Gå til hovedinnhold

Innlegg

Uganda, eit kort reisebrev

No er bloggen forsømt. Årsak: eg er i Uganda. Uganda er Afrikas perle seier dei. Det er på grunn av naturen. Her har dei Nilen og jungel og gorillaer. Det er dessutan billeg å reise hit, billeg å ete her, leve her, reise rundt her er ganske dyrt i grunn, trygt å bevege seg er det også, her er høner tett i tett stabla i bur langs veien. Etc. Det er eit utviklingsland, men om du vil til Afrika, er det eigentleg ingenting å lure på. Det er berre å reise nedover. Her er palmer og det er veldig digg å sitte ute og høyre på grashopper og hundeglam heile kvelden medan ein drikk kald Nile-øl til 2,50 kroner. Til no, desse siste tre fire dagane, har ein eigentleg berre slappa av og vore rundt i Kampala. Besøkte Makeere universitetet og det var eit svært område. Her hadde dei ein okse med ein halv kalv fastvoksen på ryggen. Altså eit slags misfoster. Det var eit underleg skue. To tvillingar der den eine har endt opp med å bere rundt på den andre resten av livet. Kyrne har ...

Smått ikkje godt

Kvalitet blir ikkje avgjort av «skala». Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 27.november 2010 I Norge snakkar vi mykje om kvalitetane ved småskala produksjon. Vi blir fortalt at småskala landbruk er bra. Dette er langt frå den praktiske sanninga. «Vi blir fortalt at smått er godt», skreiv eg på bloggen min for ei veke sidan. Det gjekk ikkje mange minutta før det tikka inn ei melding frå ein veterinærkollega i felten. Hans meining var klar: «Det må sies at det er INGEN sammenheng mellom små bruk og god dyrevelferd. Mitt inntrykk er at det nesten kan være motsatt.» Ein annan kollega supplerte: «Det er dei store bøndene som oftast har den beste kvaliteten og den beste dyrevelferden». Dei har sjølvsagt rett, men det dei seier strir mot dei norske mytene. Det er på høg tid å slå ihjel litt myter rundt norsk landbruk. Eg tenkte begynne med «småskala» og «tid per dyr». Deltid er ein trussel mot produksjonskvaliteten. Småskala bønder er ofte deltidsbønder....

Nynorsk moralisme

Ein må slutte å sjå på nynorsk som ein sterk identitetsindikator. I ein kronikk i Klassekampen skriv Karen Marie Kvåle Garthus at det er språkleg sjølvtillit som gjer at dei som beheld nynorsk som hovedmål, beheld det. Ein snakkar om at sjølvtilliten har dei kanskje fått med seg frå ein lærar med eit spesielt engasjement. Kvåle Garthus vil det sikkert godt, men å snakke om sjølvtillit i språksaka er ei hensiktslaus form for moralisme som bidreg til å støte folk bort frå nynorsken. Det virker ofte som om målfolket har for liten kjennskap til den praktiske bruken av språket ute i felten. Fokuset er for snevert. Difor moralisme. Når nynorskfolk skal snakke om kvifor folk byter til bokmål, snakkar dei om at a) bokmål er over alt og ein snakkar b) om sjølvtillit. A) er innlysande. Dette er hovedproblemet, men kvar kjem b) frå? Eg kjenner ei mengde folk som har bytt frå nynorsk til bokmål. Dei gjer det rett og slett fordi dei har inga språkleg bevisstheit. Dei er ikkje opptatt av å ha ny...

Stivbeinte reglar for hald av økologiske landbruksdyr, truar dyras velferd.

Samanlikning mellom regelverket i norsk og svensk økologisk regelverk. Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio, eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt. Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Garden er veldriven på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som på mange punkt bygger meir på ideologi enn kunnskap om dyrevelferd. Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite og har vore dårlege i fleire dagar. Ein mistenker at dei lir av parasittangrep. Vekta skrantar. Dei er sløve. Medan bonden fangar kalvar, fortvilar han over regelverket. Han ristar på hovudet. Fordi han er økologisk, får han ikkje lov til å parasittbehandle dyra sine før dyra har fått kliniske symptom på parasit...