Gå til hovedinnhold

Innlegg

Jävla austlendingar

Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen lördag 14.sept 2010. Debatten om Hardanger har blitt eit spørsmål om sentralmakta si overkøyring av lokaldemokratiet enn spørsmål om kraftlinjer. Det var opprör, diktatorstyre og undergang i spaltane. Så snudde regjeringa. Hurra! Men eit spörsmål står igjen: kven skjönar seg på Vestlandet? Kven veit Vestlandets beste? Professor Iver B. Neumann snakkar om at motstanden mot utbygging finst i små sytesamfunn. Han har openbart ikkje fått med seg den massive motstanden som har vore mot dei såkalla monstermastene. Han skjönar oss ikkje. Han er for langt borte, närmare bestemt på det jävla Austlandet. Eg har sjölv ved fleire höve forsökt å forstå mitt eige fylke Sogn og Fjordane. Blant anna foreslo eg i 2007 å brenne bunader (endre fylkes image) med det resultat at fleire ikkje våga möte opp då eg skulle halde 17.mai-taler i tre sunnfjordsbygder og –byar dette året. Folk frykta for stakken. Lärdom: ikkje bruk...

Å neeeei! Ikkje den evige debatten om bygd mot by no igjen!!!

Arvid Andenäs, banksjef i Sogn og Fjordane, har skrive nokre vettige ord. Bloggposten hans ligg her. Eg siterer direkte: "Utan eit oppegåande näringsliv over heile landet, heller ingen store leverandörar og kompetanseverksemder og verdiskapning i Oslo". Seriöst. MÅÅ vi virkelig ha det inn med teskei at både by og bygd er viktig i dette landet? Herre, fri meg frå dumskapen i debatten. Ein ting eg ofte her lurt på: naturvernaranes paradoks. Dei er nei til vindmöller og dei er nei til vasskraft (nei til rein energi). Dei er ja til naturvern og ja til rein kraft (nei til vindmöller og rein energi). Mange naturvernarar er, i likheit med ei rekke dyrevernarar, utan kunnskap om natur (dyr). Til gjengjeld renn dei over av usaklige fölelsar. Dyrevernarar er ofte ei gruppe for seg, og nokre gonger treff dei spikern, andre gongar bommar dei og drit seg ut og set heile dyrevernargruppa i vi-löfter-på-augnebryna-av-dykk gruppa kalt ekstremistiske tullingar som ikkje hadde venner för dei ...

Bilder frå Sverige

På dette biletet ser du meg. På dei andre ser du det flate landskapet med korn og gardar. Trykk på bileta så blir dei större.

Forskningsdirektör ved Universitetet i Stavanger spreier faktafeil om ökologisk landbruk. Interessant/ pinlig/ komisk

I Stavanger Aftenblad har forskningsdirektör ved Universitetet i Stavanger gått ut med ei rekke grove faktafeil og påstander om ökologisk landbruk. Eg synest det er ganske grovt når ein forskningsdirektör på denne måten vel å fronte stygge faktafeil i media. Dette trur eg er nokre av dei grovaste faktafeila om landbruk eg har sett i media på ganske så lenge. Eg stiller meg undrande til at direktören ikkje har makta sjekke opp elementäre nettsider om ökologisk landbruk som ligg lett tilgjengelig på nettet. Eg stiller meg også undrande til at ein forskningsdirektör, som burde ha internasjonal forskningserfaring og som dermed også burde vere klar over at regelverk og krav varierer mellom land, vel å basere seg på ei amerikansk bok. Eg har nesten lyst til å spörre: kor naiv går det an å bli? Kanskje Bernt Hagtvedt har rett når han seier det går inflasjon i universitet i dette landet. Det kan kanskje faktabruken, eller faktafeiloverflommen, vitne om. Blant anna uttaler forskningsdirektören ...

Ein eig ikkje skam når det kjem til kva ein presterer å servere langs norske turistvegar

Her frå Lavik-Oppedal ved Sognefjorden (ferjekaia på Lavik). Sognefjorden er visstnok ein turistattraksjon. Synd det står skrap som dette langs vegen. Sjekk den stygge skrifta og teksten (verdas beste hamburger). Skulle nesten tru heile oppstillinga her på kaien var ein parodi, men det ser dessverre ut som om dei faktisk er seriöse. Herre gi meg hamburgerstyrke. Les om Georg Arnestads matopplevingar i Solund her.

Debatten om økologisk landbruk

mine argumenter for kvifor økologisk landbruk, mellom anna, på dyrevelferdsfronten, per idag stort sett er ein merkevarebløff, kan du lese her https://twitter.com/anneviken . Det første argumentet ligg sist og så les du deg oppover.