Gå til hovedinnhold

Innlegg

Cutting for Stone: Abraham Verghese / Folkelesnad / Det glade vanvidd - ei tankerekke

Fabelaktig read: Eg les mindre og mindre norske bøker. Av ein eller anna grunn liker eg bedre å lese engelske bøker på engelsk. Du får ein heil aura av storyen ekstra på kjøpet når du les på eit anna språk. Den språklege auraen blir jo klippa vekk når ei bok blir omsett. Ein mister følelse med aksenten og med talemålet. Feks når ein les Sara Stridsberg på svensk. Det er så masse flotte svenske ord som ikkje finst på norsk, og språket og historia får ein anna dimensjon. Same med engelske bøker. Ein beheld ein dimensjon ekstra. Dette liker eg. Cutting for Stone er ein real roman. Ein ambisiøs og stor roman med kompleks handling, mykje reserach ligg til grunn. Ikkje lettvint og kjapt, spent ut på marknaden. Dette er ei skikkelig story, og ei imponerande sådan. Eg begynner å få sansen for bestselgarar, for dette er ein bestselgar. Boka har eit stort medisinsk ordforråd og eit detaljert blikk inn i ein dedikert kirurg sin kvardag i Etiopia og i Bronx. Men det er ikkje i der styrken...

BIff frå Uganda til Europa viste seg å vere eit vanskelig prosjekt

Biff frå Uganda til Europa stod på planen. Eg drog ned for å undersøke kva utfordringar Nortura møtte på vegen mot kjøt med eksportstandard. Norads konsulentar bomma med fleire tiår i si berekning av tidsrammer for prosjektet: kjøt skulle til Europa i løpet av fem år. No er det ikkje realistisk i overskueleg framtid.   Det er ikkje "vond vilje" og "nei til handel" som gjer at vi ikkje importerer kjøt frå Uganda slik mange trur, men dei ekstremt strenge hygienekrava som vert stilt på den europeiske marknaden. Desse krava greier ikkje Uganda innfri. Eksempelvis vil vi ikkje ha kjøt med munn- og klauvsjuke. I Uganda: Anne Viken (tekst og foto), trykt i Nationen 30.april 2011. Top Cut slakteri i Kampala, Uganda, er tomt. Berre eit par menn søv på golvet. På ein bjelke under taket ligg ei notisblokk med oversikta over dagens slakt. Under slaktinga som startar klokka tre om morgonen ligg levande og døande dyr, tarmar og horn på golvet i kramper og bl...

Fylkesordførarkandidatar med svak debattstil. Har dei vore for lenge utan skikkelig konkurranse på argumentasjonsfronten?

I Firda 5.mai har Åge Starheim eit utspel om programfesting av politisk handlekraft. Eg har eit par bemerkningar til reaksjonane frå dei to fylkesordførarkandidatane. "Frp krititiserer i røynda innbygggarane i fylket. Det er faktisk innbyggarane som gjennom valget avgjer samansetjinga av fylkestinget, og politikarane der representerer innbyggarane i Sogn og Fjordane", var Jenny Følling (Sp) sin reaksjon. Følling vrenger seg unna kritikken mot Sp og veltar den over på å gjelde heile Sogn og Fjordane: ho antyder at Starheim meinar at folk flest ikkje veit sitt eige beste. Minuspoeng for dårleg politisk finte og for å rulle skulda over på folk flest for at Følling ikkje greier svare på kritikken mot Sps politikk med anna enn avsporing og spinn. (Spinn er journalistspråk for politikar som ikkje greier å levere ei analyse, og difor kjem med enkle påstandar). Åshild Kjelsnes (Ap) klinkar i andre undersak til: "Skal vi i dette fylket vere stakkarsleggjorde, vi som ligg i...

Smil eller dø, smil og dø, eller berre dø: ulike teoriar om bygdeutvikling.

Deler av denne teksten er sensurert, og den er i bunn og grunn ein fake. «Har du Georg som psykologhjelpar eller går det på fylkeskommunen sitt budsjett, det og? De er nokre knakar, vi tek dykk snart,» skreiv ein kar frå Nordfjord til meg på Facebook. Eg vart litt paff. Eg vert alltid litt paff når folk viser, skriftleg og lett dokumenterbart, at dei manglar eit eller anna vesentleg i toppboksen. Du sender nemleg ikkje slike meldingar om du er retteleg klok, men heldigvis, får ein sei, er ikkje alle retteleg kloke. Då hadde vi jo ikkje hatt nokon grunn til å sparke nedover. Georg er Georg Arnestad. Han er forskar ved høgskulen i Sogndal, og det går ikkje an å skrive ei bok om Vestlandet utan å skrive om Arnestad. Mitt bekjentskap med Arnestad starta med at han meinte eg var litt bortinatta, iallefall ikkje den skarpaste kniven i den berømte skuffa. Etterkvart har han strekt seg så langt som å poste ein del av mine bloggpostar på Facebook-wallen sin med kommentarar av typen «Har An...

Sexolog Margrete Wiede Aasland forsvarer menn som voldtek damer som har tatt han på pikken. Det er eit sjukt menneskesyn, og eit gufs frå fortida.

Det er min korte kommentar til den såkalte "sexologen" Margrete Wiede Aasland som idag står fram i NRK og forvarar menn som voltek kvinner. Ho meiner at menn er skapningar på nivå med ein bavian.  Menn bør føle seg støtt. Alle som meiner det er ok for ein mann å voldta ei kvinne som har tatt han på pikken, rett opp ei hand! Stå fram med fulle namn. Margrete Wiede Aasland er ute av skapet med haldningar som gufsar frå fortida. Les om damas gammalmannshaldningar til kvinner her. Vi bør sei nei til valdtekt, folk må få lov å sei stopp elller ombestemme seg. Ein mann skal lytte til kva ei kvinne seier, og om han ikkje maktar det, er han ingen mann. Ein mann som MÅ pule fordi nokon har tatt han på pikken, er ikkje eit skikkelig mannfolk. Vi lever i år 2011, og vi er ikkje bavianer, og vi forventar ikkje bavianåtferd. Dei menn som ønsker å te seg som bavianer, ligg unna damer. Vi vil ha gode elskarar, ikkje menn utan peniskontroll. Forstått? .

Pels: Anten må næringa tåle at vi meiner noko om dei, ellers må dei gi avkall på statsstøtte og trekke seg ut av Norge

Farleg pelsdebatt Når Unge Høgre no har gått inn for å kutte statsstøtta til pels med støtte frå mange fylkeslag, er det i tråd med pelsnæringas eigen argumentasjon. Når næringa ikkje tåler allmennheitas syn på pels, kan dei heller ikkje kreve økonomisk støtte frå denne. I debatten rundt pels denne våren har pelsdyroppdrettarane valgt ein interessant strategi: dei beskuldar i medieoppslag etter medieoppslag ein kvar kritikar av næringa for å vere kompetanselause. Politikarar, veterinærar, menigmann. Alle manglar, ifølge pelsforkjemparane kompetansen til å uttale seg om pels. Men pelsbøndene gløymer at dei er del av eit demokratisk samfunn som har legitim rett til å meine noko om pels. Pelsdyroppdrettarane må forhalde seg til samfunnet, ikkje avvise det som kompetanselaust. Det er i avvisninga av pelsdyrmotstandarane som kunnskapslause at den virkelig kompetanseløysa ligg. «Ap-politikarane som røysta for å avvikle pelsdyroppdrett let seg styre av aksjonistar og media, og veit ik...

Eventyr eller bissniss? Nortura og Norad drog til Uganda for å starte kjøteksport til Europa. Eg drog etter. Les reportasjen i Nationen 30.april

Ein møter enorme utfordringar i Afrika. For det meste knytt til kvaliteteskrava Europa stiller til kjøt. Barrierane er store. Her: transport. Kyr på veg til slaktehuset i Kampala frå den lokale marknaden.  Telefonfarmer: bissniss i Kampala, bonde i helga.  Slaktebil på veg til Kampala. Fullasta av folk og kyr. Korrupsjon er vanleg. Munn og klauvsjuke endemisk. Veterinærane som snakkar om dyrevelferd vert jaga og politimelde. Er dette eit land som kan produsere mat for Europa i løpet av få år? Top Cuts slakteri i Kampala får hjelp i form av opplæring frå Nortura. Dei slaktar halal utan bedøving med manchete. Er dette mulig å endre? Det må endrast om kjøtet skal til Europa. Europa har verdas tøffaste krav til importert kjøt både når det kjem til slakterihygiene, helse i populasjonen og slaktemetode. Det er ein grunn til at MUL-land ikkje greier levere kvotene sine: dei kjem ikkje forbi kvalitetskrava.  Klauver er ei delikatesse. Kvar og ein eigar av ku følger dyr...