Gå til hovedinnhold

Innlegg

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Knausgård fekk skrivesperre av skriveskule. Det fekk eg og.

Idag les eg i VG at Knausgård fekk åtte års skrivesperre av å gå på Skrivekunstakademiet i Bergen. Dette er ikkje uforståelig. Eg har også gått såkalt forfatterskole, om enn litt mindre omfattande enn akademiet i Bergen. Eg fekk også påført skrivesperre. Men då eg sa at eg fekk skrivesperre av å gå på skriveskule, fekk eg kjeft av skrivelæraren: Om du får skrivesperre av å lære å skrive, har du ingenting her å gjere, sa ho. Det var eg enig i. Sånn nesten enig. Jo meir eg lærte, jo dårligare skreiv eg. Eg skreiv meg ut av mitt gode skinn og inn i nokon andre sitt. Henta frå mine notatar på skriveskule: Skriveskular kan gjere det litterære rommet trangare. Ein skal vite kva ein gjer når ein prøver å lære folk og skrive, ellers kan ein føre sine disiplar inn på ein sti så smal og med så solide skylappar på, at dei ikkje maktar tenke sjølv. Resultatet kan bli: ein får uoriginale stemmer og uoriginal litteratur låst fast i trange rammer og malar. Ein må kunne nok til å bryte reglane, j...

Les min artikkel om landbruk i fredags-Klassekampen

Skal norske bønder få slavelønn for å pleie kulturlandskapet? Ser du forskjell på ein økobonde og ein konvensjonell? Bortsett frå at økokyr må stå på bås, då. Dette slepp konvensjonelle kyr i framtidas Norge. Trur du denne NRF-kua hadde likt seg i Sahara? . Det som er verdt å merke seg, er at økofolket ikkje kjem til å makte å imøtegå mine argument. Dei kjem til å gå på personen med komiske anklager, heller enn å ta saken;) Dette er i tråd med deira villeiande markedsføring og debattbløffing. Det store spørsmålet er når dei bør inn for forbrukermyndighetene. The story is to be continued... .

Eg vart idag, 24.februar, utsett for eit atentatforsøk

Mora mi laga kakao til meg. Ho bytte om sukker og salt. .

Kva tjener det norske forbrukarar å ha det falske skillet mellom økologisk og konvensjonell mat i Norge?

I realiteten er det så og sei ingen skilnad, men Øikos framprovoserar konflikter og påstår hardnakka at der er skilnader på økologisk og konvensjonelt landbruk. Av og til lurer eg på om dei er totalt blotta for elementær kunnskap i biologi. Du skal tru godt på nissen for å tru at økologisk landbruk i Norge er noko anna enn ein avart av konvensjonelt. Vi har sett ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket både nasjonalt og internasjonalt, skriv Bjørn Egil Flø i dagens Klassekampen. Det er sant. Skilnadane er marginale, om dei finst. Lat oss ta to banale ting: kilde er Bioforsk. Under svenske forhold er det bare marginale forskjeller mellom kyr på økologiske og konvensjonelle gårder mht. jurhelse, reproduksjon, lengde på produksjonstiden og metabolisme rundt kalving og tidlig laktasjon. Dette indikerer at dyrehelsen under økologisk melkeproduksjon er like god som den konvensjonelle på disse områdene”. Nils Fall, 2009 En rekke uavhengige undersøkelser har git...

Økofjols vil no at Biola ikkje skal heite Biola.. Dei treng visst litt omtale, stakkars overkjørte økofjols

For øyeblikket er Oikos svært bekymret over det sviktende salget av økologiske meieriprodukter de to siste årene. Salgsnedgangen begynte i februar 2008 da Tine flyttet «Ø»-merket til baksiden av kartongen. Samtidig økte de prisen, står det. Kan det også vere at forbrukarane ser gjennom det falske merkevara økologisk? Det kan tenkes. Økomat er i stor grad ein merkevarebløff. Eg har eit forslag. Økobønder: begynn å kaste stål over låven dykkar istadenfor å bruke homøopatisk medisin. Det er cirka like effektivt, og det ville for alvor fått fram useriøsiteten i store delar av økoregelverket. Økologisk og konvensjonelt er same shit, different wrapping i Norge. .