Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kvifor blir enkelte bøker gitt ut? Kvifor gir folk ut bøker på små forlag? Og kvifor er så mange baksidetekstar så kjedelege?

Eg les ganske mykje. Eg les ganske variert, unntatt poesi. Det greier eg ikkje. Kanskje fordi poesi går så til dei grader rundt grauten. Ingenting er rett på sak, unntatt Beat-poesien og Stor stygge dikt, boka til Ruth Lillegraven som kom for nokre år tilbake. Dei er rett på sak. Det kan eg like. Når du skriv og skal fange lesaren er det tre moment som må kome i denne rekkefølgen: Handling Dialog Beskrivelsar. Då kan du mekke gode drivande tekstar med trøkk. Dette kan eg like. Den dårlegaste boka eg nokon sinne har lese, den mest meiningslause, svevande pjattete fjortisnivåprega var vel debyboka til Janne Camilla Lyster. Den vart forøvrig brukt som eksempel på kor gale det stod til med norsk samtidslitteratur. Forståeleg. Ei anna bok eg har spekulert ein del på, er Fange 59.Taterpige av Aina Basso, Samlaget 2010. Det var ei bok med totalt flate karakterar i første halvdel. I andre halvdel tek boka seg betrakteleg opp. Denne boka har irritert meg. Kvifor? Fordi den er så ekstr...

Origo.no, ei søppeltønne på nettet./ Det finst mange ord for drittslenging og pisspreik. Nokre kallar det ytringsfridom.

Det er interessant å lese sitata frå Origo.no i Firda 13.januar der Arne Hansen, mellom andre, står fram som rasist med grove og usaklege påstandar om muslimar. Arne Hansen: Origo.no er eit offentleg forum. Du bør tenke deg over kva du seier der. No veit eg for all framtid ar Arne Hansen er ein person som er grov i kjeften, rasisistisk og ein type det er litt synd på. For driten han serverte på nett, kom tilfeldigvis i avisa. Lesarbrev i avisa Firda lørdag lørdag 15.januar 2011. Eg siterer: «MUSLIMAR må aldrig få overta noko ex.bedehus i GAULAR!! Då er det bedre å rive det ned til grunnen. Eller i verste fall brenne det ned. MUSLIMAR betyr som oftast problem! Det har en alt for mange bevis på ,her i landet.» Punkt ein. Bedehuset i Gaular, Heimly på Hjelmeland, er solgt. Det er hyggelig at du vil sende muslimane hit til Bygstad, men eg trur dei fleste muslimar i Førde ville oppfatte det som ganske tungvint og lite hensiktsmessig å ha moskeen sin her. Litt av poenget med å ha den i F...

Kulturelite, kva i hulaste er det for noko?

Kulturelite er eit ord som etterkvart har mista sin betydning. Det er eit ord eg ikkje lenger veit kva betyr, om eg nokon gong har visst det. Det peikar på folk i visse posisjonar, som et viss mat og heng på visse plassar i Oslo iført visse antrekk, visstnok. Eg veit at eg kjenner mange av desse folka. Det er omgangsvenner av meg. Men kven er dei? Eg må spørre likevel. Eg er ein sånn kvasibohem sjølv. Eg vanker på dei same stadane som kultureliten, går i same antrekk, et same type mat, er invitert på Aschehougs hagefest, har blogg, eigen spalte og bokavtaler i abonnement, så og sei. Ja, det er meg. Utdanna frå Universitetet i Oslo: mastergrad check. Kontor på Litteraturhuset. Check. Men seriøst da. Er det status å vere med i kultureliten? Begrepet er utvaska, menneska avkledd. Det er ikkje status å ha ein artikkel i Samtiden. Det er litt sånn tja, jasså ja. Du er treg og konform? Skratt. Tøffe damer søker sprekare utfordringar enn artikkel i Samtiden osv. Keep it basic. Samtiden er...

Sosiale medier er naturleg

Du treng ikkje velge mellom Facebook og fuglesong. Sosiale medier et seg inn i livet ditt, et seg inn i jobben din, et seg inn i hovudet ditt. Til slutt må du berre stikke av, skaffe deg ein hest, bryte ut av samfunnet, rømme til skogs. Sosiale medier er etter deg, over deg, over alt. Og om du ikkje har evne til å ta kontrollen, tek det kontrollen over deg. Eg snakkar om forfattarar som må rømme ut i skogen på hytter utan internettilgang og mobildekning for å makte og gjere ferdig sine manus. Dei greier ikkje logge av på andre måtar. Vi har hørt historiene. Så er dette avhengighet eller er det berre ulike måtar å forhalde seg til ein del av samfunnet på? Samfunnet i dei sosiale mediene? Alle fagfolk liker å spekulere i nye fenomen. Sosiale medier er eit nytt fenomen. Så er sosiale medier farlege tidstjuvar, eller er det berre noko vi blir fortalt? Og kvifor er det så farleg i grunn? Og no snakkar eg ikkje om mobbing på nett, nettmobbing er feil. Eg snakkar om heilt vanleg bruk a...

Farleg sjølvhjelpslitteratur i jpg

Trykk på kommentaren og den blir stor og leseleg.

Og bakom synger skogene

Trygve Gulbranssen er ein mann som hittil har gått meg hus forbi. Eller hus forbi. Eg har visst at bøkene låg der. Eg har kjent til mannen. Eg har berre ikkje lese han. Difor las eg i jula. "Og bakom synger skogene", "Det blåser fra Dauingfjell" og "Ingen vei går utenom". Dette er fantastisk historisk drama med karakterar som eg sjeldan finn makan til. Stive, steile etterkomarar av høvdingætter lever i skogsbygda på garden Bjørndal ein stad på Østlandet seint på 1700-talet. Når dei svarte hingstane frå Bjørndal dundrar gjennom langs vegane mot byen med bjørneskinn, gyser folket i flatbygdene. Det ligg noko mørkt over skogsbygda i nord. Noko skremmande. Det ligg eit mørke over bøkene. Folk lever i spennet mellom liv og død, og begge er alltid tett innpå. Folk blir ryggstukne, dei vert tekne av steinsprang, troll herjar i steinurene og gjenferd ferdast langs vegane. Bjørnar riv hundar og folk i filler, segner og tussar følgjer dei, hestar vert tett av i...

Sjølvhjelpslitteratur gjer deg til ein egoist. Litteratur gjer deg klok.

Denne kommentaren stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 8.januar 2010. Før jul tenkte eg at i 2011 skal eg bli eit betre menneske. Så kva skal ein stakkar gjere. I ein artikkel på Aftenpostens kultursider las eg at eg kan bli egoist, ja ein kunne enda til få lokka fram sin indre psykopat om ein les for mykje sjølvhjelpsbøker. Egoist er eg frå før, psykopat treng eg ikkje bli. Eg vurderte risikoen som ikkje verdt å ta, og på veg bort frå sjølvhjelpshyllene ramla eg over Edvard Hoem. Hoem er ein mann med mykje hår og mykje stemme som skriv mangt og mangfaldig. Blant anna boka Ave Eva. Så kva lærte eg av Ave Eva? Eg lærte at ikkje bør rømme frå kjærast og barn utan å sei frå, samt at odelsretten er ei last som kan ødelegge liv. Neste bok ut var The Glass Castle av Jeannette Walls. Her las eg at foreldre ikkje bør bruke pengane sine på alkohol når dei har fire ungar som treng mat, samt at ein ikkje skal køyre lastebil i mange timar med eit spebarn laust ligg...