Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kva med å gjere sidemål til valgfag? Skal sidemål bort for bokmålselevar, må det bort også for dei som skriv nynorsk som hovedmål.

Om ein skal argumentere for og fjerne sidemålsstilen for bokmålselevar, må ein også fjerne sidemålsstilen for nynorskelevar. Skulebyråden i Oslo vil gjere den skriftlege delen av sidemål valgfritt. Les saken. Sitat: "Men nynorskforkjemperne i Noregs Mållag karakteriserer utspillet som ren populisme. - Skolebyråden vet at dette er i strid med lærerplanen. Det står det at elevene skal lære å lese og skrive nynorsk. Da kan det ikke være valgfrihet i et enkelt fylke. Dette vet Høyre og Torger Ødegaard godt. Dette er derfor politisk propaganda i forkant av et valg, sier leder i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård." Det kan vere lurt og tenke over dette: treng elevar läre både nynorsk og bokmål i grunn? Vi har ei rekke andre fag som er like viktige som språk, og når det uansett viser seg at tjue prosent av elevar har så dårlege skriveferdigheter i norsk at dei har tröbbel med og kome seg vidare i arbeidslivet etter ti år, TI ÅR, i skulen, så kan ein jo spörre seg om all norsku...

Rovdyrpolitikk og fanteri: kor mange rovdyr blir ikkje rapportert inn fordi ein önsker å halde bestandstala kunstig låge, eller fordi folk ikkje vågar, fordi dei uansett berre får höyre at dei lyg?

Norsk rovdyrdebatt er heilt på jordet, i stor grad overlaten til føleri og synsing. Denne kronikken stod på trykk i Klassekampen 27.juli 2009, by me. Les også reportasje om då björnen slo til på Viksdalen i Sunnfjord, publisert i Dag og Tid, 2008 og Klassekampen 2009. Side ein, side to , side tre . Aktualitetslink: Rovdata seier at det ikkje finst jerv i Sogn og Fjordane . Dette er tull. Eg såg sjölv jerv i vår, og vi veit at mykje rovdyr blir observert, men ikkje innrapportert fordi folk får beskjed om at dei har sett feil, eller at dei ikkje har sett noko, når dei seier frå. Er rovdyrforvaltninga opptatt av å halde bestandstala så låge som mulig? Slik at dei kan före ein strengast mulig rovdyrpolitikk med tanke på vern? Ein begynner jo å lure når ein veit at det bevisst blir underrapportert. Annar Holm skriv på lesarbrevplass i Klassekampen torsdag 23. juli at det er desinformasjon å påstå at en av femten sauer dør på utmarksbeite på grunn av rovdyr. Han om det. Konspirasjon...

Om å bruke seg sjölv i kommentarar og kronikkar

Höyr sendinga frå Dagsnytt 18 mandag, 48,5 minutt ut i sendinga snakkar Knut Olav Åmås frå Aftenposten om "Difor blir eg ikkje bonde". Det er snakk om personlege fakta som er politisk relevante for å belyse ei politisk sak eller ein kulturell prosess, blant anna, seier Åmås. Det er ein måte å löfte tunge, store og viktige debattar i samfunnet på. Om "Difor blir eg ikkje bonde" seier Åmås: Denne kronikken delte tusenvis på Facebook, og titusenvis las den på nett. Delvis var det fordi den var velskreven, delvis fordi eg brukte det personlege frå eige liv. (Takk for det:) "Det er viktig å konkretisere og bringe ned på bakken store, og gjere store debattar tilgjengelege for folk. Å vere personleg, sakleg og relevant for ei sak." Dette er eg sjölv veldig opptatt av: gjere ting tilgjengeleg. "Ein kan også skrive personleg utan å skrive frå sitt eige liv," seier Åmås. "Det handlar om å bringe ned på jorda, perspektivisere og tilgjengelegg...

Eg drog til Sverige for å arbeide som veterinær. Dårlegare lønn men meir erfaring, billeg frisør men elendig utvalg på matvarebutikken.

Kor mange nordmenn er det i grunn som hadde akseptert å arbeide for utenlandske lønningar? Likevel ønsker vi oss utenlandske prisar. Kvar er den kompetansebaserte analysen og refleksjonen? Er ikkje Norge eit høgt utdanna folk? Reiser vi ikkje meir enn før, eller er det berre helgefarting til storbyar? Eg lurer av og til litt på det. Debatten bør reflektere kunnskapsnivået i befolkningen, og i denne saka virker det vere skremmande lågt. Det vil til sjuande og sist slå tilbake på forbrukar sjølv. Vi kan gjerne more oss med saker i media om kor billeg det er i Sverige, men det blir litt mindre gøy den dagen prisane er doble av dagens nivå. Etter at eg var ferdig på veterinærhøgskulen, reiste eg til Sverige for å arbeide som veterinær. Det er i grunnen litt teit. For meg som dyrlege, er utsiktene til å tjene ganske bra her i Norge, gode. Derimot, om eg reiser til Sverige, så må eg, med min ansinitet, ganske kraftig ned i lønn. Likevel reiste eg over grensa. Interessen for å lære og få...

Difor blir eg ikkje bonde

Kronikken hos Aftenposten. Du kan også lese langversjon av kronikken her. Her er det med internasjonale perspektiv. Om du lurer på kvifor vi ikkje importerer kjøt frå Uganda, kan du også sjekke ut kva slags utfordringar Uganda står overfor i møte med EUs marknad. Det tikker inn tilbakemeldingar, og kronikken er no delt av 3349 personar på Facebook. Talet stig stadig, og var tidlegare idag 3200. Dette er ei viktig sak, og det er svært mange som kjenner seg att i framstillinga. Nokre ønsker også å fornekte at dette er tilfelle, men det som er interessant å merke seg: virkelighetsbeskrivelsen har støtte i fagmiljø og i breie lag også ellers. Eg har begynt og tenke på om ein bør ha eit manifest for ein ny landbruksretorikk. Om folket vil ha papp, lat dei få papp. Norske bønder har ikkje ansvar verken for å dyrke jorda, produsere mat eller halde kulturlandskapet ope så lenge dei ikkje kan heve ei skikkeleg løn. Det er på tide å fri folk frå retoriske og moralske lenker. Retorikk de...

Takk for masse tilbakemeldingar på kronikken i Aftenposten!

Det hagler inn tilbakemeldinger på kronikken "Difor blir eg ikkje bonde" i dagens Aftenposten. Det viser at dette er ei viktig sak! Merk dykk, de som er bekymra for at eg skal ta innover meg kommentarfeltet under kronikken: eg les aldri sånt spam, så det er ingenting å vere redde for;) Spam er av og for spammarane sjølv, og angår ingen andre:) Kronikken ligg her. Spre kronikken. Ein kan ikkje lenger akseptere elendige arbeidsforhold. Vi er mange, vi er kompetansesterke og vi tenker nytt. Framtida skal ikkje tilhøyre ein mobb av kravstore skrikarungar som konsekvenslaust ropar på billeg mat. Den må vere bygde på kompetansekapital. .