trenger eg sei "hurra"? Verst ad undas går det med Dagbladet, og vi håper prosessen blir rask og smertefri, medan VG har ikkje uventa den høgaste andelen Frp-velgarar å vise til blant sine lesarar. Braanen skriv på side to i dagens Klassekampen at Dagbladet har færre SV-lesere enn mange trur (åtte prosent), men er vi egentlig så overraska? Tatt i betrakning sitatet som påstår at du må ha master for å stemme SV og phd for å stemme Rødt... Krf, Senterpartiet og Venstre er parti vi snart må innsjå at vi ikkje lenger har bruk for, sa Carl I Hagen på Frp-valgvaken igår. Nisjeavisene stig og nisjeparti går under. Eg prøver å legge sammen to og to, men får ikkje fire.

Drømmefakultetet og SCUM av Valerie Solanas

Eg les i desse dagar Drømmefakultetet av Sara Stridsberg. Denne boka er svært fasinerande. Den vekslar mellom Valerie Solanas oppvekst saman med mora Dorothy i ørkenbyen, der mora syklar til og frå huset med Valerie på bagasjebrettet og postar rosa brev til menn ho har fornærma, eller menn ho har blitt dumpa av. Dei syklar som vindar gjennom ørkenen, Valerie samlar døde ørkendyr i bakgarden, og mora stjel vesker på puben ho jobbar på og blir banka av den nye gubben når far til Valerie stikk av. Det er vanskelig å yte denne boka rettferdighet i ein omtale. Språket er heilt eksplosivt og det held det gåande side opp og side ned, utan å gi seg ein pause. Valerie rømmer heimefra og bur på stranda ilag med Silkegutt som samlar på døde sjøhestar, ho sel kroppen sin og går på stoff, ho begynner på universitetet, blir phd-student i psykologi, droppar ut, skriv SCUM - Society for Cutting up Men , og skyt popkunstnaren Andy Warhol. Storyen vekslar mellom Valerie sin oppvekst, opphaldet på menta...

The Hungry Hearts - Sequence One

The Hungry Hearts - Sequence One from Joern Anthonisen on Vimeo . [First sequence from the performance band The Hungry Hearts] The Hungry Hearts consists of six members and is an art project in the extended field including music, performance, video, text and photography. The members has alter egos where Kristi Brud, Rosita Lonelyheart, Anatolah-Twins, Betty Ballbreaker and The Pantyhose Lady is the most aktive. Tekst: GaliBlog