Gå til hovedinnhold

Innlegg

Difor blir eg ikkje bonde

Kronikken hos Aftenposten. Du kan også lese langversjon av kronikken her. Her er det med internasjonale perspektiv. Om du lurer på kvifor vi ikkje importerer kjøt frå Uganda, kan du også sjekke ut kva slags utfordringar Uganda står overfor i møte med EUs marknad. Det tikker inn tilbakemeldingar, og kronikken er no delt av 3349 personar på Facebook. Talet stig stadig, og var tidlegare idag 3200. Dette er ei viktig sak, og det er svært mange som kjenner seg att i framstillinga. Nokre ønsker også å fornekte at dette er tilfelle, men det som er interessant å merke seg: virkelighetsbeskrivelsen har støtte i fagmiljø og i breie lag også ellers. Eg har begynt og tenke på om ein bør ha eit manifest for ein ny landbruksretorikk. Om folket vil ha papp, lat dei få papp. Norske bønder har ikkje ansvar verken for å dyrke jorda, produsere mat eller halde kulturlandskapet ope så lenge dei ikkje kan heve ei skikkeleg løn. Det er på tide å fri folk frå retoriske og moralske lenker. Retorikk de...

Takk for masse tilbakemeldingar på kronikken i Aftenposten!

Det hagler inn tilbakemeldinger på kronikken "Difor blir eg ikkje bonde" i dagens Aftenposten. Det viser at dette er ei viktig sak! Merk dykk, de som er bekymra for at eg skal ta innover meg kommentarfeltet under kronikken: eg les aldri sånt spam, så det er ingenting å vere redde for;) Spam er av og for spammarane sjølv, og angår ingen andre:) Kronikken ligg her. Spre kronikken. Ein kan ikkje lenger akseptere elendige arbeidsforhold. Vi er mange, vi er kompetansesterke og vi tenker nytt. Framtida skal ikkje tilhøyre ein mobb av kravstore skrikarungar som konsekvenslaust ropar på billeg mat. Den må vere bygde på kompetansekapital. .

Les min kronikk lørdag 28.mai i Aftenposten

Difor blir eg ikkje bonde. Les den og spre den! Dette er viktig. Kronikken ligg her. Og kom gjerne på debatt på Lillehammer Kunstmuseum klokka 19 lørdag, litteraturfestivalen. By og land -hand i hand Etter fem dager med Byen i fokus spør vi om det i Norge virkelig er sterke motsetninger mellom by og bygd? Handler by-/land debatten om definisjon av hvor makta sitter, eller avmakta? Dersom det gode liv er på landet, hvorfor flytter stadig flere av oss til byer? Og hvorfor drømmer små tettsteder om bystatus? Skal vi en gang for alle avlive myt... Etter fem dager med Byen i fokus spør vi om det i Norge virkelig er sterke motsetninger mellom by og bygd? Handler by-/land debatten om definisjon av hvor makta sitter, eller avmakta? Dersom det gode liv er på landet, hvorfor flytter stadig flere av oss til byer? Og hvorfor drømmer små tettsteder om bystatus? Skal vi en gang for alle avlive myten om by/land-konflikten? I panelet sitter blant andre Anne Viken , journalist og b...

På tide å påkalle elitisme i landbruksdebatten

Kor mange litteraturanmeldere og forfattere er det som må lære sine lesarar å lese før dei kan diskutere med dei? Neppe så mange. Men på det nivået er vi altså i debatten rundt landbruk og matproduksjon. Det er i grunn ein parodi på ein debatt der lekmenn fornekter fakta og fagfolk blir sett på som propagandafolk. Det er underlig og det er til slutt folk sjølv dette vil slå tilbake på. Demokratisk debatt er ein ting. Kompetansebasert demokratisk debatt er noko ganske anna, og dette har vi ikkje rundt matproduksjon per idag.

Total makeover for afrikabiff

Biff frå Uganda er eit vestleg eksperiment. Desember 2010. Eg har reist til MUL-landet Uganda for å besøke UMPCU (The Uganda Meat Producers Cooperative Union) der Nortura og Norad er involvert i å utvikle ein ugandisk kjøteksporterande industri. Målet for eksporten er den europeiske marknaden. Denne artikkelen stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 21.mai 2011. Les også: reportasjen frå Uganda om slakteriprosjektet. Som MUL-land (Minst Utvikla Land) har Uganda toll- og kvotefri adgang for kjøt til Europa, men i 2010 kom under ein halv prosent av den totalte importen til Norge frå nulltolland. (Det finst 64 nulltolland). Mange spør seg kvifor vi då ikkje importerer kjøt derifrå. Dei snakkar om manglande vilje til import frå fattige land, men dette er langt frå heile sanninga. Skal Uganda eksportere, må Uganda tilpasse sin standard til Europas, standarder for import. Nokre meiner at våre standarder er handelshindringar, andre meiner dei hjelp oss halde oppe trygg matk...

Bildens orientalisme

Kaare Bildens kronikk er eit gufs frå fortida. Ein orientalisme i synet på utviklingsland som høflige leverandørar, ventande ved døra på at vi skal importere deira kjøt. Det er underlig, at vi i 2011 må lese ein slik kronikk, det kjem til og med ei heil bok om tema. Slik går det når teori fjernes frå praksis, og når utviklingsland blir betrakta som stakkarar ved vår dørstokk. For utviklingsland satsar ikkje berre på rolla som råvareproduksjon, slik Bilden virkar tru. Landbruk er ikkje den næringa som får folk flest ut av fattigdom. Vi veit at i ei rekke utviklingsland forlet folk landsbygda, og ein har dei same sentraliseringstrendane som det vi ser i Norge. Vi veit også at mange utviklingsland evnar å skape andre produkt enn råvarer. Vi veit også at ingen økonomi har kome seg ut av fattigdom som råvareprodusent. Formelen Bilden legg fram, er eit gufs frå fortida. Idag er det ein attraktiv tanke for ei rekke utviklingsland å eksportere til Vesten. Betre prisar, st...