Gå til hovedinnhold

Innlegg

Tine påstår at alle norske melkekyr leverer melk til dei. Det er faktaFAIL. Igjen

Nye kalkyler. I sommar skreiv eg om at Tine bløffar i sin reklame. les sak om det her. No har eg gjort ytterlegare smårekning på Tines bløff om kyr. Tine har vist oss at dei meiner fakta er underordna. Dette demonstrerte dei i sommarens reklamekampanje der dei påstod at alle kyr som melkar for Tine, 242 000 kyr, har rett til minst åtte vekers sommarferie. Dette er de fakto løgn. Ein ting er at lausdriftskyr, altså tretti prosent av alle norske mjølkekyr, ikkje har rett til sommarferie. Ein anna ting er at 21 prosent av desse l ausdriftskyrne (15 082 kyr) står inne året rundt. Det korrekte talet kyr på beite blir dermed 242 000 – 15 082 = i underkant av 227 000. Eit godt avvik frå Tines reklametal på 242 000. Ein annan ting er at 242 000 kyr utgjer alle kyr i heile landet. I følge SSB har vi 239 400 melkekyr i Norge. Ved å påstå at 242 000 kyr levere til dei, hevdar altså Tine at alle norske melkekyr leverer til dei. D ette er sjølvsagt ikkje rett. Ein kvar som har vore...

Jeg flytter!

Jeg skal flytte vekk fra bygda. Jeg skal ta med meg min utdannelse og dra. Jeg kommer ikke til å bli et sekund lenger, skriv Oda Rygh i ein kronikk i Aftenposten. Steinbra kronikk. Bare i bygdene er det forventet at man skal være sosial på tvers av klasseskillene etter ungdomsskolen. Det er ikke naturlig. Det er menneskefiendtlig. Kven har ikkje hørt det? Då ein var liten, sa dei: du er for flink for bygda. Kom deg vekk om du vil noko. Bli ikkje her! Når ein no er vaksen, utdanna og får til det ein driver med, seier dei: vil du noko, kom ikkje tilbake! Les den her.

Pelsdyroppdrettar i Lærdal viser sviktande dømmekraft

Idag har Sogn Avis ei sak der dei har intervjua pelsoppdrettar Olav Haugen i Lærdal, ein av oppdrettarane framvist i filmane vi har fått presentert om grovt mishald av pelsdyr siste dagane. Han seier til avisa: "Bileta av sjuke dyr syner ikkje sanninga. Desse dyra var under behandling og er i dag friske, hevdar Molde." Dette er grovt. Dyra vi såg var dyr med gamle skader. I tilfelle dei var under behandling, var behandlinga for seint igangsett. Dessutan vil eg etterlyse dokumentasjon på at dei var under behandling, kva behandling dei fekk og av kven. Det er sjølvsagt billig å påstå at dei var under behandling, men sant er det neppe. Vidare seier Molde: "- Eg må seie at me kjenner oss som hakkekyllingar. Kvifor er det ingen som snakkar om sau som forsvinn på beite, eller kyllingar som knekk vengene på veg til slakting? undrar Haugen, som hevdar at verksemda han driv er heilt i tråd med det regelverket som regulerer pelsdyroppdrett her i landet." Molde ha...

Forby pels og gjer det no! Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar

Les min kronikk i dagens Aftenposten Ikkje "berre eit dyr" Dette er ikkje dyrevernsekstremisme, men fagleg tung argumentsjon som snart må bli hørt. Om følelsar hos dyr: (for dei som vil benekte at dyr har slike). Det finst mange vitenskaplege def på eksempelvis angst hos dyr. Sjekk feks ut Ian JH Duncan ved Univ of Guelph i Canada. Å ville flykte frå fienden , e r eit eksempel på angst . Eit dyr som ikkje føler angst, ville bli verande og dermed bli spist. Sånn er ein definisjon, eksempelvis. Eit eksempel på pelsdyr med angst, er eit dyr som hoppar rundt i buret. Det prøver å flykte, men kjem seg ikkje lenger enn til burveggen. Altså ser ein at fluktinstinktet er svært sterkt. Ein prøver sjølv om det er ikkje er realiserbart. I hard science kallar ein dette for "primære behov" (feks er det å ville flykte frå ein fiende eit primært behov). Den sekundær følelsen (også omtalt som toutchy-feely av dei som syns det er tullete å sei at dyr har følelsar), ...

Kronikk: Forby pelsdyrhelvetet

Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar, forby pelsdyroppdrett og gjer det no. Siste dagane har vi sett ei rekke groteske bilete frå pelsdyrgardar over heile landet. Det er ingen tvil om at dette er representative bilete, sjølv om ein prøver å tilbakevise biletet som blir skapt av ei uetisk næring i mediene. Veterinærforeningen (DNV) har fleire gonger uttrykt bekymring for utviklinga vi er vitne til, samt pelsbransjen som heilheit. På sine heimesider skriv dei «Veterinærforeningen har siden 2001 vært kritisk til pelsdyrnæringen. Dagens pelsdyrhold er basert på å ha rovdyr i små nettingbur, noe som betyr at dyrene ikke får tilfredsstilt sine naturlige adferdsbehov i tilstrekkelig grad.» DNV ønsker å sette ein stoppar for pelsdyrnæringa utfrå hensyn til dyrs velferd, men DNV blir ikkje høyrt. Snarare blir veterinæranes fagekspertise og bekymringsmeldingar, som burde vege tungt i ei sak som dette, blitt overhøyrt av ei rekke politiske parti i ei årrekke. Kun SV har gått inn for eit f...

Forby pelsdyrnæringa NO! Næringa er uetisk og i seg sjølv eit brot på Lov om dyrevelferd.

For fleire groteske bilder, klikk denne linken hos Nationen. Foto: Nettverk for dyrs frihet og Dyrebeskyttelsen Norge. Norges Veterinæforening vil stoppe pelsdyrnæringa. Les her. Og vil ha tilsynsordning med farmane. Er pelsdyroppdrett eit brot på Lov om dyrevelferd? Ganske sikkert: § 3. Generelt om behandling av dyr        Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger. Brota er openbare og groteske. Vi ser dei igjen og igjen. Forby pelsdyr NO. .