Gå til hovedinnhold

Innlegg

Vanvittig omtale av Det glade vanvidd.

"Da jeg ble hodejeger, satt ofte kvinnelige direktører på kontoret mitt og sa at de var på feil hylle i livet. De misfornøyde karrierekvinnene kunne deles i to grupper. Det var de som egentlig ville jobbe med bistand eller noe annet humanitært, (...) og så var det de som ville jobbe med noe kreativt. " skriv Elin Ørjasæter i den nye boka si Det glade vanvidd som kom ut i mars. Eg har lese den, tenkt litt og prøver her å skrive noko smart etter at ein haug med andre bloggarar av store kaliber, blant anna Vox populi , har sagt sitt, så vi sparker i gang ein forvirra bloggpost om Ørjasæters bok. Det glade vanvidd er spekka med påståelige sanningar, humor og glimt frå eit liv i femte gir, eventuelt i fri utan bremer på. Slikt kan vi like. Like langt betre enn forkvakla indremisjonsnaboar som blir rysta over at du abonnerer på Klassekampen. Desse same naboane ville nok miste både vit og forstand om dei las Ørjasæters bok. Eventuelt ikkje. Ørjasæter prater litt til alle leira...

Innlegg om mat på Bonde- og småbrukarlaget sitt 8.mars -møte 2011

 Foredrag frå 8.mars-møtet til Norges Bonde og småbrukarlag i Oslo: Det finst ein ganske talande tittel på norsk landbrukspolitikk idag. Den lyder: Frå Beite til bur. Medan ein i regjeringsplattformen Soria Moria skriv at ein ønsker å auke bruken av beite i Norge, er dette langt frå kva som er praksis. Sanninga er at norsk landbruksproduksjon i stadig større grad vert flytta frå beite til bur. Produksjonen blir flytta frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Produksjonen er flytta frå dyr som blir slept på beite til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar utan tilgang til dagslys. Eg snakkar om kylling, kalkun, verpehøns og gris. Desse dyreslaga, som lever på kraftfor og vatn, vert det produsert stadig meir av i Norge. I 2007 produserte vi i overkant av 56 millionar broilerkyllingar i Norge. I 2009 produserte vi i følge tal frå Statens landbruksforvaltning i underkant av seksti millionar. Produksjonen er aukande. Produksjonen av...

Den nye pelsdyrforskrifta bygger på prinsippet "see no evil"

Eg har gått gjennom forskrifta. Den ligg her og brukar aldri ordet "atferd". Kanskje fordi det er umulig å ivareta pelsdyrs atferd under forholda forskrifta skisserer. Les den her. Det einaste ein har lagt vekt på er observasjon av unormal atferd i paragraf 16: "Syke og skadde dyr og dyr som viser unormal atferd, skal også ha hyppigere tilsyn."   Men der finst vel knapt anna enn unormal atferd i pelsdyrhald. Her står ingenting om at ein skal ivareta dyras naturlege atferd, berre eteatferd i paragraf 17: "Det skal tas hensyn til pelsdyrenes artstypiske eteatferd." Og sidan eg tilfeldigvis har jobba på pelsdyrfarm, veit eg korleis dette blir gjort. Naturleg eteatferd i pelsdyrfarmar, er å fore dyra på nettingetebrett eller oppå buret. Naturleg, anyone?   Blant anna blir det påpeikt at det er ulovleg å stille ut levande pelsdyr, på same tid som at pelsnæringa seier at pelsdyr er like tamme og sosialiserte som andre husdyr. Men kvifor får ein då ikkje stil...

Bruk av humbugmedisin i økologisk landbruk: ein trussel mot dyrevelferden

Interessant artikkel om faren ved å velge alternativ, udokumentert behandling ved sjukdom hos menneske. – Jeg har selv hatt tre kreftpasienter som har dødd av det vi kaller ubehandlet sykdom. Alle var intelligente og kunnskapsrike mennesker, men de valgte å tro på alternative behandlingsformer fremfor helsevesenets tilbud, forteller lege Terje Risberg. Les. Foreldre som forgiftar ungar med naturpreparat. Dette ser ein også på dyr. Alternativ behandling og alternative såkalte naturlige behandlingsformer som endar opp i hestar med alvorleg sinkforgiftning, hestar utan høver og dyr utan behandling. Såkalt ubehandla sjukdom. Likevel anbefaler Debio alternativmedisin som førstevalg ved behandling av økologiske dyr. Useriøst eller useriøst? Reglane finn ein blant anna i veileder B, Utfyllende informasjon om økologisk landbruksproduksjon i . Under punkt 4.7. Sykdomsforebygging og veterinærbehandling , kan ein lese om dyrehelsetiltak. «Naturlige terapeutiske midler og metoder bø...

Ideologi og økologiske kyr.

Spørsmål: kvifor er det ein del veterinærar som konsekvent ikkje et økologisk mat? Tenk på det når de les denne teksten. a) fjern doble karantenetider ved medisinsk behandling av landbruksdyr Alle dialogar og settingar er omskrivne til det ugjenkjennelege, men innhaldet er korrekt. Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio. Eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt. Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Det er ein veldriven gard på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som i stor grad bygger på ideologi heller enn på kunnskap om dyrevelferd. Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite, har vore dårlege i fleire dagar og ein mistenker no at dei lir av parasittangrep. No står...

Ulovleg bruk av fotos på nettet kan gi ekstra inntekter

Økonomitips: fakturer feitt for illegal bruk av fotos. Observerte for eit par år sidan med interesse at avisa Firda hadde ulovleg publisert ein haug av mine fotos. Det er amatøraktig, sjølvsagt ikkje uventa frå Firda si side, men på den andre sida casha eg inn ein del gryn på det. Sende ut ei fin faktura. Hadde også ein gong før sagt frå til dei om ulovleg fotobruk, men det vart ikkje forstått, og dermed gjentatt. Dei skjønte ikkje eingong problemet. Deira sak. Deira penger, no mine penger. Så om nokon stjel bilda dine, send ei feit faktura. Du kan ta tredobbel pris av frilansprisen, utan å blunke. Det er dagens økonomitips. Og det kan vere ganske grei fortjeneste på slikt. Uheldigvis/ heldigvis er dei fleste medier for proffe til å gi deg sjansen til å tjene desse ekstra gryna.