Gå til hovedinnhold

Innlegg

Ebba Haslund/ Berlin: djevleutdrivelse, mensblod og real shit-ekteskapsdrama

Ålreit. No er eg i Berlin for å skrive bok, eller det som kanskje skal bli ei bok med litt flaks. (Eg trur det er bestemt frå høgare hald at det skal bli bok). Uansett. Eg tok flyet til Berlin idag tidlig og hadde rota vekk adressa til kåken her i Kreutzberg. Greit nok. Den fekk eg tak i, men med min dårlige tysk (eg er virkelig ikkje glad i språk) klarte eg visstnok å fortelle ein av naboane her at eg skulle besøke ein venn som ikkje var heime før klokka ti over to. Gudane veit korleis eg fekk det til. Eg meinte egentlig å sei at eg hadde gått opp i feil oppgang, og at eg skulle til ein kåk på andre sida av bakgarden, men uansett. Mannen, som hadde 150 klokker i stua som tikka i takt - eg tuller ikkje- serverte kruttsterk kaffe mens eg venta på min venn (eg har ingen venn i Berlin??) som skulle komme klokka ti over to. Presis ti over to toga eg ut, full av kjeks og kaffe, og opp i femte etasje i Forster strasse i Kreutzberg. Her sitte eg no og skjønner ikkje heilt kvifor eg gidder å s...

Om kannibalisering av stoff blant journalistar

Ein journalist som ikkje skaffar seg ny informasjon eller går ut frå kontoret, vil ha lite valg anna enn å kannibalisere, og eg siterer Tom Wolfe «The New Journalism» (1975: 25-26): After a few weeks they start to dry up. You can see the poor bastards floundering and gasping. They're dying of thirst. They're out of material (...) Without tv-shows to cannibalize, half of these people (aviskommentatorer) would be lost utterly catatonic (...). Anytime you see a columnist trying to sqeeze material out of his house, articles, books or the televisionset you've got a starving soult on your hands... (...) Sjekk ut nærmaste kommentarspalte, nærmaste politiske kommentator, tabloidene... og du vil sjå at desse har ikkje vore ute av kontoret sitt på ei god stund. Dei er oftast godt uttørka underhaldningskannibalar.

Dei høgt utdanna held seg i sine eigne nisjemedier (heile artikkelen)

Trykk på bildet av kommentar og den blir stor og leselig! «Vi trenger en sosialt inkluderende offentlighet, og det er ingen grunn til å tro at dette innebærer en vulgær og uinformert debatt i et land med så høgt utdanningsnivå som Norge», står det i innleiinga til antologien «Demokratiet før og nå» som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlegheit, ser vi at påstanden er naiv. Ei sak som har skapt mykje liv i pressa dei siste vekene er til dømes Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Eg er ikkje av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2 , høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag. På same tid er det eit faktum at det norske folk, og ergo også norske journalistar, har høgare utdanningsnivå enn før. Det ...

Dei høgt utdanna held seg helst i sine eigne nisjemedier

Les heile artikkelen her. Utdrag: «Vi trenger en sosialt inkluderende offentlighet, og det er ingen grunn til å tro at dette innebærer en vulgær og uinformert debatt i et land med så høgt utdanningsnivå som Norge», står det i innleiinga til antologien «Demokratiet før og nå» som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlegheit, ser vi at påstanden er naiv. Ei sak som har skapt mykje liv i pressa dei siste vekene er til dømes Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Les min Signert-artikkel på side tre i helgas Klassekampen. Rune Stubagers "The Education Cleavage: The Socio-Structural Foundations of Culture Wars". Min artikkel er bygd på ein kortversjon (artikkel): Stubager, Rune (2009): The education cleavage: The socio-structural foundation of culture wars, Paper prepared for presentation at IPSA’s 21st World Congress of Political Science, Santiago, July 12-16 2009.

Tålmodighetens stein av Ariq Rahimi

Eg skal prøve meg på å omtale denne boka. Det er ikkje lett. På den eine sida interesserer denne boka meg ikkje så veldig. Eg ville gjerne bli ferdig med den og legge den vekk med ein gong eg begynte å lese den, og det er ikkje spesielt rettferdig for boka sin del. Dette endra seg etterkvart som eg begynte å like hovedpersonen, og etterkvart som hovedpersonen slutta å sitte med bønnekjede heile dagen men begynte å fortelle meg om sitt liv som kvinne i Afghanistan. For det er det denne boka handlar om: skam, vold, overgrep mot kvinner utført av menn og andre kvinner. Eg har før lese boka Sangati av Bama , og den gjorde eit sterkt inntrykk. Sangati las eg i Andhra Pradesh, India, på kveldstid i ein liten leilighet i ein landsby ein time frå Hyderabad etter å ha site ansikt til ansikt snakka med Dalit-kvinnene i ein annan landsby like før. Bama er Dalit. Handlinga utspelte seg på alle kantar og gjorde eit sterkt inntrykk. Vold mot kvinner var noko vi såg og hørte om gjennom personlige his...